mandag, november 20, 2006

Så var det mandag igjen...

Eg skjønar ikkje kvifor det er så ofte mandag?

Sist veke reiste eg heim tidleg,skulle vere med Bent og jobben ut å ete på Lothes i Haugesund. Kjekke folk og knall goe mat.

Fredagen laga eg smykker på spreng til julemessa i Vikebygd,+ at eg var på skulen på eit møte med ppt ang. lesinga til Marie. Ho er blitt skikkeleg go til å lese nå,så det var kjekt å høyre.

Laurdagen var det julemesse i Vik fra 12-16,og det var kjekt. Eg hadde med bilda til Malin og,og ho fekk selge eitt,og fekk bestilling på eitt. Det var bra,det er ikkje kjekt når det er lite salg. Eg selde og eitt bilde,og masse smykker. Kjeme godt med litt ekstra penger nå før jul:)

Fra laurdag til søndag låg Katrine hos oss,og det er kjekt for då har Marie lag. Me var og i bursdagselskap til Ole Jakob som vart 14 år. Der var det fullt av folk, og masse god mat.
Heime igjen slappa me berre av og såg litt på tv.

Søndagen gjorde me ikkje så mykje. Marie og Katrine laga ei brownies kake,tenkte at Oddvar og åse kunne få smake når dei kom for å hente Katrine,men åse hadde fått spysjuke så dei måtte heim med ein gong. Ja ja,ein anna gong kanskje.

Eg reiste bort Notodden med nattbussen, og var framme kvart over fem i dag tidleg. Her regna det og var surt, så det var godt å kunne krype under dyna og sove litt lenge.... eg sov til over ni i dag,men men, me hadde sånn bli ferdig dag så det gjorde ikkje så mykje. Eg har skrevet i heila dag og er enno ikkje ferdige,men eg trur eg har kontroll. Oppgåva skal ikkje leverast før på mandag,men eg har ikkje fått brend keramikk tinga mine,og det hadde vore kjekt å fått gjort det før eg leverer. I mårå får me ei ny oppgåve, skulptur i tre og kroki.

Nå når det er litt travelt er sjølvsagt eg blitt sjuke, begynte med at eg fraus i dag og hadde vondt i halsen og hode. Nå er eg kokvarme og har vondt i heile kroppen,så dette er jo KJEMPEKJEKT.
Æsj,eg kan ikkje fordra å vere sjuke, eg vil heim,ikkje kjekt å vere her når det er sånn. Det er vel lov å synast litt synd på seg sjølv:(

Men,men,det gir seg vel snart,og eg reiser heim når eg er ferdig med skrivearbeidet til "objekter i dialog".

1 kommentar:

Malin sa...

Du må passa på deg sjøl mammo!!!!
Men de hørre vel me de å bli sjuke nå når de e vinter...
Goe bedring jaffal:)
Gla i deg!
Klemm