Slik som dette trur eg bordkorta til bryllupet vårt skal bli. Hjarta tvunnet av metalltråd og perler. Eg trur eg skal bruke eit anna papir til namna, kanskje eit gjennomsiktig, me får sjå.Eg likar så godt hjarte forma, og det passar jo godt i bryllup. Eg vil ha det romantisk, men ikkje for søtt. Eg er ikkje så sukkersøt....
Det vert litt av ein jobb å lage alle desse, men eg får spør om hjelp. Eg har mange fingerferdige venninner, og alle seier dei kan hjelpe til, så då så:)
Rasmus pusen tar livet med ro, men at han kan sove slik med beina hengande over bordkanten, det skjønar eg ikkje. Men herleg er han:)















































