Vips, så var eg nesten midt i veka. Det er jo nesten berre mandagar og fredagar...skjønar ikkje heilt dette her. Helga var koseleg med besøk av
Malin, eldste jenta mi. Me farta litt rundt på lørdagen og var først og besøkte tante
Berit, mi søster. Dei var på hytta, og hadde med seg datter, svigersønn og tvilling barnebarn, så fekk me snakke med dei også. Seinare på dagen kjørte me Kenneth til kjæresten, og så drog eg og Malin på kino. Der såg me "Rattatouille", kjempesøt film om ei rotte som ville vere kokk.... Så tok me oss ein god kopp kaffi på "Cafe Moody" før me kjørte heim og laga oss middag, og trøkte i oss masse smågodt. Jaudå, me kan kose oss!!!
Søndagen sov me lenge, til eg vart vekka av telefonen. Så då var det å hive seg i bilen og kjøre til by`n for å hente mannen som var komen med båten fra
Røvær, der U.L Skjoldafjord hadde vore på overnattingstur. "Takk for innsatsen fest "etter teaterframsyninga i vår. Dei er begynt å skrive på revy til våren igjen. Eller "kabary", som dei kallar det. Så det er me begynt å gle oss til allereie. 1 mars skal premiera vere:o)
Eg har ikkje noko nytt i kategorien "heimelaga" å vise fram, så då viser eg litt av tinga eg har på kjøkkenet. Krukker med lokk og mugger kan eg ikkje få nok av, og desse med skrift på er eg veldig glad i. Flisa med kattemotiv er julegåve frå ei venninne, for mange år tilbake.
Gamle norgesglas er fine til å oppbevare ris, linfrø og pinjekjernar på. Dei er ganske så dekorative der dei står på benken.
Eg har fått tildelt min hemmelige venn i "Interiør gave alongen", og er snart ferdig med gåva. Den eg skal gi til, kjenner eg ikkje så godt, men eg håpar at det fell i smak, det eg sender av garde. Det er veldig koseleg å vere med iallefall.
På skulen går det fint, og eg storkosar meg. Det er ein triveleg gjeng på 13 jenter, i ulik alder, og 1 mann....Me går godt saman, og alle er så flinke og arbeidsomme at det er ei fryd!!!
At me har ei utruleg flink og inspirerande dame til lærar er også med på å gjere dagane flotte.
I morgon har eg fri fra skulen, men skal jobbe fra 07.00-14.30 på aktivitetshuset med psykisk utviklingshemma:o)
Så må alle som er innom ha ei fin veke, og tusen takk for alle hyggelege kommentarar dåke legg igjen *SMILER*