onsdag, mai 31, 2006

Så var det onsdag, og snart helg:)

Så e me halveis i denna veko og. Har hatt norsk sidemåls eksamen i dag.Skreiv eit kåseri om "den lykkelige barndommen", tok utgangspunkt i min eigen barndom, og den var nå rar nok, men eg liker ikkje så godt å skrive bokmål. Eg føler at det vert litt framant,men skitt au, nå e eg ferdig med den. I måro e det skriftleg eksamen, og det vart engelsk.
Eg e jo sjølsagt blitt sjuke, vondt i halsen og feber.Det e så typisk, når eg har eksamen så blir eg sjuk. Æsj og dobbel æsj.
I dag fekk eg kontrakten te hybel på Notodden. Har søkt på faglærar i forming der til hausten, og håpar at eg kjem inn. Eg synest det er kjempe skummelt å reise dit aleine, men eg gler meg og. Det er jo det eg har hatt lyst til i mange år. Så eg har sagt at eg skal prøve først i eit år, og så får me sjå etter det. Har jo ikkje lyst til å reise fra dei her heime,men nå blir det sånn, og me får gjere det beste utav det, og så får eg pendle att og fram.
Tenk, det har vore sol i heile dag:) Då blir eg så gla inni meg.
Eg skal legge inn bilder v ting eg har laga, men me har ikkje fått det te heilt enno. Du får hjelpe oss i helga Malin:)

Ingen kommentarer: