Viser innlegg med etiketten Interiør gave along. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Interiør gave along. Vis alle innlegg

tirsdag, mars 10, 2009

Gåve, roser og ny bloggar

Først må eg seie tusen takk til min hemmelege venn
i Interiør gave alongen som sende meg
denne flotte kokebok "Middag med venner".
Den var heilt super, og skal snart prøvast ut.
Eg veit ikkje kven du er, men ser du innom , så TUSEN TAKK.
*
laurdag måtte eg ein tur til by`n for å gjere nokre ærend.
Min kjære var vikar på butikken
medan eg fekk gjort det eg skulle utanføre.
Eg er glad i roser,
og på Mester Grønn hadde dei 20 roser til 130 kr.
Då kunne eg ha roser litt rundtomkring,
og ein vase kom på stovebordet..
*

...ei rose i kjøkenglaset...
*
...og 2 på badet.
*
Eg vil også oppfordre alle til å kikke innom til ein ny bloggar
som heiter Elsa.
Me har alle vore ny bloggarar,
og veit kor koseleg det er når nokon finn fram til akkurat deg,
og legg igjen ei lita helsing.
Elsa er eg blitt kjend med på Etnemarknaden,
der ho har hatt utstilling i mange år.
Ho malar dei mest fantastiske og humoristiske akvareller,
og er kjend for sine frodige og lettkledde damer.
Elsa finn du her
*
Biletet er mala av Elsa,
og eg har lånt det fra bloggen hennar.






onsdag, september 24, 2008

Gåve fra min hemmelege venn...

kom i går, og for ein fiiin pakke.
Til og med mannen i huset måtte kommentere
at det var ein flott innpakka pakke.
Og han var nesten like nysgjerrig som meg når eg skulle opne *fnis*
*
Nydeleg kort og bokmerke laga av min hemmelege venn,
og inni kortet sto ei hyggeleg helsing til meg.
*
Min hemmelege venn har fått med seg at eg likar å lese,
så bokmerke kom vel med.
*



Inni pakken var det eit stort og godt krus,
blåbærte,nam, verdens søtaste teball med diamant!!!
*
Velduftande skrubbesåpe som min venn har laga sjølv,
og pakka inn slik at den passa på badet mitt.
*
Og som om ikkje det var nok,
så var det to nydelige lysglas oppi pakken, også.
*
Tusen, tusen takk min hemmelege venn,
som eg ganske kjapt skjøna var Hespe.
Gåva var heilt mitt i blinken,
og teen har eg kosa meg med nå når eg har blogga.
*
Ha ein fin dag alle saman.





torsdag, juni 05, 2008

Eg er vel heldig....

I går fekk eg hentelapp i postkassa mi.
Pakke fra "hemmelig venn", sto det på den.
*
Skal sei at eg vart overraska når eg fekk utlevert denne digre eska.
Postdame lurte fælt på -"om eg berre fekk pakke sånn uten videre fra ein hemmeleg venn?"
"Jepp" sa eg:)
*
Til og med malemannen min måtte kikke litt når eg kom berande med denne.
Oppi eska låg eit nydeleg kort på toppen, og inni sto ei koseleg helsing,
og eit hint om at ho står på linklista mi, hmmmm???

*
SJÅ alt dette fine eg fekk.
Åååå det er så kjekt å få pakke i posten!!!!
*
To flasker cider, eple og pære, tre kjøkkenhandkle, to fluenett til å ha over maten,
og den flotte baljen som eg kan ha blomar i:)
TUSEN, TUSEN TAKK min hemmelege venn.
Dette var midt i blinken:)
*
Men ikkje nok med det.
Eg har vore særdeles heldig den siste tida.
I helga var eg og min kjære i Stavanger for å hjelpe
til å flytte saker og ting for søster til mannen min.
Ho skulle ikkje flytte så langt,
men alt skulle berast ned fra andre etasje i huset der ho budde,
setjast inn i bilane, kjøre 3 min, og berast ned ei lang trapp til den nye leiligheten.
Pust og pes, men det vart varmt.
Men alt dette var gløymt når ho sa....
*
...at eg kunne få dette skapet.
O herligheten:)
Ho hadde tenkt å levere det til fretex,
men kvifor gjere det når eg kan ta det med meg,hehe.
*
Nydeleg lås.
*



Men ikkje nok med det.
Eg fekk denne gamle nydelege prismelysekruna også.
*




Eg fekk ei lysekrune til, med tre kuplar på,
men den har eg pakka ned, førebels.
Eg fekk eit anna skap også, men det har eg ikkje tatt bilete av.
*



Nydelege glasprismer:)
*
Min kjære lurte fælt på kor i all verden me skulle gjere av alt dette,
men det treng ikkje han uroa seg for.
Berre han hjelper meg å bere dei inn så skal eg ordne resten:)

*
Søndagen var det loppemarked her i bygda,
for første gang på mange år, og det skulle eg på.
Lørdagen når me var i Stavanger var det to loppemarkeder
i nabobygdene, typisk.
Difor skulle eg på dette på søndagen, og me skulle vere der presis ett.
Og glad er eg for det,
for sjå kva eg fekk tak i...

*


To slike stolar og eit bord som passa til,
for den svimlande summen av.....

130 kr.
*
Eg er så fornøyd med den helga at eg kan ikkje få sagt det nok, JIPPI.


*

då vil eg og keramikk høna
ta oss ein tur ut i det nydelege varme veret,
og sole oss:)
(Dette vart visst eit langt innleg)
Ha ein fantastisk dag alle saman.
Livet er ikkje det verste ein har.
Klem.













lørdag, mars 29, 2008

Overraskingane står i kø.....

......om dagen.
I går fekk eg hentelapp i postkassen min,
og det var pakke fra hemmeleg venn sto det på. Jippi:)
Eg heiv meg i bilen og ned på postkontoret.
Der fekk eg utlevert ein DIGER norgespakke, hmmm, spennande.

Vel heime på kjøkkenet så måtte eg opne denne store pakken fortare enn fort,
og inni låg ein mindre pakke og eit interiørblad, Country Living.
Pakken var nydeleg pakka inn, og eg som er så glad i fine gåvepapir:)


Sjå alt det nydelege som var inni pakken eg fekk fra min hemmelege venn.
-Eg trur ikkje du e heilt rektige, som me seier her.
Kopp og asjett fra Green Gate, jordbærte, papirlommetørkler,
ein liten sjokoladefigur og interiørblad.
Eg vart så utruleg glad for denne gåva, den er heilt meg:)
Tusen, tusen hjarteleg takk min hemmelege venn.

Eg har ein liten mistanke om kven dette kan vere fra, men er ikkje heilt sikker,
så då trur eg ikkje eg skal seie så mykje om det enno,hehe.
Det er fantastisk koseleg å få pakke i posten ein fredag:)




Fredagskvelden fortsatte lika koseleg med kino for meg og min kjære.
Han er så kjekk og grei at eg får som oftast velge film når me skal på kino.
Eg har lese om "Ps. I love you", og ville gjerne sjå den.
Det er ein skikkeleg jentegrine film las eg, men han var med likevel.
Filmen var overraskande morosam sjølv om den til tider var trist.
Eg lo så eg grein eit par ganger, og humra stort sett gjennom heile filmen.
Den kan anbefalast om du vil sjå ein koseleg film.
Min kjære syntes det var ein god film han også,
sjølv om han var pittelitt skeptisk i byrjinga.




Så over til enda fleire hyggelege overraskingar.
Eg har fått denne utmerkinga av 5 medbloggarar, og eg blei så utruleg glad,
TUSEN TAKK til
Marie, 9na, Catta, Gawo og Lykkelene
som synest at eg fortener denne.
*
Eg skal sende denne videre til 5 som eg synest fortener denne,
og det er så vanskeleg å velge 5 stykker
så dermed gir eg den til alle som står på linklista mi.
De er alle fantastiske menneske på kvar dykkar måte,
og eg er så glad for å ha blitt kjende med alle saman.
*
Nå har eg hatt ein pause i skrivinga på kunsthistorieoppgåva,
og nå må vel fortsette med det.
Det går litt trått i dag,
men det kjem seg vel nå når eg har hatt ein liten bloggrunde,hehe.
Blogging kan brukast til så mangt.
Ha ein fin laurdag alle saman:)



lørdag, mars 15, 2008

Interiør gave along spørsmål.



Det er tid for ny runde i interiør gave alongen,
og i det høve skulle alle svare på nokre spørsmål.
*
Hva liker du best med våren?
Det eg likar aller best med våren er at det blir lysare om kveldane,
og alt som spirer og gror ute.
*
Hvordan tar du våren inn i huset ditt?
Eg tar våren inn i huset ved å ha litt lysare fargar på tekstilane,
og med blomar i friske fargar.
Elles er det herleg å ha opne vindauge slik at den friske vårlufta får komme inn.
*
Hvilken farge synes du er mest vår?
For meg er lysgrøn eller lys turkis dei fargane eg likar best om våren.
*
Hvordan er en perfekt vårdag for deg?
Ein perfekt vårdag for meg er å kunne vere ute og grave litt i hagen, kikke på kva som spirer og gror, og sette meg ned og nyte fuglekvitter og den friske lukta av våren:)
*
Kaffe eller te?
Ja takk, begge deler.
*
Hvilke planer har du for våren som ligger framfor oss?
Planane for våren er å bli ferdig på skulen, og få gjort litt meir ferdig ute i hagen, mellom anna plante i oppkjørsla og legge på bark. Eg skal også olje terrassen, og så frø som eg har kjøpt:)
*
Liker du hagearbeide?
JA!!







torsdag, oktober 18, 2007

Pakke i postkassa

I går fekk eg pakke i posten, og gjett om eg sprang fort heim fra postkassa. Og det var ikkje berre for at det regna....Eg skunda meg å rive av det ytterste papiret, og inni låg denne flott innpakka gåva til meg:o)

Eg pakka forsiktig opp, og innforbi dukka denne nydelege eska opp.

Oppi eska låg det ein pakke med søte små lys, ei nydeleg innpakka såpe som dufta vidunderleg, og to flotte kort. På det eine kortet sto det ei helsing til meg.

Eg vart så glad for gåva eg fekk av min hemmelege venn, som ikkje er så hemmeleg lenger. Eg syntes eg kunne koble stilen på tinga eg fekk til ein bestemt bloggar. Eg gjetta rett, og gåva kom fra Hulda.
Tusen,tusen takk snille Hulda:o)