tirsdag, desember 05, 2006

TV kveld på huset.

Eg har jobba med engelen min i heile dag,men er fortsatt ikkje ferdige. Eg laga først vengene i tre,men så vart eg ikkje heilt fornøgde med dei,så nå er dei i metall. Det var ikkje lett å klippe ut venger i metal med tang. Eg trur eg brukte ein time på det,og vondt i neven fekk eg og. Ja ja,må tåla såpass. Fekk ikkje gjort han ferdige for eg fann ikkje liten nok skrue eller spiker til å feste vengene med. Eg får spørre lærar Lars i mårå. I kveld er det kosekveld på tvståvå her på huset. Nå har me sett "jakten på kjærligheten" og spist brownies.Om ei stund så er det Greys og CSI. Tysdagen e ganske kjekke sånn. Og i mårå kveld skal eg heim,men først er det julebord med klassen. Det blir sikkert kjekt. Me skal ha spekemat,og eg skal lage potetsalat. Skal tilogmed ha kjole på meg.............



Me har ikkje snø enno, så då får dette biletet vere ei påminning om korleis snømennene kan ha det,he he. Eg syntes denne var ganske løyen:)

Nå er det faktisk berre 19 dagar igjen til jul,og eg gler meg nåke fantastisk møkje:):):)

Ingen kommentarer: