....men nå er eg ferdig med skapet mitt, og kan stolt vise det fram. Eg er så fornøyd med resultatet, og fargen, ikkje minst. Det vart verken svart eller kvitt, men sandfarge, og den passa godt her hos oss.
Eg har ikkje fått tak i beslag, eller kva det heiter, til nøkkelhola i døra. Dei som var på fra før var ikkje fine. Eg trur det var noko som berre var skrudd på i full fart, utan mål og meining. Eg vil også ha nye knottar til skuffene, men førebels får dei gamle halde.
Her inni er det god plass til mykje og mangt:o)Så for å feire dette vil eg by alle på kake, men dåke får oppskrifta og kan bake sjølv, hehe.
Dette er ei frisk og syrleg fromage-kake som eg kallar for Mona kake, siden eg har fått oppskrifta av henne
100 gr smør
1 beger rømme
2.5 dl fløte
2 beger creme fraiche
100 gr melis
1 ts vaniljesukker
1 pk sitrongele
1 pk bringebærgele
1 pk frossen skogsbærblanding
Knus kjeksen godt og bland i smelta smør. Sett ringen av ei kakeform på kakefatet, og trykk kjeks og smør blandinga nedi og godt rundt kanten, og sett kjølig.
Lag sitrongele med HALV vannmengde, og avkjøl.
Pisk kremfløten, og ha i rømme, creme fraiche, melis, vaniljesukker og sitrongele, og bland godt saman. Hell blandinga i kakeforma, oppå kjeksbotn. Sett kjølig til massen har stivna.
Lag bringebærgele med HALV vannmengde, og avkjøl.
Når fromagen er stivna helles den frosne skogsbærblandinga forsiktig oppå, og tøm gele oppå der igjen.
Settes kaldt til gelen er stivna.
God fornøyelse, og velbekomme:o)

















































