..ein blogg om kvardagslivet, saker og ting eg lagar, og Frøken Fryd kafè & interiør..
lørdag, mars 29, 2008
Overraskingane står i kø.....
fredag, mars 28, 2008
Sky Watch Friday
I love walking by the sea and always hope to find stones, and drivingwood from the sea.
onsdag, mars 26, 2008
tirsdag, mars 25, 2008
Tilbake til kvardagen
Eg er begynt på eit nytt teppe i bestemorruter, men i fargar som er meir meg.
Her heklar eg 7 omgangar slik at rutene vert større, og tilfeldig fargekombinasjon.
Når noko vert lagt på golvet ser Rasmus sitt snitt til å leggje seg på det.
Her er det intet unntak)
onsdag, mars 19, 2008
Påskeferie
mandag, mars 17, 2008
Ein solskinnsøndag.
Eit eldorado for meg som er steingal......
lørdag, mars 15, 2008
Interiør gave along spørsmål.
Hva liker du best med våren?
Hvordan tar du våren inn i huset ditt?
Hvilken farge synes du er mest vår?
Kaffe eller te?
Liker du hagearbeide?
fredag, mars 14, 2008
Sky Watch Friday
onsdag, mars 12, 2008
ABC Wednesday
mandag, mars 10, 2008
Høner og andre spetakkelser....
Eg har aldri forstått det der med påskeharen og egg....
Tida går skrekkeleg fort også, har eg funnet ut i det siste.
Elles har me litt av kvart å drive med på skulen også.
Bilete over viser ikkje eit ku- eller bukkehorn, men det som etter planen skal bli skaftet til ein kniv.
Den bør eg bli godt som ferdig med i morgon. Eg skal også lage slire til han.
Me held også på med ei oppgåve i batikk med voks, men den er eg nesten ferdig med,
eg skal berre sy noko av det eg har farga, ei pute eller veske, eller noko sånt.....
Eg held også på med eit collagebilete, og ikkje forgløyma keramikken som me skal brenne i Raku omnen ute, i morgon.
Joda, det går bra ennå.
Så berre for å toppa det heile så fekk me ei skriftleg oppgåve i kunst og kunstformidling slik at eg har noko å kose meg med i påskehelga.
Sånn der fekk eg skrevet det ned, slik at eg veit kva eg har å gjere dei næraste dagane:)
Det hjalp.
Så for å oppmuntre meg sjølv litt, så fekk eg denne høna i gåve fra meg til meg:)
Den såg passeleg dum ut, og høner er dumme, dermed basta.
Dum er eg også, fordi når eg var inne på butikken der eg kjøpte denne høna,
så klarte eg å knuse, ja du las rett, knuse to stoooore, lysestakar i fattigmannssølv.
Eg burde ha lært nå etterkvart, men neida, eg måtte jo lette på ei ramme som sto på eit bord, og så tippa den over og rett i desse to lysestakane som gjekk i golvet med eit BRAK.
Det var rett og slett dritflaut...
Men heldigvis så tok dama i butikken det fint.
Eg burde ha høyrt på mor mi, som sa til meg når eg var liten, og var med henne inne på glassmagasinet;
- "Nå står du heilt i ro. Knuser du noko så må du betale for det."
Eg burde ha lært nå.....
Så for å trøyste meg sjølv litt til, så laga eg eit lyseblått påske egg.
Mon tru om nokon fyller det med snop til påske, slik at eg også får litt påskegodteri:)
Sånn, det gjorde godt å få ut litt frustrasjon.
Ha ein fin og koseleg mandagskveld, og før du veit ordet av det, så er det fredag:)
lørdag, mars 08, 2008
Friends
torsdag, mars 06, 2008
onsdag, mars 05, 2008
ABC Wednesday
Our friends from Irland gave us a traditional Irish wedding gift,
six Waterford crystal Glas.
My dear Grandmother, Sigfrid, who died when I was nine years old.
*
If you want to see more ABC Photos, click here.