Da eg var lita jente på 70-talet, så hadde me eit kvardagservise som heitte "august". Dette spiste eg skjeva mi på, og når Malin eldste jenta mi vart fødd i 85 og kom på besøk til bestemor og bestefar fekk ho også skjeva si på dette. Malin er den av ongane mine som huskar mamma, og har gode minner fra kjøkkenet hennar. Ho lika så godt dette serviset at eg er begynt å samle det til henne.
Eg hadde nokre få deler etter mamma og pappa, men har funnet ein del på Fretex og på loppemarked. Desse har ho fått når ho har hatt bursdag. Ho har bursdag om litt over ei veke, og skal få fleire deler. Eg kan vise dei fram nå, fordi ho kom heim på mandag og då sto desse framme på kjøkkenbenken...Ho skal få noko meir, men det får ho ikkje vite enno, så det så.
Tekanna er veldig fin synest eg.
Denne søte kanna fann eg sist eg var på Fretex. Den er også fra Figgjo. Eg likte så godt den enkle dekoren, og fargane. Synd at den mangla lokk, men kan nok bruke ho for det.
Sist eg var på Fretex så fann eg eit flott skap, som eg ikkje kjøpte, og det har eg trega meg grønn på. Eg trenger meir plass til å ha ting og tang i, og det hadde passa fleire plasser her i huset. Så i morgon må eg ta turen igjen for å sjå om det fortsatt er der. Er det det, så er det meininga at eg skal ha det.
11 kommentarer:
Stilig bilde av katten og marsvinet :)
Serviset "august" husker eg godt fra min eigen barndom, trur ikkje foreldra mine hadde det, muligens ein nabo eller noko slikt..
Ein utruleg god i ide og samle og gje til jenta di! Kunne ønske eg hadde serviset som foreldra mine kjøpte då dei bygde hus.. kanskje eg må begynne å samle rundt om eg òg.. ;)
Den siste tekanna di var kjempeflott, synd med lokket, men du kan kanskje bruke den som blomstervase?
Er spent på om du fekk tak i skapet.. (?) :D
Eg GLEDE meg te eg får de;)
Trudde servise hette LØK eg, ikkje august..men men..hehe
Takk for hyggelig kommentar på bloggen min.
Så bra at skapet fortsatt var der! Gleder meg til å sjå korleis det blir etter pussing og maling :)
Det er så kjekt når ein fin slike ting som ein virkeleg fell for..
Stilig! Huskar at heime hos ei venninne hadde dei dette serviset. Artig at det er populært igjen. Eg syns kanna med knallfargane var morsom...
God helg:0)
Så gøy å se de eldre servisene. Den tekanna med blomster hadde min mor også pluss noen kopper. Ha ei fin helg!
Å så koseleg servise! Mor mi har eit i same stilen...
God helg :o)
Var innom eit loppemarked i dag, og då tenkte eg på deg,- for der hadde dei heile serviset du samler til dattera di...
Hei.Fint med sånne gode barndoms-minner. Håper du finner det skapet. Jeg tenkte også å ta en tur innom fretex for å finne norgesglass, og kanskje andre skatter. Du må gjerne linke meg, så linker jeg til deg. :0)
Dette servise husker jeg godt. Min beste venninne samlet på det mens jeg hadde et som het "Safran" I dag har jeg kun smørboksen igjen og den har jeg ikke hjerte til å kvitte meg med.
Det var litt morsom å se servise igjen hos deg idag... og dermed kom alle de gode minnene om hybeltiden fram .
He he så artig bilde av rasmuspusen og marsvinet, ser ut som de koser seg ja.
artig med slike gamle serviser. Man blir så godstemt når man er dem, tenker tilbake på da man var liten he he.
Så snilt at du vil hjelpe med julemessen. Vi er glad for alt vi får vi. Klem : )
Hei - trenger du flere servisedeler så si fra, jeg har hauger og lass med kaffekopper,eggeglass og serveringsfat til overs. ( sa@deneb.no)
Legg inn en kommentar