onsdag, juli 27, 2011

Mi djupaste medkjensle..

...til alle som har mista sine kjære den 22.7.11

*- Eg ser du har det vondt,

men eg kan ikkje grina

alle tårene for deg.

Du må grina dei sjøl,

men eg vil grina med deg.

Eg vil grina med deg.

Bjørn Eidsvåg

onsdag, juli 13, 2011

Kleskorg

Eg har vore på leit etter ei korg til å ha kler i,

både når eg henger opp og når eg tar ned tørre kler.

*

Sist eg fekk varer fra Hübsch så var den perfekte kleskorga der.

Passe stor og passe solid til å frakte kler i.
*
Desse to fine melkekvite vasane fann eg sist eg var på loppemarked.
Vasar får eg aldri nok av.....







onsdag, juli 06, 2011

Sommartid

Dette er mitt vesle bidrag til


"sommarparadis"

* Kroken ved inngangspartiet er ein god plass å setje seg ned

og ta ein kaffikopp eller lese avisa.

Her er det lunt for vinden

og på ettermiddagen kjem sola også.
*

Eit lite sommarparadis for meg

med favorittfargen turkis på benken

og favorittblomane hortensia,

syrin og lavendel i potter og kar.


tirsdag, juni 21, 2011

Sommar ute og inne.

Kalenderen viser 21 juni, og det burde vere sommar.
Det er vel ikkje heilt det, men eg er glad kvar dag det ikkje regnar,
og kjem sola fram er det eit pluss:o)
*
Det bløme i potter og kar ute, og benken har fått fine turkis maling på seg.
Sommarfarge nr 1 for meg.
Eg har planar om å male fleire ting i denne fargen og ha ute i hagen.
*Inne er det også litt sommarstemning med lysare fargar og lette tekstilar.
Sjølv om det er lyse kveldar så er det koseleg å brenner lys.
*
Finfine runde fløyelsputer fra Bloomingville,
og sengeteppet har blitt sofateppe...
*
Denne delen av stova er blitt TVkrok
siden me etter mange år har flytta TV`n ned i stova.
Eg er ikkje heilt fornøyd med dette enno,
men det går seg vel til, hehe:o)
*
Finfine kjøpte peoner pyntar opp på spisebordet,
men ute i hagen ventar eg spent på at
peonene skal bløme for første gang.
*
Ha ein fin sommardag du som kikkar innom :o)








onsdag, juni 01, 2011

Småsøtt

Det kjem nye varer kvar veke, og det er jo kjekt.
Ein restlevering fra Ib Laursen kom i dag,
og der kom denne søte lysestaken i sink.
*Dette er ein svensk kammerstake og har handtak på baksida.
Den er ikkje så stor, og dei små bedelysa passar akkurat oppi.
*
Finfine fuglehus, søte og sommalege serviettar og lys,
og ein bitteliten collage som eg laga i gårkveld.
*
Miss Dee er eit svensk smykkemerke
som har eit stort utval og mange fine modellar.
Eg har eit lite utval i butikken av øyredobbar, armband og smykker.
***
Første sommardagen er våt og kald her i vest,
men det er lovd fina veret til helga.










fredag, mai 27, 2011

Talenta fra Skjold


Fra vår vesle bygd er Berge Ohm og

Gro Marit Messmer Larsen med i finalen i Norske Talenter.

Det er ganske utruleg:o)

*** I kveld vert finalen synt på storskjerm for alle

som vil vere med å heie og stemme fram desse to flotte talenta,

Skjold Arena.
***

Eg vil ønskje både Berge og Gro Marit

masse lukke til i kveld.

Dette vert spennande!!!!









onsdag, mai 25, 2011

Hårklemmer

Søte hårklemmer laga av ein stoffrest

og pynta med ein sommarfugl og knapp.

*Fine i håret til ei lita prinsesse.

***



onsdag, mai 18, 2011

Litt nytt i butikken

Trekning foretatt 23.05.11


og den heldige vinnaren av boka er:




****


Denne vakre boka kom endeleg til Frøken Fryd i dag,


og nå gler eg meg til å sette meg i godstolen og lese.


***


Om du legg att ein kommentar under her


så kan du vere den heldige som får ei bok


i gåve fra meg.
***





Butikken min bugnar nå av fine, søte, tøffe,
røffe, romantiske og nostalgiske ting
til deg sjølv eller nokon du er glad i.
***Frøken Fryd har også nydelege kjolar
til små og store prinsesser.
Klærne kjem fra Sagen Vintage Design,
og vil du sjå kva modellar og størrelsar som er på lager
så kan du kikke inn her
***



Husk å legge att ein kommentar

om du vil vere med

i trekninga av boka

"Sanselig Sommer".











torsdag, mai 05, 2011

Skal me bytta????

Eg har nokre retro dynetrekk som eg kan byte vekk litt av,

om du har noko du vil byte bort.

Tenkte meg 1/2m - 1m, mot lik mengde tilbake.

Er dette av interesse så ta kontakt på e-post

hildesandbekkenkrøllalfahotmail.com

***

Bilete 1.

1. Solsikker i grønt, oransje og gult.

2. Gule og oransje blomar.

3. Duse blomar i okergult og beige.

4. Store og små blomar i gult, orange og beige.

*

Bilete 2.
1. Brunt med kvite kløverblomar.

2. Store blomar på brun botn.
*
Bilete 3.
1. Lys blåturkis krepp.
2. Blomar og frukt i lilla, turkis og lime på kvit botn.
*
Bilete 4.
1. Lilla og rosa blomerankar på kvit botn.
2. Store blomar i lilla og lime på mørkeblå botn.
*
Bilete 5.
1. Store rosa blomar på beigebrun botn.
2. Samme som nr 3 på bilete 1.
****
Ta kontakt om noko er av interesse:o)











tirsdag, april 19, 2011

Ugler i påsken

Ønskjer deg og dine ei retteleg fin og god påskehelg

med masse god mat, snop i bøtter og spann, noko godt i glaset,

påskekrim, påskenøtter, SOL, fregner, marsipan, tid til dine kjære,

kortspel, skitur, fjelltur, late dagar og seine kveldar.


onsdag, april 06, 2011

Søt, søtere, søtest...

Eg likar å pakke fine og søte pakkar på jobb,
og pyntar gjerne med eit hjarte og fine band.
Akkurat nå er det rosa og kvitt det går i,
men eg skiftar ofte papir og tilbehør.
Det er veldig kjekt å gje vekk ein pakke som er fin
både utanpå og inni :o)
* Søte øyredobbar med Swarovskisteinar
som passar til både små og store prinsesser.
Litt glamour er ikkje å forakte,
og eg syns me kan pynte oss litt i kvardagen også.
**Snuppesøt lita veske eller portemonè
som kan vere kjekk å ha i veska for oss jenter
som må ha både det eine og det andre med oss.
***
Både veskene og øyredobbane finn du
i butikken Frøken Fryd i Isvik.

tirsdag, april 05, 2011

Grease

På laurdag 2.april var det premiere på "Grease" her i bygda,
og det var ei fantastisk framsyning,
og eg storkoste meg fra start til slutt.
Eg veit kor mykje arbeid som ligg bak,
av øving, øving og atter øving, til det sat som ei kule
både fra skodespelarane, musikkorpset og Level 6.
Det har vore rundt 70 personar involvert i stykket
både på og bak scenen.
* Bilete lånt fra www.grannar.no/
*
Kjempeflinke skodespelarar,
og her var det til og med ein spesialkonstruert bil med på scenen.
Det er nesten så eg høyrer latteren til Rizzo (Therese Nesheim)
*** Bilete lånt fra www.grannar.no/
Dei søte jentene i Pink Ladys har pysjamasfest
og synger "Freddy My Love".
*
Eg kunne skrevet side opp og side ned med skryt, for det fortener dei,
men det har heldigvis både Grannar og Haugesunds Avis tatt seg av.
Spring og kjøp billettar om du vil ha med deg den
fantastiske Grease framsyninga i Skjold.
Fredag 8. og laurdag 9. april
er det sett opp ekstraframsyning:o)




mandag, mars 28, 2011

Kontrastar

"Lykkelig er den som ikke sørger over hva han mangler,

men gleder seg over hva han har"

*


fredag, mars 25, 2011

Interiørkatten

Eg har høyrt at nokon har trost i taklampa,
men hjå oss er det katt i bokhylla.
*GOD HELG*

fredag, mars 18, 2011

torsdag, mars 17, 2011

Romantiske skjerf....

....i mange fine fargar er nå på plass hjå Frøken Fryd.
Dei er rett og slett lekre både i form og fargar.
* Skjerfa er i tynne stoff med blonder og frynser, og lange nok til å surre fleire gonger rundt halsen.
*Fine støva fargar som lys ferskenrosa, pudderrosa,
krem, grå og gråbrune.
*
Fleire bilete finn du på Facebooksida til Frøken Fryd.
Der legg eg ofte ut bilete når det kjem inn nytt,
og når det er gode tilbod og anna spannande som skjer.
Følg oss gjerne:o)





mandag, mars 14, 2011

Scones til frukost

Eg prøver å halde meg unna mjøl og for mykje sukker, og då kan det vere ei utfordring å finne gode oppskrifter på brød og tilsvarande.
Eg har nokre greie oppskrifter på knekkebrød og brød, men er litt lei.
Heldigvis så var det masse gode oppskrifter i den nye boka
"Frisk med lavkarbo-100 oppskrifter"
av Sofie Hexeberg og Gunn-Karin Sakariassen
som eg fekk i posten for nokre dagar siden.
Eg måtte prøve å lage Scones med ost og nøtter på laurdag,
og dei var kjempegode og saftige,
og lunka smaka dei nydeleg med smør og ost på.
Har du lyst å prøve så er dette oppskrifta.
*
*Scones med ost og nøtter*
4 store egg piskes lett saman
80 gr smør smeltes
120 gr revet kvitost
12o gr malte mandler
120 gr malte valnøtter
1 ts bakepulver
*
Vil du ha litt meir smak på dei så er det godt med litt urter eller krydder i.
Bland alt saman i ei bolle (virkar det tørt så tilsett litt vatn)
og fordel røra i 8-12 store muffinsformer.
Eg hadde litt sesamfrø på toppen.
Steik i steikeomn ica 15 min på 180 grader.
Er det fleire igjen når du har servert desse, så bør dei frysast,
men held seg 1-2 dagar i tett boks.
Enjoy:-)


mandag, mars 07, 2011

...og vinnarane er....

....5 heldige damer som skal få ei gåve kvar fra butikken min
Frøken Fryd.
***
Veggordet vart vunnet av Berit
og du må gjerne kikke inn på den koselege bloggen hennar.
***
Skiltet var det mange som ønska seg og den heldige vart
Tourjours Chic, og bloggen hennar finn du her.
***
Værstasjonen hadde Jannemor veldig lyst på
og jammen meg så vann ho han også.
***
Massasje- og badeolje ville Lise ha
og nå kan ho ha "hjemmespa".
*
Sist, men ikkje minst
Mari fra FlittigeFruer vann
den søte rosa strikkaveska.
***
Gratulera til vinnarane,
og send meg ein mail med adressa di til
hilldesandbekkenkrøllalfahotmail.com
så kjem pakken i posten i ein fei..