..ein blogg om kvardagslivet, saker og ting eg lagar, og Frøken Fryd kafè & interiør..
søndag, juni 25, 2006
HURRA FOR:
-Danmarkstur
-tax fri...
-sol
-plen som spirer
-Malin og Kenneth var på besøk
-Marie er heime igjen
-Bent som eg e så gla :)
tirsdag, juni 20, 2006
mandag, juni 19, 2006

Her er Olga Merethe,marsvinet vårt. Er ho ikkje skjønn???? Ho er heilt tam, og elskar å bli klødd og kost med. Ho bur i lag med sønnen sin Krølle,som kom som ei overrasking i lag med bror sin ein dag i midten av februar. Me hadde fått henne vel 2 mnd tidlegare, og då var ho gravid. Me fekk gitt vekk den eine av ongane til ein familie oppi feltet,men Krølle vart buande her hos oss. Kjekt for dei å ha lag.

Helga er over,og den har gått med til å male huset på laurdag i finveret,og sying for meg på søndag i regnveret. Bildet er ovanfor er av ein løpar eg sydde i vinterferien,inspirert av Marimekko serviettar. Blomane er applikert på lin med frihandsaum,det gir ein litt røff effekt som eg likar. Elles er det regn i Skjold i dag og,så då er det syrommet som fristar mest.
lørdag, juni 17, 2006
Dette bilde er eit av tre,men eg fekk ikkje til å legge dei to andre inn, dei vart på hovudet.....Bilda er laga til sangen "Angel" fra filmen "Englenes by",ein aldeles nydeleg grinefilm....
Her har eg applikert og mala på stoffet,og så har eg sydd med forskjellig tråd med maskin, og sydd på perler for hand.
Eg har kalla bildene "As time goes by,,".
Det hadde vore lettare å skjøne tittelen om ein hadde sett alle tre bildene på ein gong.
Kan prøve igjen ein gong Malin er heime,kanskje ho kan hjelpe meg:)

Her er då linveska som eg har sydd på i nokre dagar. Det tar litt tid når eg held på, fordi eg syr etter mønster inni håve mitt og det er ikkje alltid det stemmer slik det skal. Her hadde eg tenkt å bruke nokre trehandtak som eg hadde,men dei passa ikkje...merkeleg,så då fann eg desse på sybutikken på Oasen,og dei passa perfekt.
Akkurat nå held eg på med eit nett i lys lin som eg applikerer sirklar på,i lime og turkis. Det skal vere gave til ei fantastisk kjekk dame.( Kan ikkje sei kim det e,i tilfelle ho les her,he he)
Elles i dag har eg berre lata meg ute på terrassen i fine veret,og lese ut ei bok. Den var veldig kjekk,hette "Havfruestolen" og er skriven av Sue Monk Kidd. Kan anbefalast:)
Tenk, i går fekk me (Bent) sådd i plenen og, så nå e det berre å vente på at det skal bli grønt.Det er berre eit felande styr med vatning kvar kveld.......
HURRA FOR:
- SOL
- nysådd plen
- brunfarge
- symaskin
- helg
- grillmat,nam nam
- :)
tirsdag, juni 13, 2006
Fortsatt sol:)

Nå har eg endeleg fått te å legge inn bilde på bloggen min.Malin e ei knallflinke jenta:)
Dette e då ei veske eg har sydd av lin,og detalj med skrift er fra eit plast nett som har vore Marie sitt. Har og quilta litt med maskin og for hand.
Så nå e det håp om at eg kan legge ut bilder av fleire ting eg har laga. Er inne i ein periode der eg er veldig fokusert på vesker,så me får sjå kva det blir utav dette.
HURRA FOR:
- bilder på bloggen
- sol
- brownies
- tid te å sy
mandag, juni 12, 2006
Hipp hurra for ferie:)
Heile forrige veke gjekk med te tverrfagleg eksamen,det gjekk sånn passe greit,men eg føle alltid at det e nåke eg har gløymt når eg e ferdige.
På torsdagen fekk me vete at me IKKJE kom opp i muntleg,det var godt,sjølv om eg var heilt innstillt på at det gjorde me.
I helga har me slappa av og gjort minst mulig,men på laurdag raka me utover eit lass med mold på det som skal bli plen,det var eit skikkeleg drittarbeid. Molda var full av harde klompar og røtter,men det var ikkje stein i ho, som han lova.....
I dag har det vore det fina veret,med sol og varme,men det har blese godt. Så det har vore ein fryd å ligge på terrassen og sole seg.
mandag, juni 05, 2006
Hurra for solå:)
I dag har me ikkje gjort ein fornuftig ting, bortsett fra å sola oss. Men det e faktisk ganske fornuftig når ein ser kor sjelden solå vise seg. Me e faktisk blitt solbrente.
I går var me oppe te Stemmetjødnå og fiska, det var knallskoi, for me fekk masse aure. Eg e faktisk blitt ganske flinke te å kasta, men så har eg hatt ein goe leremester i Bent og. Me fekk masse napp, og det er spennande for då vett ein at det e fisk. Så det vart vel 9 aurar te slutt, og dei hadde me te middag i dag.Knallgodt:)
I måro er det å fortsette med eksamen, eg har grubla litt på oppgåva i helga,men at nåke så enkelt kan vere så vanskeleg, det er ufatteleg.
Men eg får mane fram alle kreative krefter og idear eg kan, og så får det gå som det går.På fredag e eg ferdig,så det så.
HURRA FOR:
- SOL:)
- varme
- grilla aure
- ny veke
- snart ferdig med eksamen
- soft shake sjokolade
Nå skal eg ut å gå tur, ha ein fortsatt fin mandagskveld:)
fredag, juni 02, 2006
yesss! Endeleg var det helg:)
I går var eg ferdig med engelsk eksamen og. Det gjekk greit sjøl om eg var skikkeleg forkjøla. Men det er løye koss ein held ut når ein trør i seg 2-3 paracet. I dag begynte me på den tverrfaglege eksamen, oppgava hette "ung 2006",greit nok det når ein e 36 år....men eg får vel te eit eller anna.
I dag kom Malin heim og, kjekt det. S å kan me plage henne litt og. Marie har vore på Mostraspelet i dag, i øs pøs regnver, og klarte sjølsagt ikkje å ta med regnkledå eg HADDE lagt fram. Me det hadde visst vore kjekt likevel.
I måro skal ho på speidar tur te Etne, dei skal ligge i lavvo til mandag. Håpar dei får fint ver:)
Bent har krøpe opp på loftet for å sjå film, ein eller aen krigsfilm,trur eg. Den varte visst i 3 timar, elle nåke sånt. Eg trur heller eg går å legge meg, så kan han sitte der og glo,he he.
HURRA FOR:
- endeleg helg
- lasagne
- snille ongar
- kjekke sambuar
- ferdig med 3 eksamenar
- sikkert snart frisk igjen:)
Ha ein fortsatt fin fredagskveld (det e den beste kvelden i heile veka)
-
onsdag, mai 31, 2006
Så var det onsdag, og snart helg:)
Eg e jo sjølsagt blitt sjuke, vondt i halsen og feber.Det e så typisk, når eg har eksamen så blir eg sjuk. Æsj og dobbel æsj.
I dag fekk eg kontrakten te hybel på Notodden. Har søkt på faglærar i forming der til hausten, og håpar at eg kjem inn. Eg synest det er kjempe skummelt å reise dit aleine, men eg gler meg og. Det er jo det eg har hatt lyst til i mange år. Så eg har sagt at eg skal prøve først i eit år, og så får me sjå etter det. Har jo ikkje lyst til å reise fra dei her heime,men nå blir det sånn, og me får gjere det beste utav det, og så får eg pendle att og fram.
Tenk, det har vore sol i heile dag:) Då blir eg så gla inni meg.
Eg skal legge inn bilder v ting eg har laga, men me har ikkje fått det te heilt enno. Du får hjelpe oss i helga Malin:)
mandag, mai 29, 2006
mandag morra blues
I går vart eg ferdig med veska eg sydde, den vart ikkje så verst. Skal legge ut bilder av ting eg lage,ein gong:) Må sy litt meir har eg tenkt, får jo tid i sommar siden eg ikkje skal jobbe, meinar eg. Det har ikkje vore mykje sying dei siste åra, berre skule, men avogtil så må eg berre sy......
Har idear te fleire prosjekt oppi håve mitt,så nå e det berre om å gjere å få gjort det. Te meir eg syr te fleire idear får eg, men sånn e det vel med dei fleste.
I måro skal eg ha besøk av jentene i klassen, og det vert nok koseleg, dei er så kjekke atte, og eg kjeme te å savna dei når me e ferdige på skulen.
HURRA FOR:
- ferdig med ein eksamen
-ikkje regn i dag
-snart helg
-meksikansk tomatsuppe
-heimelaga is
Ha ein fortsatt strålande måndag:)
lørdag, mai 27, 2006
Bursdagselskap
Og i dag fekk me molda som me skal ha på plenen og i beda. Det blir litt arbeid å få den på plass for han klarte ikkje å tippe den på plenen, men utforbi....tulling.
Så kl to eller nåke sånt, kjørte me te Vea, for det er der Tone bur. Ho er eg tante til, og ho har fyllt 27 år og skulle feire det ilag med kjærasten sin, Sigurd som har fyllt 35. Han er fra Kristiansand, men skal flytte ilag med Tone te sommaren. Søster mi Berit og svogeren min Geir, var der og. Dei er foreldrene te Tone, og Laila søster hennar. Laila har to gutar som er tvillingar, og heiter Hans David og Karl Inge. Dei er 6 år, og e høgt og lågt. Kjempe snåle gutar. Hans David hadde ei laus tann som morfar te slutt klarte å trekke ut. Han kom stolt å viste dette, mens tårene rant og blodet pipla utor eit tannlaust hål:)
Me fekk masse gode kaker, og spiste og koste oss i fleire timar. Alltid koseleg å vere i lag med dei.
Geir og Bent planla å ha ein fisketur neste helg inne i Hervik. Kanskje det då blir aure,for sist Bent var å fiska vart det ikkje nåke. Eller dei han fekk, fekk Svein med seg heim. Heldiggrisen!
Hurra for:
- gåtur i regnet
-bursdagselskap
-tannfeen
-Kanskje sol i mårå
-søndag
fredag, mai 26, 2006
Endeleg fredag:)
Elles har me ikkje gjort så masse i dag,Bent har kjøpt trillebår og plenfrø,så nå vente me berre på litt meir mold og det kjeme i mårå,kanskje. Og så har han vore å klipt seg:) vart så fine atte.
I kveld var me på Byscenen og høyrde på Vamp, det var heilt FANTASTISK flott. Når dei spela Tir na noir og alle sang med, var det nesten så det kom ei tåra, så fint var det:):)
Vamp e favoritt gruppa mi!!!!!
Hurra for:
-fint ver (sol)
-VAMP
-kebab (Bent måtte ha)
Ha ein fortsatt fin fredagskveld og i mårå e det laurdag:)





