Sommaren er på hell og me har stort sett jobba,
men me har 1 veke ferie som skal tilbringast i varmen.
Me har vore litt på rek, både sørover og nordover i sommar,
og her er ein liten biletkavalkade fra kva me har vore ute på.
Me har vore i Dale i Sunnfjord og besøkt søte Henriette på Allmuen kafe & interiør. Ete verdens beste kyllingsjeva, sett ein tarm av Jostedalsbreen, ete softis i Sogndal og kjøpt fint smykke.
Me har hatt kosedag med grilling på hytta til syster mi der me klarte å presse heile gjengen inn i vinterhagen når me skulle ete. Du kan sei det regna den dagen....
Eg har ete mykje god mat og hatt det nesten lika varmt ute og inne,
hatt ei stille stund ved vatnet og pynta i fine vasar.
Vore på gamle trakter og rusla rundt barndomsheimen til pappaen min.
Hatt besøk av fine jenter, vore på besøk og prøvd nye utemøbler,
kost med fine Kira og pynta til selskap.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar