Slik er nyttårs veret her i Skjold, solregn kallast vel det,og det er ikkje det verste me har hatt.
Så med dette vil eg takke for ået som har vore, og ønskje alle eit retteleg godt nyttår i 2007.
..ein blogg om kvardagslivet, saker og ting eg lagar, og Frøken Fryd kafè & interiør..
Slik er nyttårs veret her i Skjold, solregn kallast vel det,og det er ikkje det verste me har hatt.
Så med dette vil eg takke for ået som har vore, og ønskje alle eit retteleg godt nyttår i 2007.
Rasmus er litt øvegidde på heila julatre ser det ut som. Han har vore veldig flink og ikkje rørt det så mykje, men han har vore borti med labben på kulene litt, og smaka litt på greinene....
Kjøkkenet har fått litt julepynt det også.

Min kjære tar ein velfortent kvil etter å ha vaska badet og golva i heile huset. Du er flink:)
Her ligg nokre av pakkane å vente på å få komma under treet. Dei ligg der å fristar alle som går forbi. Eg har ikkje funnet nokon pakke som er til meg i den haugen, merkeleg..........
Eg har sydd ein del vesker den siste tida,og dette er dei siste eg har sydd. To av dei erbestilte, og ei skal ei som eg er tante til få i julegåve. Det er den øverst til venstre, og det er sønnen hennar som er på biletet. Håpar at den fell i smak.
Denne veska er det ei i Etne som skal ha, ho kjem å hentar den i mårå. Eg håpar at ho vert fornøgd.
I mårå kveld kjem Malin heim, og det vert kjekt. Ongane skal feire jul her hos oss, så det skal bli koseleg. Eg gler meg til pinnekjøtet,nam, nam:)
Eg kunne godt ha tenkt meg å vore ute og laga snømenn i kveld,men det går ikkje når det er 5+ og regn ute. Men me har det koseleg inne med fyr i omnen ,og masse levande lys.
Nå er det berre 8 dagar igjen til julafta:) *gledemegkjempemasse*
To lys, ein liten engel og stein fra stranda i Danmark, vips, så er det adventspynt.
Rasmus, han er med der det skjer. Han likar seg veldig godt oppå spisebordet, og her er det adventstaken som han må plukke litt på. Det var jo noko som lea på seg under der. Eg kan ikkje bli sinte på han heller, han er jo verdens skjønnaste kattepus, heilt objektivt sett, altså:)
Detta er den beste mandagen eg har hatt på lenge. Det var heilt rart i går kveld når eg ikkje sko reisa med bussen kl 23.
I dag vart det to søte små englar som er dagens julekalender figur:)
Herleg, det er fredag og helg, og eg har JULAFERIE:) eg like det.Eg har sete med pedagogikk oppgåva i heile halve dag,og er nå komt halveis,ikkje verst berre det. Eg skal bli ferdig i løpet av helga,det har eg bestemt meg for!!!
I kveld tok me turen til Etne for å sjå på det nya kjøpesenteret der inne og det var jo flott. Eg fann meg ein fin svart topp,Malin fann seg ein turkis genser og Marie fann ikkje kjole,men ho fann seg ei grå joggebukse. Bent stakkar var så trøtt at han fann seg ein goe stol og vg,og der sat han:)
I mårå må eg prøve å få vaska og rydde litt og, ikkje så kjekt, men det må gjerast avogtil. Eg har eit par vesker i bestilling som eg skulle ha sydd ferdig til jul og. Må berre sette av tid ein dag.....

Me får håpa atte detta regnet slutte snart.....
Det er godt å vere heima, og nå skal eg legge meg snart. Malin kom heim i kveld,og Bent kom nettopp fra heimevernsøvelse,der har han vore siden halv sju i dag tidleg, og nå er klokka halv tolv. Heldigvis er han ferdige i mårå. Då kan me kose oss i mårå kveld.
Nå er det berre 17 dagar igjen til jul:)
Tre søte englar får vere dagens julekalenderfigur. Det er fantastisk mange søte,fine,snåle,morsomme og bedårande englar.
I kveld er det kosekveld på tvståvå her på huset. Nå har me sett "jakten på kjærligheten" og spist brownies.Om ei stund så er det Greys og CSI. Tysdagen e ganske kjekke sånn. Og i mårå kveld skal eg heim,men først er det julebord med klassen. Det blir sikkert kjekt. Me skal ha spekemat,og eg skal lage potetsalat. Skal tilogmed ha kjole på meg.............
Me har ikkje snø enno, så då får dette biletet vere ei påminning om korleis snømennene kan ha det,he he. Eg syntes denne var ganske løyen:)
Nå er det faktisk berre 19 dagar igjen til jul,og eg gler meg nåke fantastisk møkje:):):)
Så var det mandagskveld,og eg sitte på hybelen og prøve å gjera noko fornuftig.Eg har begynt å skrive på oppgåva i pedagogikk i dag. Jepp, eg e begynt:)
Eg har spela julemusikk og i dag,det er så fint å ta fram dei same cd`ane år itte år. Favoritten min er Oslo gospel kor,dei har så mange flotte sangar,særleg "ei stjerne skinner i natt", heilt nydeleg.
Denne vesle engelen gler seg lika møkje te jul som eg gjere:) Søte er han og!!
Så sat eg her då,og prøve å gjera nåke fornuftig,men det er ikkje lett når eg er trøtt og har vondt i håve. Det eg har vondt i håve av er ein artikkel eg må ha ferdig før eg kan reise heim på julaferie. Eg skal skrive om "motivasjon og læring i kunst og handverk", greit nok det,men arg,koffer ein artikkel?
Siden eg held på å lage meg ein engel på skulen så fann eg bileter av forskjellige englar,og det er så mange forskjellige nydelege. Berre sjå på den her nede. Verdens søtaste engel:)

I mårå er det torsdag,og,yes,eg skal heim:)
Gled deg kjære.
I dag etter kunsthistorien tok eg meg ein tur ner i by`n, sko sende ein pakke til ein engel i Stavanger og. Det var ganske koseleg å gå å kikke i butikkane,nå når det ikkje er så lenge igjen til jul så er det kjekt å sjå på julepynt og gåver.
EG GLER MEG TE JUL,så vett dåke det.

Her er det bilete av mine objekter i dialog, ein vase og ei krukke med lokk. Dei er oransje inni og brunsvarte utanpå. Her er dei brende ein gong,og så skal glasur på og brennast ein gong til.
Her kjem det bileter fra utstillinga "To søstre, å ei dotter" som me hadde i Kopervik kulturhus 5.-12. nov.
Her står eg og Marie framfor nokre av mine ting.
Malin posere flott framfor måleri veggen sin:)
Berit sine natur målerier, og abstrakte under.
Malin sine fargeglade målerier.
Mine målerier, og som de ser er eg veldig glad
i å bruke raude og guloransje fargar:)
Veskene mine heng så fint i vindauga. Koseleg.
Eg fekk reint julestemning av å vere i utstillingslokalet,vett ikkje kvifor,men sånn var det.
På Notodden har eg julestemning for tida,for der er det komen snø.Over Haukeli er det masse snø,så det er heilt nydeleg å sjå når eg fer over med bussen.

Nå er det visst ein måned siden eg blogga sist,hjelp så fort tida går.
Eg held som vanleg på med fleire prosjekt på ein gong,her er eit sjal i alpakka ull,herleg og mjukt.Held og på med eit langt skjerf som eg skal tove etterpå.Pluss nokre luer og andre småting. Eg har fått meg ein ny hobby!!!!
Her er nokre av veskene eg har sydd til utstillingen vår, "2 søstre, og ei dotter"som me skal ha i Kopervik kulturhus 4-12 november. Me, det er meg, søster mi Berit og dotter mi Malin. Der skal me stille ut malerier i olje,akryl og akvarell,tekstil og smykker. Det blir veldig spennande om me får noko respons.

Rasmus er alltid me når eg syr. Då ligger han oppå stoffa mine og sover,eller går i vegen.
Hausten er komen te Notodden og.Her rundt dette vatnet har eg funnet meg ei fin turløype.
Nå har me fått besøk av søster mi Berit,så då får eg blogge litt meir ein annan dag:)