mandag, juni 04, 2012

Kappestriden

Eg overlevde...
Å sykle Hårfagrerittet 53 km var ei oppleving i å teste grenser 
og å bevege seg utanfor komfortsona mi.
Her er to spente jenter før rittet startar, meg og Malin.


Dagen starta med ein god frukost med havregryn, banan og biola.
Me hadde fått beskjed av Svein om å drikke masse vatn dagen før, og før me starta,
og pliktoppfyllande så eg er så gjorde eg det.
Det resulterte då i at eg måtte på do i ett sett....

Bent starta i pulje 5, 10 minuttar før oss, som starta i pulje 6 Gyda. (Mon tru om me tar han igjen)
Startskuddet gjekk og me tråkka av garde på asfaltert veg mot Falkeid, flatt og fint,
innover mot Hersdal, fortsatt flatt, og så starta første oppoverbakkane.
Dei gjekk greit, sykla til og med forbi nokre damer, og fekk Malin på hjul etter meg. Så vart det litt gåing i verste oppover før det snudde innover på grusveg.

Her kom førsta sjokket i form av ein neroverbakke med grus, som kom så brått at eg berre sette utføre og hadde skikkeleg berg og dalbane følelse i magen, Uæææ.
Her sykla Malin fra meg siden ho ikkje er redd nåke som helst!!!


Så gjekk det opp og ner på grus, og eg er som sagt livredde nerøvebakkar med grus,
men sykla, bremste og kom meg ner og opp..med hjarta i halsen og stiv i blikket.
Eg var veldig glad når me var nede på asfaltvegen på Evje og det var berre til å tråkka på utover og svinge innover Heskjedalen. Flott heiagjen sto i krysset:-)

Der følte eg meg veldig hima siden både mamma og pappa er fra den dalen. Tunge bakkar som eg trødde for livet oppover, men eg visste at det kom nåken goe nedover som eg kunne kvila i. Midt i Heskjadalen var det drikkestasjon og eg klarte å ta i mot eit drikkebeger og supte i meg nåke søtt, tråkka videre og såg ryggen på Malin lenger framme.

Når me kom til Sagbakken sto det ein go heiagjen og ropte og hoia. Veldig kjekt!!
Fint tråkk nerover mot Førland før me svinga inn på Amdalsvegen som enda opp i terreng, og her kom neste sjokk. Det gjekk fort, det hoppa over stein, grus, mark, store berg og det som verre var. Eg fann ut at eg måtte halde rompa oppifra setet og pedalane i høgde. Eg slo neri nokre steinar og det var eit under at eg ikkje datt av. Det hompa og gjekk fortare og fortare, det kom syklar bak meg, på sida og dei berre gav på nedover, og til slutt så måtte eg gå av.
Er ikkje så tøffe i trynet....
(Det var ein flott heiagjeng oppå toppen med musikk og liv)


Hoppa på sykkelen neri bakken og såg med skrekk på den siste grusbakken før asfalt på Garhaug.
Her sto det masse folk og eg såg sikkert så livredd ut siden ei dama ropte te meg: Detta går fint, du klare detta, du e flinke...og eg klarte å komma meg ner på vegen. Takk.
Beine vegen ner til skulen i Grinde, undergangen og opp bakken, og her sto det kjensfolk og heia. Veldig kjekt:O)
Tråkka videre mot Aksdal og Lars Hertervig plass der det var drikke- og matstasjon. Fekk meg ei halve bolla i forbifarten og såg febrilsk etter Malin som eg hadde mista i terrenget ner mot Garhaug.
Det gjekk greit utover mot Frakkagjerd, masse folk langs løypa, eg drakk vatn og åt litt av det eg hadde i lommen. Eg fekk eit skikkeleg slag mot framhjulet på fortauskanten ved Sterling, men det gjekk bra. Turen gjekk videre forbi skulen mot Nappatjønn, og plutseleg så høyrde eg HILDE, og der sto to venninner i grøftekanten. Tråkka på nerover mot Førre og innover mot Stakkestad. Her tenke eg at eg måtte ete litt og få energi til turen opp bakkane til Håvåshytta og drikkevatnet. Eg fomla voldsomt med å få ut maten og klarte i farten å miste han. Arggg.
Så starta oppoverbakkane i grus, opp og opp, sykla litt over haug og hammar, og så var det bakke, eg pusta og pesa, drakk litt og kjende at eg gjekk meir og meir tom for energi.
Eg sko gitt møkje for ei banan eller ein sjokolade oppøve der.
Det kom enda fleire bakkar å gå opp. Dei fleste gjekk,men det kom nåke skikkelege sprekingar å sykla så lett så ingenting oppover i grusen, Blæ....
Her var eg så trøtte og såg svart på det mesta, men plutseleg så høyrde eg musikk og jubel.
Takk Gud for heiagjengar :-)))
Det gjekk litt lettare oppøve, og snart var toppen nådd, og det gjekk nerøve, grøss og gru.
Å sykla nerøvebakkar på grus, der du e så trøtte at du nesten ikkje klare å bremsa,
 det er ikkje så greit.
Eg var redde, men sykla på, og tenkte: dei andre klare det jo, så må vel eg og greia å komma meg heile ner.
Tråkka gjennom Djupadalen, ned mot Stemmen og Vangen,
og fekk litt skrens og sjangla litt i ein krapp sving, men det gjekk bra.
Plutseleg høyrde eg ei dama seie at det var mål rett borti her.
Å Herregud, eg har aldri vore så glad for å sjå eit mål.
***
Eg kom i mål på 3t og 33 min.
Malin kom i mål på 3t og 21 min
Bent tok me ikkje igjen, og han brukte 2t og 43min.

Så har eg prøvd det også!!!!






6 kommentarer:

Unknown sa...

Å hjelpe og trøste, mest så eg kjenne det når du sykkla nedøve i grus. Hadde nok gått nerøve eg, var du sikker.
Men all honnør te deg som klarte rittet. Kanonflink var du:))

Elise sa...

For ein spreking du er, det er litt av ei løypa på Hårfagrerittet, eg er imponert øve deg:)

Tusen takk for den flotte gaven, skjerfet er allerede i bruk:) Ha ein fortsatt fin dag videre:)

Klem fra Elise:)

Malin sa...

Du e kjempe tøffe!!! :D
Kanskje me sko hatt den pikniken alikavel - eg va ganske tomme sjøl opp dei siste bakkane ;)

Store klem

Kreativbua sa...

Guddhjelpe du e tøffe! Gratulerer!

Berit T sa...

Snakk om tøffe lillesøster jeg har, så stolt over det atte, jeg hadde aldri gjort dette det er sikkert og visst.

Maret sa...

Du store alpakka...
Vel er eg glad i å sykle, men dette hørdes tøft ut!
Jammen var du flink og sprek...