Viser innlegg med etiketten Creamie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Creamie. Vis alle innlegg

onsdag, mars 07, 2012

Vårnytt i butikken

Creamie sine klær til jenter i alderen 4-11 år er så søte og fine,
og må vere ein draum å ha på seg for ei lita jente.
Vårens kolleksjon er i duse pudderfargar med søte detaljar.

Frøken Fryd har masse flott til damer, både klær, sko, vesker, skjerf og smykker.
Her finns noko til både den romantiske, den klassiske og den rocka:)

Kjempefin dus rosa kjole med knytting under brystet og tynne skulderstropper.
Tøff varmraud veske setter prikken over i`n.
*
Onsdag 28.mars kl 19.00 skal Frøken Fryd ha kundekveld
og vise fram alle dei flotte klærne som nå er i butikken.
Dette blir ein kjekk kveld med litt underhaldning, god mat og drikke
og flotte jenter som viser klær.m.m.
Det blir også trekning av overraskingar på inngongsbilletten.
Dette, og meir kan du følge med på Frøken Fryd si side på Facebook
og den finner du HER
***
Ha ein strålande fin dag!

onsdag, februar 01, 2012

Litt nytt

Litt nytt er komen i butikken min, og meir er ventande inn framover.

 16 store esker med Greengate kom på fredag, medan eg var reist til Lillestrøm på messe.
ReserveMona måtte ta fram superkreftene,
 og med hjelp fra ein snill sjåfør så fekk ho det inn på lageret.
Dora White er nytt er eit nytt mønster og passar godt saman med Spot beige og Naomi.

På kle og sko fronten er det litt nytt i butikken, og masse som kjem snart.
Eg har fått første sendindinga fra Creamie barnekler, og det er berre lekkert....
Fine ballerinasko, tøffe kanvas med kilehæl og supertøffe støvletter er på plass,
men det kjem meir, mykje meir, både av sko, vesker, skjerf, klær, smykker.m.m.
Så gled deg til å møte våren hjå Frøken Fryd*