mandag, juli 23, 2007

Mandag??? Ka meine du???

Hjelpe meg så fort dagane og vekene går. Eg har litt problemer for tida med å halde orden på vekedagar og helga. Det går litt i surr nå som eg jobbar både dag, kveld og natt, og i tillegg helger. Eg er ikkje van med sånt så eg trur det er torsdag når det er mandag og mandag når det er lørdag....Heldigvis så har eg komt meg på jobb til rette tider. Eg er klar for fri nå, og er inne i sista jobbeveka mi.
Her i huset er det akkurat nå eit aldri så lite kappløp mellom mannen i huset og Rasmuspusen ...
Katten spring først og maen etter...Dei kallar det for gøyma og leita. Han skuldar på at Marie er hos far sin denne veka, så han har ikkje henne å terge på så nå er det Rasmus så får gjennomgå, eller omvendt. Rasmus er heilt sprø for tida, han galopperer gjennom huset, klatrar både inne og ute, heng i sprossene på vinduene, og stjel smykkene som eg lagar. Han strekker seg opp på bordet og tar eitt og eitt smykke i munnen og drar dei ned på golvet, og ber dei med seg i munnen. Han ser unekteleg litt rar ut:o) Kan det vere at han er forsinka vårkåt, eller noko. Eg har forklart han tidlegare at han er kastrert, men eg trur han lukker øyrene når eg snakkar om det.

Siden eg har jobba så mykje i det siste,så er det lite eg har fått gjort på hobbyfronten, men nokre nye smykker er det blitt, og lin vesker er under produksjon.

Her har eg brukt brune og turkis perler på dobbel lintråd.


Eg måtte bruke englane som eg kjøpte på Panduro. Dei vart ganske søte:o)




Herresmykker i svart og kvitt. Dei store kvite perlene med kinategn kjøpte eg i dag på ein full fart tur til by`n i eit anna ærend. Grunne kjem lengre nede.





Eit lin smykke til, med perler i turkis og brunbeige.




I helga var me i Vik, bygda oppforbi oss, der det vart arrangert fiskefestival. Me fiska ikkje i år, men me spiste grilla laks med masse godt tilbehør, og snurringar baka i det gamla bakeriet på "Plassabakeriet". Det var nydeleg og varmt vèr den dagen , og forskrekkeleg masse folk så me traff mange kjente som me slo av ein drøs med. Om kvelden var det dans i telt, men siden eg hadde lova å ta ei nattevakt for ei anna på jobb, så vart det ikkje dans på meg. Min kjære var der, men det trur eg han trega litt på om søndagen, hehe.


Som tidlegare nevnt så var me ein kjapp tur til by`n i ettermiddag, fordi vaskemaskinen har slått seg enda meir vrang enn han har vore tidlegare. Nå står han berre å bråke,tar inn vatn, og blinke med alle lysa sin, men vaske vil han ikkje. ???#*hmf%¤#
Me hadde reperatør på han tidlegare, men det var ikkje så mykje å gjere. Han har hompa og gått fram til før helga, så var det beint slutt. Så nå må me ha oss ny vaskemaskin. Det var mykje anna eg kunne tenkt meg å brukt dei 1000- lappane på, men, men.


Sånn, nå har eg fått klaga litt:o)
Det hjelper å få det ut, om så berre på bloggen. Den er god å ha!
Eg har fri i morgon, og skal jobbe ut denne veka, inklusiv helga, så er eg ferdig for denne gang.
Eg vart spurt om eg kunne tenke meg å jobbe viss dei trong vikar, og det sa eg ja takk til. Det er ein veldig kjekk og takknemleg jobb.







onsdag, juli 18, 2007

Onsdagsfri.

I kveld har me kost oss med "Brothers and sisters", og jordbær med vaniljesaus og krem,mmmm:)

Nå er muringa utforbi ferdig, og det vart veldig bra. Så nå er det min jobb å plante, og få det fint...

Muren går bak huset mot høgre, der er det bratt skråning opp mot naboen. Mot venstre i bildet skal det murast fleire meter mot garasjen vår, men det får me ta seinare. (lommeboka sa stopp for denne gang). Det blir grøne buskvekster oppi her, trur eg. Forslag tas imot med takk:)

-Pakke fra Panduro-

Jippi.
I dag kom pakken, eg har venta på, fra Panduro. Oppi den var det masse perler og dill til å lage smykker av.


Denne medaljongen var så nostalgisk og fin.

Desse firkanta delene målar ca 1*1 cm, og det var fire forskjellige englemotiv på dei. *favoritt*





Eg har laga litt smykker i dag, og her er eit med katte anheng.






Herresmykker i svart og limegrøn på linsnor.





I dag har eg hatt fri fra jobben, og har vore på hytta til søster mi Berit. Eg har hjalp henne med å lage seg blogg, og komme igang. Så alle som er innom her, må også kikke innom til Beritsøster. Sjå på lista mi over koselege bloggarar.
Her er det så surt og trist ver for tida, men det skal visst bli bedre til helga. Eg måtte fyre i omnen i kveld, så hutre var det....*Sommar,jada*








søndag, juli 15, 2007

Fisketur.

I dag har eg og min kjære vore på fisketur. Eg er glad i å fiske, men eg har aldri fiska med makk i elv før, så dette skulle eg få prøve i dag. Berre for å ha sagt det: eg kan ikkje fordra makk, så den måtte min kjære sette på kroken for meg..... Eg får frysningar av å sjå på dei, sjølv om eg syntes litt synd på makken og, der han hang fast. Hmmm, litt merkeleg, men sånn er det.
Det vart ikkje så mykje aure på oss. Me fekk nokre små som me måtte hive uti igjen, ifølge han som kan dette....Det var ein fin tur, men det regna ganske mykje til å begynne med (flott fiskever), det var veldig ulendt terreng, tett buskas av einer og anna grønt der me gjekk opp og ned ved elva. Siden det er min kjære som er elva fiskar av oss to, så fekk han fiske litt aleine uten å måtte tre på makk for meg. Eg hadde jo fotoapparatet med meg, og då er eg berga.


I skogen er det mange fine motiv. Einerbusken er fin og grøn når sola dukka opp etter regnskyllen.

Ein bitte liten sopp dukka opp nede ved ein trestamme.



Desse to plantene er ein vill orkide, men eg huskar ikkje namnet på dei.

Eg ønsker meg veldig eit digitalt speilreflekskamera. Det er så kjekt å fotografere, men eg kunne tenkt meg å kunne tatt bilder ennå nærare enn eg kan nå. Det er lov å ønske seg:o)

Blåklokker vaks det også rundt elva. Fine blomen:o)

Som de kan sjå av bildet er min kjære i sitt rette element her. Det er ein fin plass dette, og i enden her ser det brua som går over elva.


Ganske idyllisk.
Turen var flott, det vart ikkje fisk, men me var fornøyde likevel. Det var godt å vere ute ein heil søndag, men eg vart så trøtt når me kom heim at eg slokna på sofan ei god stund. Sikkert ikkje så lurt når eg skal tidleg på jobb i morgon, men,men.

Her er mine ganske så gjennomvåte sko og føtter....Hehe, deilig.
Ha ei finfin veke alle som kikkar innom:o)








lørdag, juli 14, 2007

Jentekveldmedfilmogsnop.

Her har dagane vore grå og veeeeldig våte, men i ettermiddag kom sola fram og tørka både plen og terrasse. Eg sat ute ei stund på terrassen og nøyt sola og varmen ei stund, etter jobb i dag.

Lille store søte Rasmus pusen vår, han kosar seg om dagane. I går bytta eg på sengene og då var han innom alle romma og prøvde kvar ei seng, før han enda opp i Malin si, og der tok han ettermiddagskvilen. Han ser litt forbausa ut fordi eg vågar meg å ta bilde av han:o)

I kveld har eg og jentene mine vore aleina og kost oss. Bent er vakt på Roots Festivalen i Vikedal i kveld, og kjem ikkje heim før i natt ein gang...
Me leigde oss ein dvd,hamstra snop på Kiwi`n, og benka oss i sofa`n fra Ikea på loftstova.



Eg er stor fan av Sørlandschips, og likar humoren deira. Det er godt at produkta deira ikkje er testa på dyr.....


Me såg denne dvd`n " Little miss sunshine", og eg trudde, seriøst, ei stund at eg skulle le meg ihjel. Den kan anbefalast på det varmaste, om ein likar litt bisarr og snill humor. Nå er eg snart klar for senga, eg treng litt meir søvn enn eg har fått den siste tida.
Sånn er det når ein har lakenskrekk både morgon og kveld,hehe.




fredag, juli 13, 2007

Eg er blitt utfordra til å svare på denne av Catta, og sånn blei det....

Nämn något som gjorde dig glad igår: Jordbær med vaniljesaus.
Vad gjorde du kl 08 imorse? Då begynte eg på jobb..
Vad gjorde du för 15 min sedan? Såg slutten på "Little miss sunshine":o)
Vad har du druckit idag? Vatn, kaffi, iskaffi,Tab-xtra og appelsinjuice.
Vad var det senaste du åt? Sørlandschips og smågodt (til dvd`n me såg).
Vad var det senaste du köpte? Ei tallerkenhylle på Fretex til 125 kr,Jippi:o).
Vad är det för färg på din ytterdörr? Kvit.
Vad är det för väder hos dig nu? Kveld, men sola var her før i dag:o)
Godaste glassmak? Italiensk sjokoladeis med kirsebær.
Tror du på kärlek vid första ögonkastet? Ja, etter eit par augnekast.....
Sover du tungt? Nopp...
Trivs du med ditt jobb? Ja, så langt. Det er sommarjobb.
Favoritklädsel? Jeans og T-skjorte.
Favoritlåt just nu? Den nyaste sangen til Saybia, men eg huske ikkje tittelen.
Vad ser du om du tittar till höger? Malin som skriver på Tobias (Mack`n hennas)
Vad ska du göra härnäst? Kikke litt rundt på andre sine bloggar, og så legge meg.
Höger el vänsterhänt? Høgre.
Humör just nu? Glad inni meg.
Favoritgodis? Sjokolade:o):o)
Kläder just nu? Utslitt jeans, svart singlet, svart cardigan, og raude tøfler.....
Sommarplaner? Kose meg med familien.
Spelar du något instrument? Har spelt kornett for lenge, lenge siden i skulekorpset.
Morgon eller nattmänniska? Begge deler, vil ha med meg alt i begge endar.
Är du kittlig? Nei.
Snarkar du? Ikkje tale om....
Äckligaste insekten? Edderkopp med lange hårete bein.
Stökigt el välstädat? Tja, er vel litt begge deler, men likar best å ha det sånn nåke lunde ryddig.
Längtar du mest efter nu? At min kjære skal komme heim:o)

Eg utfordrar Malin, Elin (Prinsessa) og Sol, til å svare på dette, men berre om dåke har lyst:o)

torsdag, juli 12, 2007

Bryllupsbilde.

Alternativt bryllupsbilde!
Me har fått bildene som Svein tok når me gifta oss, og dette er av skuggane våre i elva.
Ganske stilig:o)

Kyllingwok med chillisaus.

Her kjem mi oppskrift til 9na si gastronomibølge:o)
Oppskrifta er til ca 4 personar.

Kyllingwok med chillisaus.

Skjær opp 4 kyllingfileter i passe biter, og steik dei i olje. Krydre med litt salt og pepper, eller anna krydder som du likar. Legg desse til side.

1 gulrot
1/2 raud paprika
1/2 gul paprika
1/2 grøn paprika
1/2 brett sukkererter
1/2 squash
1 boks ananas i biter

Grønsakene kuttes i passe biter, og steikes i olje i varm panne nokre min.
Hell over sweet chili saus og kyllingbiter, og la det bli skikkeleg varmt.

Server det med bandspaghetti kokt al dente. (Det er godt med ris til også).
Rask og enkel middag:o)

Eg utfordrar Lille Trille, Malin og KoseligKoselig til å vise kvar sin rett.
Gler meg:o)

Ny utsjånad:o)

Velkommen til min nyoppussa blogg. Malin kom heim i dag, og ho er flinkare enn mor si med dette, så det så....Eg har hatt bloggen i vel eit år så det var på tide med litt forandring:o)
Eg er ikkje sikker på om eg har fått med meg alle fra den gamle sida, men er det nokon som er bortevekk, så er det berre til å gje meg eit vink..

Denne boka held eg på å lese, og er nesten ferdig. Eg skulle egentleg vore på nattevakt nå, men det var gjort ein feil, så eg fekk fri. Skal ikkje på jobb før fredagsmorgon.
Både denne boka og "Havfruestolen" av same forfattar kan eg anbefala på det varmaste.

I kveld som mange andre kveldar tende eg lys. Det er blitt litt mørkare om kveldane allereie, men det er jo så koseleg å vere inne når det regnar og er mørkt ute.



mandag, juli 09, 2007

I ausande regnver....

er det godt å kunne vere inne. Fatet på bildet over kjøpte eg idag for eit gåvekort me fekk til bryllupet. Det er kjekt med sånne fat som ein kan sette forskjellige ting på:o)

Det er blitt litt fleire smykker, og desse to er i grønt og gull på dobbel lintråd. Dei er ikkje så lange. Desse glasshjertene har eg ein svakhet for....


Eit par bilder vart produsert i full fart i dag, dei målar 20*20 cm.



I dag vart min bedre halvdel glad når han kom heim fra jobb:o) Eg hadde endeleg laga noko fornuftig av alle "pinnane" mine som han kallar rekveden min....


Eg har brukt bokstav sjablong for å lage desse velkommen skilta. Dei var kjekke å lage så det vert nok fleire av dei.




Her er det full fart med jobb og alt anna denne juli månaden, men me skal kose oss og slappe av i august, då er det FERIE på oss også:o)




lørdag, juli 07, 2007

God helg:o)

I mangel av å ha så mykje spennande å vise fram så får dåke sjå mine nye klogger og tunika. Behageleg å ha på både for øvre og nedre del av kroppen.

Perler i mange variantar blir til smykker på lintråd om dagen. Eg skal vere med på ein marknad i begynnelsen av august, og lagar opp eit lite utval av smykker.


Turkis er ein av mine favoritt fargar.


Laga på dobbel lintråd og med låsen framme.









Turkis og brune perler på lintråd.




Ein gyllen variant kjem innimellom.





Men det er turkis som er favoritten. Her er det også blitt eit armband.
Eg skal på jobb i natt også, og det er heilt greit. I dag har det vore nydeleg og varmt her, men nå i kveld skya det seg til og begynte å blåse.








fredag, juli 06, 2007

Våt fredag...

I dag silregnar det hos oss, men det er flott temperatur. Bildet over er fra plassen der søster mi feira 50 årsdagen sin. Sandbekken leirplass i Tysvær. Dette er heimplassen til pappa min, men nå er det kommunen som eig der. Det var nydeleg ver den dagen, og me var ute o kosa oss heile dagen og kvelden med:o)

I gå kveld var det nydeleg ver og så varmt at me kunne sitte ute på terrassen. Rasmus pusen vil helst sitte på rekkverket og ha oversikt med alt som skjer. Han er ein travelt oppteken pus, som er ute på farten heile dagane, og er berre innom av ogtil for litt mat og kos før det er ut igjen. Han kjem inn om natta for å sove, heldigvis, så veit eg kor han er då, ivertfall. Då hoppar han inn gjennom soveromsvinduet og byksar opp i senga vår.....
Eg har prøvd å fortelje han at han er kastrert så han trenger ikkje farte så mykje ute, men han vil ikkje høyre på det øyra, hehe.

Her er litt av pynten ute på terrassen, og som de kan sjå så går det mykje i stein og "pinnar".
Lykta og Lavendelplanta fekk me til bryllupet. Såg de at eg skreiv "me" fekk til bryllupet. Det har faktisk vore min kjære som har sagt EG fekk til bryllupet, og når EG skal gifte meg....hehe.


I går var eg og snakka med han som driv planteskule her i bygda. Me fekk eindel gåvekort derifra, og me skal plante hekk i kanten på plenen. Eg trur det blir Lauvbærhegg, den var fin og blank på bladene, og vintergrøn. Det skal bli godt å få skjerme litt for naboen....
I dag har eg fri, men skal på nattevakt i kveld og resten av helga. Eg likar meg godt på jobb, men er ganske trøtt når eg kjem heim. I dag kjører min kjære mamma si til Jelsa i begravelse. Ho er 81 år, og han ville ikkje la henne kjøre aleine den lange vegen med ferje og allslags. Ho er sprek som få, men det er noko med å kjøre på ukjente vegar.
Siden det regnar slik i dag får eg kose meg inne med litt husarbeid (det trengs).
Så må alle saman ha ei flott helg enten det regnar eller sola skin:o)