fredag, november 03, 2006

Fredag og helg:)


Så var det helg, og ei rimeleg travel helg. Det er denne helga me skal byrje utstillinga vår i Kopervik kulturhus. Eg kom heim onsdag, då hadde Bent vore hjå meg på Notodden siden tysdagen. Me kjørte samstundes ned til Stavanger for å hente Malin og bileta hennar,så me var ikkje heime før kl 02.30....ja ja, sove kan me gjere ein aen gong:)
I dag har me vore å hengd opp i kulturhuset. Det var ganske masse arbeid,men me fekk det ganske flott, synest me sjølv, ivertfall:):):) Så då blir det skrekkeleg spannande å sjå om det vert noko respons på det me har laga. Eg selde faktisk ei veske i dag til Lene lærar fra i fjor. Ho kom og kikka i dag, og hadde med blom og twist til meg. Snille søte Lene:)
Så nå får me krsse tær og fingrar for at utstillinga " to søstre å ei dotter " blir ein knall suksess!!!
Det er jo lov å håpa,vettu:)

1 kommentar:

Liv Kjersti sa...

Så spennande med utstilling! Lykke til , det må jo bli suksess!