onsdag, april 18, 2007

Vårtegn

Hestehov er ein fin vårblom der han står å lyser så optimistisk iblant det grå.


Fine knoppar og nye blad på eit eller anna tre eg traff på min veg til hybelen i dag.


Eit par sokkar til er ferdige. Eg har strikka nokre par med barnesokkar, det kan jo komme barnebarn ein gong..
Læraren min meinte det måtte vere ein menneskerett å få lære seg å strikke sokkar, og eg er einig med henne,hehe. Sokkar er kjekt å strikke. Så nå veit vel heile slekta kva dei får til jul i år..tjihi.


Tenkte eg skulle vise eit bilde av pulten min på hybelen. Her må det visst ryddast...Det har ein tendens til å hope seg opp på ein plass, og det er her. Så her ligg det strikketøy, broderi, penal, ukeblader underst og bøker oppå, ei innpakka konfekteske, ein rapport, diverse pennar, 2 sakser, cd`ar og ikkje forgløyme tab xtra flaska mi......og sikkert masse heilt underst som eg ikkje ser.
I ettermiddag har eg gått tur rundt vatnet, som eg faktisk har gjort kvar dag denne veka. Eg har bestemt meg for å vere flinkare til å gå tur, så nå er eg i gang. Turen tar ca 45 min, og det er akkurat passe:)
I morgon skal eg heim til min kjære. Eg tar halv 4 bussen og då er eg heime i halv ti tida. Gler meg.



tirsdag, april 17, 2007

Broderi

Eg er begynt å brodere...hmmm, ka er det som skjer. Vel, eg har valdt å ha broderi i ei oppgåva på skulen, eller det er meir eller mindre sjølvstudie i å lære teknikk. Så då hadde eg lyst til å prøve og brodere monogram, der er så søtt. Tok sjølvsagt min eigen bokstav...
Eg teikna av bokstaven etter mønster i ei broderi bok. ( etter at eg hadde leita og leita på nettet, og ikkje funnet noko) men sånn er det når ein ikkje kan sjå skikkeleg etter.

Plattsaum heiter viss dette som eg gjere eit forsøk på her. Lys rosa tråd på ubleika bomull.
Eg skal lage ein duftepose av dette når eg vert ferdig.


mandag, april 16, 2007

Manda morra blues....

Nei da, det var ikkje så gale å stå opp i dag. Sola skein og dagen såg ut til å bli fin.
Me begynte seint i dag, så eg hadde tid til å ete frukost og lese litt bloggar før eg gjekk på skulen. Eg har ein spasertur på 15 min ner til skulen, og det gjer meg våken og nokså opplagd...
Det var kjekt å sjå dei andre igjen etter påskeferien, eller dei som møtte da.
Me fekk ei ny oppgåve og, arkitektur. Greit nok det.

Eg lånte meg nokre bøker om brodering og småstrikk på biblioteket. Kan hende eg finn litt inspirasjon til fleire sokkar, og så har eg lyst til å prøve å brodere litt. Dette er til ei valfri oppgåve der me skal lære oss forekjellige teknikkar.

I ettermiddag tok eg med meg pledd, maten og kunsthistorieboka ut i sola. Der fann eg meg ein lun krok og koste meg ein times tid. *Flink jente*

I kveld har eg og 3 andre jenter hatt litt hyggeleg samvær i tv stova. Eg har strikka på sokkar og sett på Criminal Minds. Eg har veldig sansen for den serien.
Nå skal eg lese litt om arkitektur, og så er det natti natt:)
Ha ein fin kveld/natt alle som kikkar innom.

søndag, april 15, 2007

Hybel livet igjen:)



I går kveld såg me denne herlege filmen. Den handlar om ein mann som motvillig tar med ei jente som vil sitte på i bilen,og når dei er blitt kjende med kvarandre så kjører brøytebilen på bilen dei sit i, og jenta vert drept. Ho er på veg til mor si som er autist, og han føler at han må reise til henne og forklare. Der blir han verande til over begravelsen. Filmen fekk fram både smil, latter og tårer hos meg. Kan varmt anbefalast.

Nå er eg tilbake på hybelen min i Notodden etter nesten 3 herlege veker heime hos mine kjære. Bent ville at me skulle kjøre bort i dag siden veret var så flott. Det var ikkje meg i mot. Eg er litt lei av å ta bussen att og fram, men det går greit og. Eg kjørte bort siden Bent måtte kjøre heimatt aleine. Turen over fjellet var flott, nydeleg ver og snøen glitra i sola. Me høyrde på Vamp og Di Derre, og sang med av full hals. Godt det berre var oss to i bilen.

Eg likar godt å kjøre bil, men eg har ein lei tendens til å treffe alle hol i vegen. Bent klagar aldri, men når eg tilslutt måtte unnskulde meg litt for all humpinga, og at eg traff hola, så kom det tørt; eg trur nesten at du siktar på dei....

Men ærleg talt, eg kan ikkje for det.

Så nå må eg prøve å vere flink jente og lese til eksamen. Eg skulle vere så flink å lese i påskeferien, men det var alltid noko som var kjekkare. Eg skal ha eksamen i kunst og formkultur 3 mai, så nå MÅ eg lese.Tida går fort framover nå.

lørdag, april 14, 2007

Tinga rundt meg

Eg tenkte eg skulle vise litt av tinga rundt meg som eg er glad i. Under loftstrappa heng ein gamal settekasse med små ting i, og under står nokre av skoa mine på ein trekasse.


På ei hylle ved omnen står dette lile stillebenet, ei keramikkmaske laga av dotter mi, ein stein og eit kuhode.

Denne kjøpte eg i Vilnius på ei keramikksjappe. Den er til telys, og røkelse kan han halde i hendene. Det er ein liten engel, og han har eit skikkeleg bistert uttrykk i fjeset sitt som eg syntes var så herleg. Så nå står han i vinduskarmen og ser sint ut..



Dette er eg veldig glad i. Ramma er laga av eit langt rekvedstykke som eg fann på stranda inne på hytta til syster mi for nokre år sidan.




Samlinga mi av kunstglas. Eg snoper meg eitt glas i året sjølv, og ønsker meg til bursdagar og sånn elles. Dei er berre lekre synest eg, og det er så masse fine å velge mellom.




Bilde som eldste datter mi Malin, har mala til oss. Ho er snart ferdig utdanna illustratør, og bur i Stavanger.





Litografi av Eva M. Lange som eg og min kjære kjøpte oss. Eg er veldig glad i bilda hennar, dei er så nydelege synest eg.





Keramikkfigur som heng på veggen. ( Den er vel dobbelt så lang som bildet viser) Den er laga av ei som heiter Anu Alikas, og ho hadde utstilling på galleri Å`Godt i Sandeid. Figurane har ei slik ro over seg som eg synest er så flott. Eg blir litt ærbødig når eg ser dei i ansiktet.







Lite keramikk bilde eg fekk til bursdagen for mange år siden.








Her samlar eg vinkorkar, men berre dei flaskene som eg har drukket aleine....Eg har hatt denne i mange år, berre så det er sagt,hehe.









Dette var litt av tinga som er rundt meg i heimen vår. Eg likar ting med ei historie eller som det er noko spesiellt med. Saker og ting som eg får eller har arva er det ekstra kjekt med. Det er gøymt masse minner i slike ting.










Siden det er laurdag i dag så er det lov med sjokolade, mmm, og iskaffe. Sola skin og livet er herleg.












torsdag, april 12, 2007

Eg vil male dagen...

I dag har dagen gått med til å male bilder. Det øverste er 30*80 cm " To søstre"


50*50 cm " Nattsvermeri"


50*50 cm " Utan tittel"


50*50 cm " Ømhet"



60*60 cm " Svermeri"
Alle bilda er Deep edge, og kan hengast rett på veggen.
Så dette har eg tutla med i dag, bortsett fra å gå på butikken og handle litt.
Nå kjem snart min kjære heim, middagen er klar, Marie har gjort leksene, og eg har ein heil ettermiddag til disposisjon. Det er jammen godt å leva:)



onsdag, april 11, 2007

Bordkort

Slik som dette trur eg bordkorta til bryllupet vårt skal bli. Hjarta tvunnet av metalltråd og perler. Eg trur eg skal bruke eit anna papir til namna, kanskje eit gjennomsiktig, me får sjå.
Eg likar så godt hjarte forma, og det passar jo godt i bryllup. Eg vil ha det romantisk, men ikkje for søtt. Eg er ikkje så sukkersøt....
Det vert litt av ein jobb å lage alle desse, men eg får spør om hjelp. Eg har mange fingerferdige venninner, og alle seier dei kan hjelpe til, så då så:)

Rasmus pusen tar livet med ro, men at han kan sove slik med beina hengande over bordkanten, det skjønar eg ikkje. Men herleg er han:)

tirsdag, april 10, 2007

Smykker og litt til...

Eg er veldig glad i perler og i å lage smykker, men det på bildet har eg ikkje laga. Det er eit emaljesmykke som eg har arva etter mamma mi. Eg har ikkje brukt det så mykje fordi eg var så ung da eg fekk det, og eg følte det var eit litt "voksent" smykke. Nå er eg så pass gammal at eg kan bruke det, he he:) Eg må få meg ein 50-tals kjole som passar til stilen.

I dag har eg laga smykker og armband til eg fekk vondt i ryggen...
Her er eit lite utval av det eg laga i dag:)


Herre/gutte smykker, med røffe perler på lintråd.


Langt smykke med treperler knyta på dobbel lintråd.



Langt kjede med kvite og blanke perler.



Langt kjede i blått og brunt, med låsen framme.



Armband i mange glade og friske fargar.





Eg skal lage bordkort til bryllupet vårt, og her er første prøve...
Dette kan nok brukast, men eg skal få tak i tjukkare metalltråd/streng. Eg har lyst å lage hjerteform, og denne strengen var for tynn til å forme skikkeleg.






søndag, april 08, 2007

Påskeoppdatering

Det har vore lite blogging med meg desse påskedagane, men eg har kikka innom på andre sine om eg ikkje har skrevet noko.
Her er bilde av Akela, hunden til søster til min kjære. Dette er på langfredag der me var på fjelltur. Turen gjekk opp til Långåsdalshytta, ein tur på vel 3 timar opp og ned. Fin tur, men det var litt kaldt, og det snøa tilogmed....


Her er Rasmus pusen vår, og eg har sådd kattegras til han. Dette likar han faktisk veldig godt.


I går kveld hadde me mine tre søsken med sine bedre halvdeler på middag, sjølvsagt lammelår, siden det er påske. Me fekk påskeegg av søster min, fint, ikkje sant:)


I dag har me (eller Malin) laga invitasjonane til bryllupet vårt i sommar. Nokre av dei har me fått levert i kveld, nokre skal leverast i veka, og resten skal sendast i posten. Det vert mellom 80 og 90 gjester, så det vert spannande. Me gler oss veldig:)
Det er mykje som skal gjerast i tida framover, men det meste er i rute. Eg er litt usikker på korleis eg skal pynte bordet, så om nokon har idear eller tips om korleis eg kan gjere det så vert eg glad:)



lørdag, mars 31, 2007

Laurdag og

eg har pynta pittelitt til påske, inne og ute. Eg kjøpte meg det veldig kjekke interiørbladet rom
123 i dag, der er det masse inspirasjon å hente. Dette ligg på kjøkkenbordet ilag med nyinnkjøpt høne og ein husfred ( vågar å håpe at eg klarer å halde liv i han medan eg er heime i påsken)


Pynt på terrassen.

Gule stemorsblomar, fine blom med ikkje så fint namn...


Påskeliljer ved inngongsdøra.



Glashøna står på badet heile året.





Så med dette vil eg ønske alle ei retteleg fin helg, og ein fantastisk påske til dei som ikkje ser innom før etter påske.




torsdag, mars 29, 2007


I gangen har eg ein gamal kommode som eg kjøpte på auksjon for mange år siden. Speilet kjøpte eg på fretex i for nokre veker siden.
Dagen i dag har gått med til venninnebesøk med kaffi i hagen, og planting av påskeliljer og stemorblomar i potter til å ha utforbi døra. Eg får lyst til å gjere så mykje ute nå når det er så fint ver, men det er litt tidleg, det er faktisk mars ennå....Ein skulle ikkje tru det når ein sit ute i solsteiken, fantastisk herleg:)

onsdag, mars 28, 2007

Onsdags føremiddag

og eg har heilt fri til å gjere det eg har lyst til. Så nå har sengklærne havna på terrassen til lufting, og eg skal vaske vinduer. Eg hadde tenkt å sitte ute på terrassen i dag, men det blese eindel, men kanskje eg må ta eit teppe med meg å setje meg ut likevel.Det er så godt med sol, og vår i lufta. Utsikten på terrassen er me ganske fornøgd med, einaste er at det er ikkje så mykje trafikk ute på fjorden.

*PROSJEKT LUBBER*
Eg er begynt å strikke lubber. På skulen skulle me velgje mellom forskjellige teknikkar me ville lære, og då ville eg lære å strikke lubber. Så då var det å kjøpe garn og pinnar, og setje i gang.

Her er då hælen under arbeid. Er ganske kry av meg sjølv....


Her er lubben nesten ferdig, snarter det tåfelling. Eg har strikka den andre lubben samstundes, så nå er det snart eit par lubber ferdige. Eg har kjøpt meir garn, så det kan hende det blir fleire par lubber i påsken:o)