søndag, mai 13, 2007

Det kunne gått verre...

Fredagen starta med melding fra ei venninne som lurte på om eg var heime, og det var eg jo faktisk. Ho ville komme på føremiddagsbesøk, og me kosa oss på terrassen i sola, i fleire timar.

Etter at ho var gått skulle eg levere tilbake 2 egg eg hadde lånt av eine naboen. Eg trur jo at eg fortsatt er 15 år, og spretten som ein fole, men bildet over er eit bevis på at eg ikkje er det.....Mellom oss og naboen er det ein skråning som skal bli eit blomebed, men nå er det berre stein, og der gjekk eg ned. Det gjekk heilt fint til eg skulle ta eit elegant hopp ned fra ein stein, men det var ikkje særleg elegant der eg i lause sandaler tråkka skeivt og trynte i bakken. Au, J..%# F...#§?&% ankel, det gjorde skrekkeleg vondt i ankelen min. Eg hinka meg inn og fant is og la på. Så sat eg der med vond, hoven ankel, og såg for meg, meg hinkande oppover kyrkje golvet den 23 juni.... Pessemisten i meg hadde eit godt overtak ei stund, men etter å ha kjend godt etter ei stund, så tenkte eg med meg sjølv: Hilde, du knakk ankelen i fjor vår, du kan ikkje ha gjort det nå igjen, ta det med ro, det ordne seg for snille jenter. Så når foten vart halden i ro ei stund så vart det bedre.
Me har vore i konfirmasjon i dag også, og det har gått fint. Ankelen er fortsatt hoven, og det ser ut som eg skal få det største blåmerke eg nokon gong har hatt. Men som sagt; det kunne gått verre!

Her kjem fleire blomebilder. Desse rosa og kvite blomane ville absolutt vere med meg heim, eg trur faktisk dei sneik seg oppi posen heilt av seg sjølv.

Eg hugsar ikkje kva dei heiter, men dei skal få bu i ein sinkbalje ute på terrassen.


Siden det var helg fekk eg pynte litt inne også, så der vart det ein calla og nokre grøne strå i ein liggande vase.



Bildet er fra interiørbladet ROM 1 2 3. Hadde eg hatt 20 000 til overs, så var det denne eg skulle kjøpt meg.
Eg kan berre sånn sjå meg sjølv sitje inni denne. *meg vil ha*




Til min store overraskelse så hadde eg fått ei utfordring av Mor Grethe, der eg skulle skrive om parfymen eg bruker. Det var ei enkel utfordring,hehe. Eg er særs vanskeleg når det gjeld parfyme. Det som luktar nydeleg godt på andre, det luktar rett og slett kattepiss på meg.....
Parfymen eg brukar , og har brukt i mange år er " Shalimar" fra Guerlain. Det lukter godt på meg, nesten litt karamellvanilje aktig. Eg er stadig på jakt etter ny parfyme, men det er ikkje enkelt. Det hadde vore kjekt å kunne veksle litt mellom fleire, så eg er stadig optimist, og ein dag...... Eg sender utfordringa videre til Mmmalin,9na og RedRobin:o)





torsdag, mai 10, 2007

Heime:)

I dag tidleg når eg skulle gå på skulen, låg denne pusen utanfor døra. Litt bortforbi sto ein hannkatt og vakta på henne, og eg lokka jo sjølvsagt, puspuspus. Vanlegvis plar ikkje framande kattar komme når eg lokkar, men ho her hoppa rett opp i fanget mitt og mol i vei. Det var ein god start på dagen:)
Eg fekk levert arkitektur oppgåva i dag, så då pakka eg i bilen, og satte nasen vestover. Veret vart finare og finare til lengre vest eg kom, og midt oppå fjellet vart eg stande i kø i vel ein time, grunna arbeid i ein tunnel. Eg hadde ikkje noko som hasta, så då sat eg der og glodde ut vinduet og høyrde på musikk.


Her er eit bilde tatt medan eg kjøre. Som de ser er det fortsatt litt snø igjen på fjellet. Kjekt for dei som likar det....

Vel heime igjen,men til nesten tomt hus, berre Rasmus pusen sto klar når eg kom:) Min kjære er i heimevernet denne veka, og Marie er hos faren, men dei kjem i morgon. Siden eg er eindel vekke får ikkje plantene så ofte vatn med det resultat at Hoya`en eller porselensblomen som han også vert kalla, bløme for harde livet. (bilde oppforbi)


Eg likar best grøne planter, og denne kjøpte eg i dag. Den har masse små blader på luftige stenglar.



To rosa pelargoniar eller prinsar som me seier, vart også med meg heim. Dei skal få bu i kvar si potte på terrasseveggen. Eg likar rosa blomar ute om sommaren.




Dette stativet likar eg godt, men det skal få seg nokre andre fat. Nam Nam Pink Lady epler er knallgoe.





Eple er også eit flott motiv.






Litt pynt utanfor inngangsdøra,men nå må eg stikke.
24 startar i kveld, og eg MÅ sjå den serien.







onsdag, mai 09, 2007

Naturbilder, og snart helg....

Og vips, så var eg midt i denne veka. Eg skulle ta nokre bilder til ei oppgåve i dag, så då vart det tatt litt natur bilder også. Det øverste dedikerer eg til eldste datter mi Malin. Ho er hysterisk redd for edderkoppar, men eg synest dei er ganske fascinerande å sjå på. Denne kosar seg inni ein kvitveis eg traff på min veg heim fra skulen i ettermiddag.

Blåe blomar ute i naturen er ganske flott. Eg kjem ikkje på kva denne heiter, men den veks heime også.


Heggen bløme for fullt her i Notodden, og den er overalt der den kan vekse.

Furutre i froskeperspektiv.



På skulevegen min går eg forbi eit flott gardstun med skigard rundt.




På søndag var me i Stavanger, i konfirmasjon. Før me reiste heim var me innom Svein og Malin for å sjå den nye leiligheten til Svein. Egentleg ville eg berre helse på Melvin,hehe. Det er han det er bilde av her. Han var ein liten(men blir svær) luring som gøymde seg under senga når me kom. Han ville absolutt ikkje helse på oss. Svein måtte til slutt løfte vekk senga for å få han fram.
Han var litt skeptisk til å begynne med, men me kom nå på talefot, og skal nok bli gode venner.
Han er ein skikkeleg skjønn ramp:)
Etter Stavangerturen kjørte eg opp til Notodden, og var framme i halv 2 tida om natta, urgh, eg var trøtt. Elles har det vore travelt med siste oppgåva, og den er eg ferdig med i kveld, og skal levere i morgon.Så då kan det hende eg kjører heim i morgon kveld, og fryd og glede, eg skal ha fri heile neste veke. *gler seg*
Så må alle mine bloggvenner ha ein fin onsdagskveld:o)





lørdag, mai 05, 2007

Bytur

Siden det var laurdag og eg og Marie var heime aleine tok me oss ein tur til by`n. Eg hadde litt forskjellige ting eg måtte ordne, deriblant å levere symaskina til service. Stakkar, eg har hatt na i mange år og ho har ikkje fått anna stell enn litt olje iblant. Så nå fekk eg ta meg isaman og levere henne inn. Eg tenkte det kunne passe nå siden eg vert på skulen heile neste veke. Eg fann meg tre stoff også medan eg var inne i butikken, kjekt å ha. ( eg har stoff nok for resten av levetida mi, oppe på syrommet) Eg samle på stoff,hehe:)
Etterpå kjørte me bort på Amanda senteret fordi eg skulle til linsekontroll. Der fekk eg litt kjeft fordi eg har gått med linsene for lenge, jaja, eg tek det ikkje så tungt så lenge eg ser med linsene...men nå er nye bestillt, så då så.
Så då gjekk eg og Marie rundt å dilla litt, og fann nokre små ting som, sminke, undertøy, sko og toppar. Så då var ho ganske fornøgd:)

Eg samlar på englar, og vil vise fram dei som er rundt om i huset heile året.

Denne har eg hatt i mange år, og han heng på soverommet over eit speil.

Desse søte englane som kviskre hemmligheter, fekk eg til jul av dotter mi Malin. Dei står på nattbordet mitt.


Desse to er eg veldig glad i. Dei kjøpte eg av ei keramikar dame på ei julemesse for mange år siden. Eg synest dei har eit så skjønt utrykk.



Dette er kjøkkenengelen min.





Denne raringen sydde eg for mange år siden da eg gjekk på eit englekurs med Kari Melsom. Han heng i gangen utanfor dodøra.




Denne er stor og søt og sitter i vinduskarmen ved spisebordet.






Denne lille runde tjukke fekk eg til sist jul av Malin.







Denne er bitteliten, kanskje 4 cm høg, og han sitter på hylla over omnen.
Så dette var englesamlinga mi, men eg har ein med meg på hybelen , og den fekk eg til bursdagen av Marie for nokre år siden. Eg har mange fleire englar, men dei får berre komme fram til jul:)
I kveld hadde eg tenkt at me skulle ha reker, men så var det utseld, så då vart det krabbe i staden for. Det er jo godt det også.
I morgon skal me i konfirmasjon til Lina i Stavanger, og eg har gløymt å kjøpe kort så det må eg lage i kveld, typisk meg å gløyme sånt, men, men.
Då må dåke ha ei flott helg, det som er igjen av ho;o)








torsdag, mai 03, 2007

I`m back....

Så der var eg endeleg tilbake igjen. I dag hadde eg eksamen i kunst og formkultur, og det er fantastisk å vere ferdig. Oppgåva var grei nok, og eg trur det eg leverte var greitt nok, så då så...
Det er nå måte på kor mykje ein kan klare å skrive på fire timar. Etter at eg var ferdig så heiv eg meg i bilen og freste over fjellet, og vips så var eg heime igjen. Eg likar godt å kjøre bil aleine, då er det full musikk og eg skrålar med av full hals. Det var lite trafikk i dag så då kunne eg halde god fart heile vegen.



Her er då mine nye sko. Eksamenspresang til meg sjølv:)
Desse har eg faktisk tenkt å gifte meg i. Det er kanskje litt høg hæl, men dei var veldig gode å gå i, så då prøve eg på det,tjihi. Gullsko da gitt:)

Dagens hurra for:

- Ferdig med eksamen.
- Nye sko.
- Helg.
- Blogging.
- Sol og varmt.
-Alle som legg igjen helsing på bloggen:)

Ha ein fantastisk fin torsdagskveld alle som er innom:o)

fredag, april 27, 2007

Siden eg ikkje har noko spennande nytt å vise fram, blir det eit bilde av eine orkidea mi:)

Det blir nok ikkje så veldig mykje blogging med meg i dagane framover. Eg kom heim i går kveld, og må bruke dagane til å lese til kunsthistorie eksamen 3 mai.
Eg har også fått streng beskjed av min tilkommende om at blogging først er tillatt etter 3 timar med intensiv lesing... Plutseleg så skulle han bli såååå streng,hehe.

Eg har vore innom å kikka på kva de har skrevet, men eg hadde ikkje tid til å legge igjen kommentar nå. Eg må jo halde meg oppdatert....
Tusen takk for at de skriv så koselege kommentarar til meg:)

Ha ei fantastisk fin helg alle saman:o)

onsdag, april 25, 2007

"Pusetorget"

Her i byen er det laga til eit lite byrom som har fått namnet "Pusetorget". Læraren min Eldbjørg er veldig glad i kattar, og for nokre år siden døde den eine katten hennar. Ho og venninnene hennar skulle lage eit "minnesmerke" for katten, og arrangerte då loppemarked. Av overskotet vart det kjøpt ein katte skulptur som skulle setjast opp på torget som fekk namnet"Pusetorget".
Det er nå komen tre skulpturar utanfor Felicia kafè der torget er.På det øverste bildet er den skulpturen som kom opp i haust. Det er to kattar som lekar seg med sommerfuglar og svinger seg etter vinden, oppe på hustaket. Denne er laga av Steinar Klasbu som jobbar på høgskulen.


Dette er den første skulpturen som kom på plass. Ei pusemamma som passar godt på ongen sin mellom beina.


Denne skulpturen synest eg er heilt nydeleg. Pusekattane blir heilt sikkert englar når dei døyr, dei også.

Loppemarkedet vert arrangert i hagen til læraren min kvart år, siste lørdagen i august. Dette er eit kjempetriveleg tiltak for å lage det fint her i byen, og for å hedre katten. Det fortener alle pusekattar:)



søndag, april 22, 2007

Sommerminner

I fjor sommar kom Rasmus pusen til oss. Her er han liten og søt, ca 2 mnd. Han hadde ein forkjærlighet for sko, han og......

Ein tidleg morgon med blikkstille Skjoldafjord.
Eg lengtar etter sommaren når eg ser korleis det var i fjor.

På besøk på hytta til nokre venner. Utsikt til Hervikfjorden, med Borgøy i bakgrunnen.


Vesle Henny var på overnattingsbesøk hos oss, og ho ville bade i varmen. Då tar me det me har...Henny var storfornøgd, men Rasmus ville ho ikkje ha med.



Stakittgjerde og skjønne roser på Jelsa.
Me var med søster mi og svogeren min på båttur til Jelsa ein søndag i fjor sommar. Det er ein nydeleg liten plass med små kvite hus. Nesten litt sørlandsidyll.




Jelsa.

Marie i bølgene på badestranda i Juelsminde i Danmark. Ein fantastisk koseleg liten by.
Dette var litt av mine sommerminner. Eg fekk ideen til å vise bildene på Anniche sin blogg.
Så nå er det berre å glede seg til ein fin sommer, for det skal det bli i år, så sånn er det.
Her piskar regnet mot rutene, men eg fyrer i omnen og koser meg inne. Det er stille og roleg, Kenneth har ikkje sått opp ennå, og Bent er ikkje komt heim fra Hovden, men dei er visst på veg.
Gler meg til han kjem heim slik at eg får snakke litt med han før eg må reise tilbake til Notodden.
I går kveld sat eg med skuleoppgåver til langt på natt. Skal lage 4 undervisningsopplegg i arkitektur, 2 til småskulen og 2 til ungdomskulen. Me skal prøve ut ei bok som skal gis ut av Husbanken. Bolig og næmiljø, En lærebok i arkitektur for grunnskolen. Ei ganske kjekk bok som er inndelt i temaene; Menneskekroppen og arkitekturen, Sansane, Rot og ryddighet, og Bolig og nærmiljø.
Så det putla eg med i går, og når eg la meg fekk eg ikkje sove før det var nesten morgon, men, men, sova kan me gjere når me vert gamle.....





lørdag, april 21, 2007

Litt shopping...

Her er litt av det eg handla i dag på byturen. Det er ikkje så ofte eg er ute på dill, men det er jo ganske kjekt:) Room 4 more er ein koseleg butikk her i nærleiken, der er alt dill og dall ein kan tenke seg. Eg kjøpte meg desse søte små trehjertene, lita mugge og ei såpe fra Lene Bjerre som duftar heilt nydeleg.


På ein annan butikk fann eg desse søte boksane til å ha litt småtteri i. Eg er forferdeleg glad i boksar og skrin med lokk på:)

Fine band til vesker. Eg skal sy vesker i svart fløyel, og då passar desse bra.


Litt meir garn til lubber måtte eg også ha.



Fargerik lunch på meg i dag:)




SOL

Sol står det i overskrifta, men det var ikkje mykje sol når eg kom heim sein på fredagskvelden, då snødde det, SNØDDE. Det var kolonnekjøring og snøstorm over Haukelifjell så eg var vel 1.5 t seinare heime enn eg skulle. Litt kjedeleg, men eg kom vel heim, og det er det viktigaste.

Eg er nesten aleine heime denne helga. Bent jobba heimefra på fredage siden han skulle til Hovden med volleyballguttane på hyttetur om ettermiddagen. Marie vart med faren sin ned til Hommersåk for å besøke tanten, onkelen og to søskenbarn der. Kenneth ville ikkje vere med, så han er her hos meg, eller rettare sagt han sover her, og så er han på jentebesøk resten av tida....
Rasmus pusen har eg jo her, og han er det mykje selskap i, når han er inne....
I natt kraup han opp i senga til meg, og der låg han så fint i fotenden. Vanlegvis skal han ut i 5 tida på morgonen, men i dag sov både eg og han til kl 9....Herleg.

I dag skin sola så fint innover stovegolvet, og Rasmus er kjempeklar for å komme seg ut.

Her er han i full fart rundt hjørna på huset, og bortevekk er han. Ivertfall for nokre timar.


Det er veldig kjekt å brodere monogram, og det går ganske fort, faktisk. Eg har ikkje verdens største tålmodighet, men dette har gått fint. Min og Bent sin bokstav veit eg ikkje heilt kva eg skal lage av, men eg får vel brukt det til noko.
Nå skal eg enten ut å gå tur, eller ein tur til by`n, trur det blir by`n først ,og så tur etterpå.
Ha ein flott lørdag alle sammen:)