tirsdag, juli 11, 2006





Rasmus er siste tilskot til familien, og som de kan sjå så er han lika oppteken av sko som oss andre. Han er ein liten triveleg krabat med masse fart i. Han har lagt sin elsk på marsvina, og klatrar oppå og inni buret deira,men er ikkje heilt sikker på om dei er lika begeistra for han. Han er eigentleg berre tøff på avstand, for når me tek Olga eller Krølle utav til han, er han heller skeptisk. Han klatrar og klyv på alt han ser, deriblant glasdører, senga mi, kjøkkeninnredning,koffertar,mm. Han vaknar midt på natta og remjar og skrik, så heile huset vaknar, og eg tek han oppi senga mi, og der sovne han,vettu......Men me er skrekkeleg gla i han!!!

Ingen kommentarer: