onsdag, desember 01, 2010

Den første dagen...

...i Desember er ein strålande vakker solskinsdag med -9 kaldegrader ute.
Heldigvis så har me ved og kan fyre til det blir godt og varmt inne.
Det som ikkje er fullt så bra og gjer meg trist,
er at Rasmuspusen min er bort.
Han har ikkje vore heime på mange dagar.
Kulda likar han ikkje,
då vil han helst vere inne
og ligge framfor omnen og varme seg.
Eg håpar inderleg at ikkje noko har skjedd han.
***
På jobb er det travle dagar med pakking,
både ut med varer og inn av gåver.
Julegåver, bursdagsgåver og anna.
Det er mange som skal ha kalendergåver på jobb
og pakkeleik i klubben.
Eg har masse søte og fine ting til rundt 50 kr
som slike ting ofte skal koste.
***
Heime har eg ikkje pynta så mykje enno.
Nå er det advent, så julepynten ventar eg litt med.
Ei vrihasselgrein i ei potte har fått litt pynt på seg,
og ugla ho held auga med alt som skjer.
På laurdag skal eg ha juleverkstad
med 3 venninner og ongane.
På er det julemusikk på spelaren,
gløgg i koppen, og så lagar me julepynt og gåver
før me avsluttar med risengrynsgraut.
Kjempekoseleg:-)
**
På søndag vart det 1. adventslyset tent,
og nå er me halvvegs i veka allereie.
Klok av skade fra i fjor så har eg skrevet
lister over det som MÅ vere ferdig før jul,
det som BØR vere ferdig til jul
og det som eg har LYST til å gjere.
Inkl førjulskos:)
****
"En ting er å legge planer.
Noe ganske annet er å vite
hvor man har lagt dem....."





8 kommentarer:

Liv Kjersti sa...

Fine bilder, Hilde. Eg har funne fram musikk-instrument-pynten eg kjøpte på Frøken Fryd i fjor. Planen er å få dei på ei vrihasselgrein om ikkje så lenge. Håpar pusekatten din kjem heim snart!
Ha ein fin dag!

micano sa...

Søt julepynt! Kan tenke meg at det er travelt i butikken før jul. Her er det mest tentamensrettinger for tiden.. travelt det og.. hehe :-)

cathrine sa...

håpahåpahåååpa rasmus finne veien heim igjen :(

9na sa...

Så sant som det er sagt! Det med lister og sånt mener jeg. Lurt. :) Ha en fin adventskveld.

Tante Mimmi sa...

Ah! Dei orda var gode!!!! :) Di må eg pugge! ;)

Travel tid for butikkeigara dette, men det ser ut som du har sikten!

Håpar pusen kjem snart!!!

Magdalena sa...

så leit at pusen ikkjehar komm eheim at...! føler virkelig med dere...
nydleig søt pynt, soppene og ugla var bedårende...
klemmmagny

Datt sa...

Søøøteste soppene! Skulle hatt meg slike ser jeg... Hihi...

Sol sa...

Åh, Hilde så trist at Rasmuspusen er borte.....
Jeg opplevde det samme med den første Mio`en vår...Han var borte i 11 dager faktisk, midt på den varmeste sommeren.Det e rikke noe godt å tenke på at kattene er borte midt på kaldeste vinteren heller. Jeg håper så inderlig at han kommer tilbake snart!!
Nydelige førjulsbilder du har her Hilde ;-}