....vart særdeles bra til berre å ha sove 5 timar.
I går sat eg å trippa og venta på eksamenskarakteren som aldri kom på studweb
før eg måtte kjøre til Stord.
Eg skulle møte Beritsøster på Vikjo, og så skulle me kose oss der,
før me drog til høgskulen og såg på utstillingane.
På skulen traff eg den eine etter den andre som hadde fått karakterer og var så fornøgde,
medan eg visste ingenting.
Ragnhild lærar visste jo karakterane og sa at eg fekk B,
jaja, det var jo bra det tenkte eg, og levde i den trua resten av kvelden.
Må jo også fortelle at eg traff Tante Mimmi på utstillingen,
og ho er like koseleg og triveleg som ho høyrest ut på bloggen sin:)
Klassen og lærarane samlast heime hjå Ragnhild lærar,
og der kosa me oss med eit lass, og då meine eg eit lass med mat,
der alle hadde tatt med litt mykje kvar.
Det var kjempegode salatar i alle variantar, pai, ost,
pålegg og 3 sorter heimebaka brød, frukt og nydelege kakar.
Kvelden var utruleg koseleg, men samstundes litt trist å seie farvel til alle saman.
Eg håpar me klarer å halde kontakten
sjølv om me vert spredd for nesten alle vindar.
Eg kjørte heim på natta og var i seng i halv 4 tida.
I dag tidleg når eg sto opp så tenkte eg at eg må nå inn å sjå på denne karakteren min.
Då fekk eg meg ei gledeleg overrasking for inne på studweb sto det at
karakteren min var A....
Hipp hurra:)
Så over til noko anna.
Merete lurte litt på denne veska som eg viste i innlegget under,
og den vart laga etter at me hadde hatt voksbatikk på skulen.
Kua på veska og på toalettveska over laga eg då + litt anna.
På veska er det brukt mange forskjellige stoff.
Det gulgrønne er ei gardin eller duk fra Fretex, ein bit silkestoff,
stoff med andleta er fra Ikea for ein del år tilbake,
og nokre blomar som er klipt ut fra eit anna stoff.
Dagros er printa ut på overføringspapir,
og tråkla på, og ein gamal knapp er litt pynt.
På baksida er ein bit av ein batikkrest.
Litt applikasjon, og litt handquilting rundt kua.
Veska er fora med eit stoff som eg farga for mange, mange år siden.
Sånn det var litt om kuveska mi:)
Nå har eg sommarferie, og det har ikkje gått heilt opp for meg ennå.
har heilt fri ut neste veke,
men så startar eg og jobber den 23 juni, og skal jobbe ut juli.
Det skal bli godt å tene litt penger:)
*
Tusen takk for alle koselege kommentarar de legg igjen her hjå meg,
eg har ikkje vore så flink til å besøke alle igjen,
men eg skal skjerpe meg:)
Ha ein
fin kveld alle kjære bloggvenner, og i morgon er det helg igjen.
Då skal eg og min kjære til Etneelva, og fiske etter laks:)