torsdag, juni 05, 2008

Eg er vel heldig....

I går fekk eg hentelapp i postkassa mi.
Pakke fra "hemmelig venn", sto det på den.
*
Skal sei at eg vart overraska når eg fekk utlevert denne digre eska.
Postdame lurte fælt på -"om eg berre fekk pakke sånn uten videre fra ein hemmeleg venn?"
"Jepp" sa eg:)
*
Til og med malemannen min måtte kikke litt når eg kom berande med denne.
Oppi eska låg eit nydeleg kort på toppen, og inni sto ei koseleg helsing,
og eit hint om at ho står på linklista mi, hmmmm???

*
SJÅ alt dette fine eg fekk.
Åååå det er så kjekt å få pakke i posten!!!!
*
To flasker cider, eple og pære, tre kjøkkenhandkle, to fluenett til å ha over maten,
og den flotte baljen som eg kan ha blomar i:)
TUSEN, TUSEN TAKK min hemmelege venn.
Dette var midt i blinken:)
*
Men ikkje nok med det.
Eg har vore særdeles heldig den siste tida.
I helga var eg og min kjære i Stavanger for å hjelpe
til å flytte saker og ting for søster til mannen min.
Ho skulle ikkje flytte så langt,
men alt skulle berast ned fra andre etasje i huset der ho budde,
setjast inn i bilane, kjøre 3 min, og berast ned ei lang trapp til den nye leiligheten.
Pust og pes, men det vart varmt.
Men alt dette var gløymt når ho sa....
*
...at eg kunne få dette skapet.
O herligheten:)
Ho hadde tenkt å levere det til fretex,
men kvifor gjere det når eg kan ta det med meg,hehe.
*
Nydeleg lås.
*



Men ikkje nok med det.
Eg fekk denne gamle nydelege prismelysekruna også.
*




Eg fekk ei lysekrune til, med tre kuplar på,
men den har eg pakka ned, førebels.
Eg fekk eit anna skap også, men det har eg ikkje tatt bilete av.
*



Nydelege glasprismer:)
*
Min kjære lurte fælt på kor i all verden me skulle gjere av alt dette,
men det treng ikkje han uroa seg for.
Berre han hjelper meg å bere dei inn så skal eg ordne resten:)

*
Søndagen var det loppemarked her i bygda,
for første gang på mange år, og det skulle eg på.
Lørdagen når me var i Stavanger var det to loppemarkeder
i nabobygdene, typisk.
Difor skulle eg på dette på søndagen, og me skulle vere der presis ett.
Og glad er eg for det,
for sjå kva eg fekk tak i...

*


To slike stolar og eit bord som passa til,
for den svimlande summen av.....

130 kr.
*
Eg er så fornøyd med den helga at eg kan ikkje få sagt det nok, JIPPI.


*

Så då vil eg og keramikk høna
ta oss ein tur ut i det nydelege varme veret,
og sole oss:)
(Dette vart visst eit langt innleg)
Ha ein fantastisk dag alle saman.
Livet er ikkje det verste ein har.
Klem.













mandag, juni 02, 2008

Bruer.....

.....kan eg finne overalt...
*
I can find a bridge everywhere....
*
..... alle er ikkje like store og flotte....
*
not all are big and fancy....
*
.... men dei gjere nytta si.....
*
but they do....
***
Ha ein strålande dag alle saman,
og her er det sol og 24.5 grader i skuggen *smiler*
*
Have a nice day everyone who stop by.



lørdag, mai 31, 2008

Om å finne ein skatt

I dag har eg funne mange skattar....

....skatt med hol i...

....skatt med sprekk i...


...furet værbitt skatt...



...og skatt med rust i....
*
Eg kjenner meg rik.
Rik på glede over å finne
så mange skattar
langs svaberg og sjø.
*
Takk for at rekved finst.





onsdag, mai 28, 2008

I pur glede....

.....over å vere ferdig med å skrive Fou rapporten min i dag,
og som skal leverast i to eksemplarer før kl 14 i morgon,
så baka eg skillingsboller.

Nam, nam.
Og etterpå så satte eg meg på terrassen og lufta tærne:)

Her i vest er det så varmt og nydeleg ver for tida,
og det er berre herleg.
Eg nyter det i lange drag.



Ein liten smakebit av skulptur i raku-keramikk som eg har laga.
Denne er ikkje brent.
*
Nå er det nattinatt for meg.
Ny dag i morgon og nye mogelegheiter:)
***
Live well
Laugh often
Love much
***
Kloke ord å ta med seg.










tirsdag, mai 27, 2008

And the winner is....


....nr 21, 27 og 34..... så nå kan dåke lure på kven det er, hehe.
Neida, eg berre tulla.
Eg trakk ut tre som vil få ei lita gåve fra meg, og det er:
*trommevirvel*
*
-Fru Dings-
-Åsemor-
-Oleiv Lene-
*


Her hjå meg er det siste innspurt i FoU oppgåva i
Raku - keramikk, på skulen.
Den skriftlege delen skal leverast på torsdag.
I går brann eg alle skulpturane mine
+ ein del andre ting for nokre av medstudentane mine.
Eg var ikkje ferdig før kl 19 i går kveld, og då starta eg før kl 12.
Det tok laaaang tid, men resultata vart bra.
Så då er det gløymd at eg var heilt utslått når eg kom heim i går kveld kl 2o.30.
Det er veldig spanande med Raku fordi glasurbrenninga gjer me ute i ein gassomn,
tinga vert lagt i sagflis medan dei er glødande varme, ca 1000 grader,
og så tar det fyr, og det er masse røyk og flammar, og full action.
Godt at eg fekk hjelp av Tone i klassen min
fordi det er ikkje enkelt å halde på aleine.
*
Her er det sommarvarme og terrasselivet nytes i fulle drag.
Herleg:)






lørdag, mai 24, 2008

2 år...

...fyller bloggen min i dag.
***
--HIPP - HIPP - HURRA--
***
24 mai 2006 vart mitt første innlegg publisert.
Etter to år har eg fått mange gode bloggvenner,
og er blitt kjend med mange spennande og kreative
jenter i alle aldrar.
I høve bursdagen så byr eg på
jordbær og vaniljesaus.
Velkommen til alle som vil smake:)
***
Fram til mandag 26 mai kl 24, så er alle som
legg att ein kommentar med i trekning
av ei eller fleire gåver laga av meg:)
***
Her skin sola og det er sommarvarme ute,
og dette skal fortsette i neste veke.
Dette kan eg like veldig godt:)
***
Ha ein fin laurdagskveld og helg.

torsdag, mai 22, 2008

...Tagget...


KatrineK har tagga meg, og eg seier YES,

og utfordringa går ut på følgande:


"Pick up the nearest book.

Open on page 123.

Find the fifth sentence.

Post the next three sentences.

Tag five people, and acknowledge who tagged you."

****

Siden eg eigentleg sitter (skal sitte) og skriver på ei oppgåve,
så er det Gombrich si bok,
"Verdenskunsten" som ligg nærast,
men under ein heil haug med notater og utskrifter....

***

På side 123, setning 6,7 og 8

står det følgande:

*

...kastet dem - akkurat som i dag. Men heldigvis er det blitt oppbevart ett

viktig, verdslig verk - og det har skjedd fordi det ble oppbevart i en

kirke. Det er det berømte Bayeuxteppet som skildrer normannernes...

****

Nå må eg tagge nokon....

....





onsdag, mai 21, 2008

BURSDAG

Gratulera med dagen min kjære Bent.
****

Min kjære fyller 39 år i dag,

hipp, hipp, hurra...

....og når han kjem heim med flyet fra Oslo skal det bli både suss, gåver og kake:)

tirsdag, mai 20, 2008

Eg, ein kreativ blogger!!!

Eg har fått "kreativ blogger" award av både Harmoni og Lykkelene.
Tusen,tusen takk begge to*smiler*
Det er så utruleg koseleg at nokon set pris på meg og bloggen min.
Eg gir den herved tilbake til dåke to,
og skjønar godt at dåke fekk han i utgangspunktet:)
***
Eg skal gi denne videre til fire andre kreative bloggarar,
men helst har eg lyst til å gi den videre til alle på linklista mi.
Eg får halde meg til reglane,
elles kan det tenkjast at dei trekker tilbake awarden min*huffåhuff*
******
Eg vil gi denne kreative bloggar awarden til:
***
Bea med bloggen - "Strikkepinner og andre pinner" fordi
ho er ei jente som tryllar fram det eine flotte strikkeprosjektet
etter det andre i ein rasande fart.
Eg likar også hennar sans for humor:)
***
Beritsøster med bloggen -"BeritT" fordi
ho tar fantastiske foto, malar dei nydeligaste bilete,
og fordi ho er storesøster mi.
-Innhabil eg??? Neida.
***
Merete med bloggen "en reise med små sting..." fordi
ho syr dei mest fantastisk flotte saker og ting,
og skriver så fint om dagleglivet sitt.
***
Grethe med bloggen "Morgrethe" fordi
ho viser oss flotte foto,
strikker metervis med skjerf og andre flotte ting,
og det er alltid kjekt å kikke innom til henne:)
***
Ha ein fin dag alle saman.

mandag, mai 19, 2008

...Soverom...

I Pinsehelga var det så varmt og fint ver her på Haugalandet at eg kunne stå ute og male.
Eg har nokre gamle soveromsmøbler som skulle malast,
og fann ut at siden min kjære ville male huset, så kunne eg male møblane.
Nattborda fekk eit strøk kvitmaling i fjor sommar......,
men eg er ikkje så glad i heilt kvitt, så dermed fekk dei nå ein omgang med fargen sand.
*
Det høyrer eit stort speil til denne kommoden,
men det er litt øydelagd i feste, så det får eg prøve å fikse.
(forresten så hadde det sett skikkeleg dumt ut med speil foran vindauga *fnis*)
Det er vannvittig med motthol i skuffene, dei er heilt svartprikkete.
Men siden det er så inn med prikkar i år, så gjer det ingenting:)
*
Rosa roser i glasvase sett inn i høve bilet taking, hehe.
*
Detalj av kjolen min fra 23 juni i fjor,*sukk*

*
Nattborda har vore så heldig å få nye knottar,
men eg hadde berre to,
så den observante sjåar såg nok at på komoden manglar det knottar.
Ikkje hugsar eg kor eg kjøpte dei heller.
Pytt, pytt, eg finn sikkert nokre andre fine:)
*

Litt tekst på min kjære sitt nattbord.....
*

Senga har til og med fått heilt nytt sengetøy, i lyseblått,hmmm.
Godt å ligge i var det ivertfall:)
*
Det høyr med ein komode og ein stol til desse møblene
som eg fekk for mange år siden, av ein eldre mann som skulle kaste dei.
Men nå er dei gode som nesten nye:)
Eg likar så godt formen på beina, det er så fin svung over dei!!!
*
*

Elles hadde me ei fin 17.mai.
Litt sol, litt overskya og litt kaldt,
men me slapp nå heldigvis snø....
*
Nå skal eg prøve å skrive litt på oppgåva mi som skal leverast inn i slutten av mai.....
Jada, skikkeleg motivert for skriving i dag, men det gjere seg ikkje sjølv:)
*
Ha ei fin og kreativ ny veke alle kjekke, snille og goe bloggdamer der ute:)
****




fredag, mai 16, 2008

- REGNBOGEFARGAR -

... blått ...
***
Så er eg komen til BLÅTT, og det er jo flott,hehe...
Eg er ikkje så blå av meg, men turkis derimot,
det er sommarfarge nr 1.
****
Litt fakta om blåfargen:

BLÅTT er himmelens farge og har en kjølig og alvorlig karakter.
I det gamle testamentet representerer en dyp blå farge Gud Fader.
Madonna, himmelens dronning, har i kristen kunst nesten alltid en kappe som er blå.
Blått er ved siden av purpur en farge for konger.
*
I Gresk mytologi er himmelgudene; Zevs, gudenes konge, hans kone og søster Hera, og deres sønn Hermes; forbundet med blått.
Hermes ble i Rom kalt Merkur og ble med sine vinger på føttene et symbol for handel. (Derav blåruss på handelslinjen).
*
I Islam symboliserer blått eller turkis det Islamske trossamfunn
og brukes derfor ofte i dekor på moskeer.
I Kina forbindes blått med udødelighet.
Blått symboliserer fred, sannhet og samarbeid.
Kaldtvannskranen er merket med blått.
*
En usikker framtid er i det blå.
En tur ut i det blå betyr at målet ikke er bestemt på forhånd, veien blir til mens du går.
Å være blåøyd betyr at man er godtroende.
I vår tids politikk betyr blått konservativ.
Kjøtt av god kvalitet får et blått stempel (egentlig blåbærsaft).
*****
Takk for mange hyggelege tilbakemeldingar
på regnbogefargane mine.
Eg håpar mange hiv seg rundt og viser sine ROGGBIF.
*
Så må de alle ha ei fantastisk fin 17. mai,
og ete masse is og pølser,hehe)

torsdag, mai 15, 2008

- REGNBOGEFARGAR -

- Grønt er skjønt -
***
Så er eg komen til fargen grøn i regnbogefargane.

GRØN har ei beroligande virkning.
Den vekker assosiasjonar til det jordiska, gras, fruktbarhet, vekst og vår.
Grøn er vårens og håpets farge.

onsdag, mai 14, 2008

-- REGNBOGEFARGAR --

-- Gult er kult --
***
Regnbogefargen i dag er GUL
***
Eg trudde eg måtte leite etter gule ting hjå meg,
men eg fann litt av kvart.
Til og med den gamle bamsen min som eg
vann på tombola når eg var 3 år:)
****
Vil du vise dine regnbogefargar???

tirsdag, mai 13, 2008

-- Rosa margerittar --

I eine glaset i terrassedøra heng tre små glasvasar.

Dei kan eg putte små blomar i.

I helga var det rosa margerittar som fekk komme innomhus.


Ha ei fin ny veke alle som kikkar innom,
og eg håpar alle har hatt ei strålande
fin Pinsehelg.
****
Det har eg hatt, ivertfall:)




mandag, mai 12, 2008

REGNBOGEFARGAR

-- ORANSJE --
*********
Regnbogefargen i dag er oransje.
Dette er litt av det oransje eg har heime hjå meg.

lørdag, mai 10, 2008

UTEDAG

I dag har me vore ute heile dagen.
Min kjære har mala huset, og eg har mala nokre skap, og planta litt.

Mandarintreet mitt fekk komme ut i sola idag.


Som de ser av verstasjonen har det vore rolig ver.
Den har eg kjøpt hjå "I Gros hage".
På det varmaste var det + 23,3 i skuggen:)

Litt pynt på terrassen må til.



Rosa margerittar.




Rasmus er som vanleg med og hjelper til.



Rosa margerittar og stemorsblomar i kassane på rekkverket.
Det er så herleg å vere ute og kosa seg i det nydelege veret me har hatt den siste veka.
*Me love*






Ein blåbærsmoothie smakar godt i varmen.
*
Ha ei finfin pinsehelg alle saman:)








onsdag, mai 07, 2008

REGNBOGEFARGAR

Eg tenkte eg skulle ta bilete av ting eg har i huset etter regnbogen sine fargar.
Dermed så startar eg med fargen RAUD.
*
Du kan vel huskeordet for regnbogen sine fargar: ROGGBIF
raud - oransje - gul - grøn - blå - indigo - fiolett
*
Har du lyst til å vise dine regnbogefargar????