tirsdag, november 17, 2009

Engler daler ned i skjul...

...både her og der.
På laurdagens juleverkstad så vart det englar
på både syltetøyglas som vart flotte lykter,
og på kort, fyrstikkesker og andre små esker.
Me storkoste oss både små, ikkje fullt så små
og store i mange timar.
*Kjøkkenbordet mitt var dekka av
utstyr til å lage og dekorere med,
og konsentrasjonen vart på topp.
Som eine venninna mi sa;
"Eg har ikkje vore så kreativ på det eg kan hugse"
Men når ein jobbar hardt så vert ein svolten,
og då var det godt med risengrynsgraut
med mandel i...
*
På butikken er det også englar som gjeld.
Her har eg laga merkelappar med engleglans på,
og dei ligg oppi ei eske med lokk i samme stil.
Englar er fine heile året,
men eg syns dei er ekstra flotte å pynte med til jul.
Nostalgisk julepynt er det eg er mest glad i:)
*
Til helga skal eg vere med på ei julemesse i Haugesund
i Haraldshallen, og eg lagar julepynta ting for harde livet.
*
Siste helga i november skal eg vere med på
"Jul i Rosendal"
og der trur eg vert skikkeleg skikkeleg julestemning.
*
Kanskje eg ser DEG på ein av desse plassane??




fredag, november 13, 2009

God helg

Vil ønskje alle som kikkar innom
ei fin og god helg.
*
I morgon, laurdag,
skal eg har juleverkstad heime
i lag med 2 venninner og ongane deira.
Me skal kose oss med å lage julepynt,
og ete risengrynsgraut.
Det er viktig å kose seg innimellom :)

onsdag, november 11, 2009

Masse nytt og litt nyttig...

..seier venninna mi Ingrid om plassen ho jobbar.
Det samme kan eg seie også:)
Det kjem nye varer inn i butikken nesten kvar dag,
og nå er det rimeleg fullt.
Eg er særs glad i hjarte og englar,
og denne rustikke engelen synes eg er veldig flott.
Eit lite sinkhjarta er det alltid plass til,
og eskene som eg dekorer med nostalgiske bilete og blonder
er koselege til å oppbevare saker og ting i.
*
Søte englevinger som kan henge til pynt kor som helst,
og små musikkinstrumenter som kan pynte juletreet 
eller henge på ei grein.
Tøff, linfarga pute med trykk.
*
Søt og rosa lampe med klype kan vere fin gåve til jenterommet.
Eg har han også i lyseblått og kvitt.
Tøffe kruner til telys i antikksølvfarge.
Nydeleg handlaga papir fra Nepal,
med sølvtrykk og svarte noter.
Alt dette og mykje meir er å finne hjå Frøken Fryd i Isvik, 
*
Heime har eg pynta med nydelege lerkekvister 
i vasar rund tomkring i huset.
Lerkekvister med sine søte små kongler på,
 er så fine synes eg.
Det er eg forresten ikkje aleine om å syns.
Frida pusen har lagt sin elsk på desse,
 og hoppar opp på bordet og forsyner seg med både kongler og kvister.

Ho er ein aktiv liten turbopus og er inni og oppå det meste.
Vaskemaskinen er ho veldig interessert i,
og står og ser på når han går, og kryper inni når han er tom.
Glaskarmen er fin å ligge i, og alle andre plasser ho kjem til.
På bileta ser ho roleg og sindig ut, men skinnet bedrar,hehe:)
Så her i heimen er det full fart med firbeinte, 
me på to tar det litt meir med ro.
***
Ha ei fortsatt fin veke du som kikkar innom:)





fredag, november 06, 2009

onsdag, november 04, 2009

Pittelitt JUL...

...er komen på plass i butikken,
og meir kjem det framover.
Store flotte trebokstavar med GOD JUL
som er fine i vindaugskarmen eller på ei hylle.
Desse er å finne her
*"My first year" ramma er kjempenydeleg,
og så koseleg å ha eit bilete for kvar månad.
Då ser ein verkeleg korleis dei søte små
forandrar seg månad for månad.
Knaggrekka med "Home Sweet Home"
skal ivertfall eg snope med meg heim.
*
Adventstaken med kongler er kjempetøff og passe rustikk,
og den vesle kammerstaken med kongler er superskjønn:))
Veske som eg har sydd med bruk av blonder,
band, dill og dall.
New York klokke som heng i kjetting
er fin både på kjøkkenet og stova:)
*

Greengate har fått kome inn i eit nymala skap,
og nå står dei så fint og vente på at nokon skal kjøpe dei:)
*
Her i vest er det stormfulle dagar og netter,
og alt som ligg laust ute, er på vandring.
Heldigvis så har me eit solid hus,
men det knakar og knirkar faretruande til tider.
Me får satse på at blesten snart gir seg.
*
Ha ein super fin dag du som kikkar innom.



fredag, oktober 30, 2009

Svar fra bokhylla...

Torunn med bloggen ..hvorfor ikke...
hadde ei utfordring om å svare
på spørsmåla under ved hjelp av boktitlar.
Dette var så morosamt at eg måtte prøve eg også.
*
Er du mann eller kvinne?
"Løvekvinnen"
Beskriv deg selv.
"Nattens kvinne"
Hvordan har du det?
"Saman er ein mindre aleine"
Beskriv stedet du bor på.
"Veien hjem"
Hvor ønsker du å reise?
"Fra oldtiden til i dag"
Beskriv din beste venn.
"De få utvalgte"
Hva er din favorittfarge?
"Svarte sommerfugler"
Hvordan er været akkurat nå?
"Tatt av vinden"
Hva er din favorittårstid?
"Sceneskifte"
Om livet ditt var et tv-program, hva skulle det hete?
"Som dine dager er"
Hva betyr livet for deg?
"Kjærligheten, havet og døden"
Hvordan er parforholdet ditt?
"Århundrets kjærlighetssaga"
Hva er du redd for?
"Hundre års ensomhet"
Dagens aforisme.
"Hvor skal man legge hodet, om ikke i bløt"
Hvilket råd vil du gi andre?
"Husk å leve-husk å elske"
Hvordan vil du dø?
"Himmelstormeren"
Ditt motto.
"Møt dagen"
***
GOD HELG

fredag, oktober 23, 2009

70- talet på sitt beste...

..må eg vel seie dette broderte putetrekket er.
Det er ein "knæsjen" fargekombinasjon
som er brukt her...
Eg har sydd stoff rundt broderiet
for å få puta 50 cm x 50 cm stor,
som er ein passe putestørrelse.
*
Neste pute er litt meir dempa i fargeprakta.
Eit liknande brodert bilete hadde me heime
hjå oss når eg var lita jente.
*
Eg har funnet fleire liknade broderier
som skal brukast på puter eller vesker.
*
I butikken kjem det nytt kvar veke nå,
og GreenGate er kjempepopulært.
Eg likar så godt lattekoppane,
og det er det mange andre som gjer også:)
*
Søte og blanke ting utstilt i sjokoladeskapet.
I går kveld var det litt ommøblering i butikken,
+ at min kjære sette opp hyller på lageret
slik at eg får betre oversikt,
og får det litt ryddigare der inne....
*
I går kom desse flotte boksane til katte- og hundemat,
og like matskåler
Eg har også brødboks i samme serie.
Kjempeflotte ting.
*
Tøffe lampar fra Lisbeth Dahl.
Denne med klype til å sette fast i bordkanten
eller i ei hylle.
*
Denne er min favoritt.
Kjempetøff.
*
Lille, søte Fridapusen er så herleg,
og har funnet seg godt til rette i familien.
Ho er så tillitsfull og søt,
og har innynda seg hjå Rasmus
som var særs skeptisk til å begynne med.
Tinni er ho ikkje heilt på godfot med enda.
Ho er så tøff og freser til han som er 10 ganger
så stor som ho sjølv, og han rygger unna, hehe.
Det kjem nok fleire skrytebilete av
"babyen" vår framover.
*
Fredag, og vinklubb i kveld.
God helg til alle som kikkar innom.
Klem H










onsdag, oktober 21, 2009

Vil du helse på Frida???

I går flytta denne søte frøkna inn hjå oss.
Ho er 11 veker gamal og er ei lita
tigerstripete og spretten jente.
***
Det var spanande å sjå korleis ho
ville gå saman med Rasmuspus og Tinnihund,
og det gjekk ganske greit.
Rasmus freste til henne og ho freste til Tinni.
Så då er rangeringa klar.
Me kjøpte henne av dyrlege me går til,
og skal tilbake om 4 veker for revaksinering.
Då skal Rasmus vere med også, og få ny vaksinering.
Han skulle vere med i går kveld,
men det passa han ikkje, og stakk ut...
***
Ha ein fin dag du som kikkar innom.

tirsdag, oktober 20, 2009

And the winner is....

Eg har trekt ut 3 stykker av dei 50
som kommenterte på bursdagsinnlegget.
*
Dei 3 som var heldige vinnerar
av ein lite pakke fra Frøken Fryd er;
*
Nr 13 - Brit Jorunn (anonym)
***
Gratulera alle 3.

fredag, oktober 16, 2009

Frøken Fryd 1 år

Hipp, hipp, hurra!!!
***
butikken min
fyller 1 år
i dag fredag 16 okt.
I det høve så vil eg gjerne gi bort
ei gåve til dei
som skriver ein kommentar
under her.
Eg trekker 3 vinnerar
mandag 19 okt.
Ha ei strålande fin
og god helg:)))

torsdag, oktober 15, 2009

Ett ord

Ett ord som blir sagt
i alvor og skjemt-
kan brenne seg fast
og aldri bli glemt.
* Ett ord kan gi glede,
håp og tro,
ett ord kan gi sår
som aldri vil gro.
*
Så velg dine ord
med forstand og takt-
for husk
ett ord har makt.

tirsdag, oktober 13, 2009

Love is all around...

Eg likar søte ord og uttrykk, små sitater og fine dikt.
På mange av tinga eg lagar så bruker eg
fine ord og sitat.
Mange av tinga som er komen
og som kjem inn i butikken min
er det også søte ord på.
Sinktags med "I love you",,
hjarta med magnet "LOVE"
og eit lite søtt skilt med "Best Dad".
Alle desse finns med forskjellige ord på.
Kjempefine attåtgåver,
eller som ei lita oppmuntring.
*Eg er også veldig glad i hjarte,
og brukar også dei på mykje av det eg lagar.
4 mandagar så har eg nybyrjarkurs i lappeteknikk,
og i går så sydde dei liten sminkepung med hjarta på!!
*
Elles er eg så smått byrja å førebu jula i butikken.
Ikkje med å pynte, men med å lage litt forskjellige
som eg skal ta fram i november.
Det er då eg pyntar og tek fram juletinga.
*
Nostalgiske esker, fyrstikkesker og kalender
er slikt som er veldig kjekt å lage.
Eg likar å putle på med slike ting
når det er litt roleg i butikken.
*
Vinflaskehaldar med lokk trur eg kan bli kjekke julegåver
eller vertinnepresang om du skal gi ei flaske vin.
Nostalgien lenge leve.
Etter ei flaske vin så vert
dei fleste av oss litt nostalgiske.
*flire*
*
Her på vestlandet skin sola fra knallblå himmel i dag.
Heerrleg:))




søndag, oktober 11, 2009

Jule-sy-mysterium del 4 og nesten del 5

Eg fekk ikkje gjort noko med syinga i går,
så i dag måtte eg ned på butikken
og sy og skjere litt.
Denne måten og sy flygande gjess på har eg ikkje prøvd før,
men den var jo heilt super.
:
Her er det eine bilete sydd saman
med stjernespissar og det heile.
Det manglar lukkekant,
men eg lurer på om eg skal
sette dei to saman til eit bilete.
Me får sjå.
Tusen takk 9na for eit
kjempekjekt jule-sy-mysterium.
Kikk innom til 9na så får
du sjå det alle dei andre også har sydd.

fredag, oktober 09, 2009

Jule-sy-mysterium del 3

Så var me jammen meg komen
til dag 3 i julemysteriet til 9na,
og i dag var oppgåva å skjære opp stoffa
i store, mindre og små kvadrat,
+ lukkekanten
*Eg måtte skunde meg å brodere i dag,
siden eg ikkje kom i gang med det i går,
men først måtte eg innom Petunia
og smake på ein vaffel.
Ho har stilt opp som vaffelsteikar,
medan me andre skal sy:))
Innimellom, på jobb i dag,
så fekk eg brodert eine lappen,
og så får eg ta den andre til gullrekka i kveld.
Det var faktisk veldig kjekt å brodere,
og det vart ikkje så aller verst heller,
om eg skal nå skryte litt av meg sjølv:))
Men det er nok her, som med alt anna,
at øving gjer meister.
*
God fredagskveld og helg.

torsdag, oktober 08, 2009

Jule-sy-mysterium del 2

Nina hadde klar del 2 av jule-sy-mysterium då eg kom på jobb og slo på pc`n.
Stichery var det me skulle finne utav i dag.
Siden eg aldri har prøvd meg på stichery før
så vert dette litt i overkant spanande for meg...
Eg er ikkje så veeeeldig glad i å brodere,
og tenker med gru tilbake på ein engel som
eg skulle brodere i 7 klasse.
Eg brukte det skuleåret på den, og vart likevel ikkje ferdig...
Jaja, sånn kan det gå.
Men eg har bestemt meg for at dette skal eg prøve
med ope sinn og ukueleg optimisme.
*
Eg følgde linken som Nina har lagt ut,
og fann masse søte små nissejenter og gutar.
Eg plukka ut ei jente med katt
og ein gut som matar småfuglane.
Ein katt til som eg får sjå om det er plass til.
Samstundes så var eg innom Småbyliv
og fekk meg ein kopp kaffi,
mmmm, den var særdeles god.
Men tilbake til utfordringa stichery.
Nina skriver om ein Pigma penn som eg skal teikne med,
og då lurer eg på kvar eg får kjøpt den??
Er den å finne på ein vanleg bokhandel
eller er det på sybutikken dei har den???
Eg får øvesy meg pittelitt på eit tøystykke
til eg får sette i gang jakta på Pigma....
*
Ps. Som du ser Nina, så har eg byta ut
dei raude stoffa med grått og beige.
Eg vart ikkje fornøgd med dei raude.
Så då vart det sånn....
*
Fortsettelse i morgon.

onsdag, oktober 07, 2009

Julemysteriet del 1

Nina med bloggen 9nas smutthull har laga til julesymysterium
og i dag fekk me som skal vere med første del.
Her var det om å gjere å finne raude og kvite stoff....
Hmm, dette vart faktisk eit problem for meg.
Eg har masse raude stoff, men svært lite med
raudt med kvitt, og kvitt med raudt.
Dette med kvite prikkar var det eg fant i dag.
*
Det matcher jo GreenGate sitt prikkete raude servise,
så kanskje eg skal gå for det:))
*
Eller skal eg finne nokre heilt andre fargar, gruble gruble.
Siden dette er eit julemysterium
så fann eg like godt fram eit nissebilete fra i fjor.
Kanskje han kan hjelpe meg å løyse dette??
*
Fortsettelse følger i morgon....



lørdag, oktober 03, 2009

Haustlege syssler

Teppet eg sydde for litt sidan er jammen meg ferdig.
Det var lurt å vise det her,
og då ha litt press for å få gjort det ferdig.
Inni teppet er det mjuk platevatt, og flanell på baksida.
Quilta med knutar på lettvint måte,
og lukkekant rundt,
så vart det ferdig fortare enn eg hadde trudd.
*
Det hjalp likevel ikkje å sitte under eit varmt teppe
og sy lukkekanten på for hand på baksida,
når Herr Frost kjem på besøk.
*
Eg fekk meg ei lei forkjøling,
og måtte vere heime fra jobb nokre dagar.
Heldigvis har eg ein supersnill og flink mann
som gjekk på jobb for meg.
*
Det hjelper faktisk med kakao og krem i koseleg Mummikopp,
ivertfall på humøret.
Eg hadde ein som passa godt på meg heime,
og det var Rasmuspusen.
Låg eg i senga så kraup han inntil meg, og sov godt.
La eg meg ned på sofa`n så la han seg oppå beina mine,
og gjekk eg opp for å sjå litt på tv så var han med trofast som alltid.
Det kan jo også vere at han var så glad
for at eg var heime midt på dagen, hehe:)
*
* Søte og fine Rasmus*
*
Elles går livet sin vante gang,
og regnet er tilbake etter nokre dagar med frost.
Haust er sytid,
og eg har rota fram masse stoff
som eg håpar skal bli lappetepper.
Å sy tepper er ein fin måte å få brukt opp
litt av stofflageret på....
Eg har også meldt meg på ei symysterium hjå Nina
med bloggen 9na`s smutthull.
Kikk innom og sjå om det er noko du vil vere med på.
*
Ha ei fin og god helg du som kikkar innom*






tirsdag, september 22, 2009

Hadet på badet...

...din gamle sjokolade...
Litt nytt til badet er komen inn til Frøken Fryd.
Svart og kvitt er stilig og tidlaust.
*
Alt dette og meire til finn du i butikken min i Isvik,
men eg har også lagt ut masse nytt i nettbutikken.
*
Sjå den herlege turkise fargen på knottane.
***
Fuglebur, skilt og hyssinghaldar med saks
finn du også i butikken min:)))
*
I`ll be back soon:)

onsdag, september 09, 2009

"Istadenfor" lappeteppe

Eg har det med å utsette ting,
og spesielt ting eg eigentleg ikkje har lyst til å gjere.
Så istadenfor å gjere det eg burde gjere,
så gjorde eg det eg hadde lyst til,
og sydde eit lappeteppe.
Rosestoff i lyseblått og rosa, og prikkestoff i beige
vart kutta opp i kvadrat på 15 cm x 15 cm,
og sydd saman til teppe av 8 x 12 ruter.
Nå gjenstår vatt, bakstykke, quilting og lukkekant.
Mon tru kva tid eg får lyst til å gjere det???
*Enda meir Greengate varer kom også i dag.
Nydelege små - og storblømande lattekoppar,
mugge og skåler, m.m.
*
Eg har lyst på alt.....
*
Tusen takk
for alle koselege kommentar
de legg att her hjå meg.
Dei set eg stor pris på!!!
Ha ein superfin dag
du som kikkar innom



mandag, september 07, 2009

Kjærastetur til Rosendal

Min kjære og eg var saman med to andre par på kjærastetur
til nydelege Rosendal Turisthotell.
Hotellet har ei fantastisk utsikt over fjorden,
og heile hotellet har ei nydeleg atmosfære,
slik at med ein gong du går inn
så senkar skuldrene seg
og du slappar av og nyter roa der inne.
Me kosa oss med vin på terrassen i andre etasje,
middag i Martha Meidell resturanten,
og meir vin og ein svingom i Vinkjellaren.
*
Søndagen tok me turen til Baroniet i regnveret.
Rosene blømde fortsatt, men var nå på hell.
I drivhuskafeen vart det kaffi og potetlefse
før me satte nasen heimover.
***
Takk gode vener for ei koseleg
helg i Rosendal.
***
PS. Må fortelje at dei andre to para kjørte inn før oss
og klatra til toppen av Melderskin vel 1400 m. o.h.
Kvar si lyst,hehe.


torsdag, september 03, 2009

Romantiske puter

Puter er koseleg å sy,
og når det er lekre gamle blonder,
broderier, og lyse lette stoff,
går arbeidet som ein leik.
*
Putene finn du i butikken min, Frøken Fryd,
og her inne


onsdag, september 02, 2009

Bursdagsjenta mi

Gratulera med 24 års dagen jenta mi.
*

1 års dagen i 1986
*
Bileta har eg lånt uten lov fra bloggen hennar...
***
"Before you
were concieved,
I wanted you.
Before you
was born,
I loved you.
Before you
were an hour,
I would die
for you.
This is
the miracle
of life."