fredag, mai 27, 2011

Talenta fra Skjold


Fra vår vesle bygd er Berge Ohm og

Gro Marit Messmer Larsen med i finalen i Norske Talenter.

Det er ganske utruleg:o)

*** I kveld vert finalen synt på storskjerm for alle

som vil vere med å heie og stemme fram desse to flotte talenta,

Skjold Arena.
***

Eg vil ønskje både Berge og Gro Marit

masse lukke til i kveld.

Dette vert spennande!!!!









onsdag, mai 25, 2011

Hårklemmer

Søte hårklemmer laga av ein stoffrest

og pynta med ein sommarfugl og knapp.

*Fine i håret til ei lita prinsesse.

***



onsdag, mai 18, 2011

Litt nytt i butikken

Trekning foretatt 23.05.11


og den heldige vinnaren av boka er:




****


Denne vakre boka kom endeleg til Frøken Fryd i dag,


og nå gler eg meg til å sette meg i godstolen og lese.


***


Om du legg att ein kommentar under her


så kan du vere den heldige som får ei bok


i gåve fra meg.
***





Butikken min bugnar nå av fine, søte, tøffe,
røffe, romantiske og nostalgiske ting
til deg sjølv eller nokon du er glad i.
***Frøken Fryd har også nydelege kjolar
til små og store prinsesser.
Klærne kjem fra Sagen Vintage Design,
og vil du sjå kva modellar og størrelsar som er på lager
så kan du kikke inn her
***



Husk å legge att ein kommentar

om du vil vere med

i trekninga av boka

"Sanselig Sommer".











torsdag, mai 05, 2011

Skal me bytta????

Eg har nokre retro dynetrekk som eg kan byte vekk litt av,

om du har noko du vil byte bort.

Tenkte meg 1/2m - 1m, mot lik mengde tilbake.

Er dette av interesse så ta kontakt på e-post

hildesandbekkenkrøllalfahotmail.com

***

Bilete 1.

1. Solsikker i grønt, oransje og gult.

2. Gule og oransje blomar.

3. Duse blomar i okergult og beige.

4. Store og små blomar i gult, orange og beige.

*

Bilete 2.
1. Brunt med kvite kløverblomar.

2. Store blomar på brun botn.
*
Bilete 3.
1. Lys blåturkis krepp.
2. Blomar og frukt i lilla, turkis og lime på kvit botn.
*
Bilete 4.
1. Lilla og rosa blomerankar på kvit botn.
2. Store blomar i lilla og lime på mørkeblå botn.
*
Bilete 5.
1. Store rosa blomar på beigebrun botn.
2. Samme som nr 3 på bilete 1.
****
Ta kontakt om noko er av interesse:o)











tirsdag, april 19, 2011

Ugler i påsken

Ønskjer deg og dine ei retteleg fin og god påskehelg

med masse god mat, snop i bøtter og spann, noko godt i glaset,

påskekrim, påskenøtter, SOL, fregner, marsipan, tid til dine kjære,

kortspel, skitur, fjelltur, late dagar og seine kveldar.


onsdag, april 06, 2011

Søt, søtere, søtest...

Eg likar å pakke fine og søte pakkar på jobb,
og pyntar gjerne med eit hjarte og fine band.
Akkurat nå er det rosa og kvitt det går i,
men eg skiftar ofte papir og tilbehør.
Det er veldig kjekt å gje vekk ein pakke som er fin
både utanpå og inni :o)
* Søte øyredobbar med Swarovskisteinar
som passar til både små og store prinsesser.
Litt glamour er ikkje å forakte,
og eg syns me kan pynte oss litt i kvardagen også.
**Snuppesøt lita veske eller portemonè
som kan vere kjekk å ha i veska for oss jenter
som må ha både det eine og det andre med oss.
***
Både veskene og øyredobbane finn du
i butikken Frøken Fryd i Isvik.

tirsdag, april 05, 2011

Grease

På laurdag 2.april var det premiere på "Grease" her i bygda,
og det var ei fantastisk framsyning,
og eg storkoste meg fra start til slutt.
Eg veit kor mykje arbeid som ligg bak,
av øving, øving og atter øving, til det sat som ei kule
både fra skodespelarane, musikkorpset og Level 6.
Det har vore rundt 70 personar involvert i stykket
både på og bak scenen.
* Bilete lånt fra www.grannar.no/
*
Kjempeflinke skodespelarar,
og her var det til og med ein spesialkonstruert bil med på scenen.
Det er nesten så eg høyrer latteren til Rizzo (Therese Nesheim)
*** Bilete lånt fra www.grannar.no/
Dei søte jentene i Pink Ladys har pysjamasfest
og synger "Freddy My Love".
*
Eg kunne skrevet side opp og side ned med skryt, for det fortener dei,
men det har heldigvis både Grannar og Haugesunds Avis tatt seg av.
Spring og kjøp billettar om du vil ha med deg den
fantastiske Grease framsyninga i Skjold.
Fredag 8. og laurdag 9. april
er det sett opp ekstraframsyning:o)




mandag, mars 28, 2011

Kontrastar

"Lykkelig er den som ikke sørger over hva han mangler,

men gleder seg over hva han har"

*


fredag, mars 25, 2011

Interiørkatten

Eg har høyrt at nokon har trost i taklampa,
men hjå oss er det katt i bokhylla.
*GOD HELG*

fredag, mars 18, 2011

torsdag, mars 17, 2011

Romantiske skjerf....

....i mange fine fargar er nå på plass hjå Frøken Fryd.
Dei er rett og slett lekre både i form og fargar.
* Skjerfa er i tynne stoff med blonder og frynser, og lange nok til å surre fleire gonger rundt halsen.
*Fine støva fargar som lys ferskenrosa, pudderrosa,
krem, grå og gråbrune.
*
Fleire bilete finn du på Facebooksida til Frøken Fryd.
Der legg eg ofte ut bilete når det kjem inn nytt,
og når det er gode tilbod og anna spannande som skjer.
Følg oss gjerne:o)





mandag, mars 14, 2011

Scones til frukost

Eg prøver å halde meg unna mjøl og for mykje sukker, og då kan det vere ei utfordring å finne gode oppskrifter på brød og tilsvarande.
Eg har nokre greie oppskrifter på knekkebrød og brød, men er litt lei.
Heldigvis så var det masse gode oppskrifter i den nye boka
"Frisk med lavkarbo-100 oppskrifter"
av Sofie Hexeberg og Gunn-Karin Sakariassen
som eg fekk i posten for nokre dagar siden.
Eg måtte prøve å lage Scones med ost og nøtter på laurdag,
og dei var kjempegode og saftige,
og lunka smaka dei nydeleg med smør og ost på.
Har du lyst å prøve så er dette oppskrifta.
*
*Scones med ost og nøtter*
4 store egg piskes lett saman
80 gr smør smeltes
120 gr revet kvitost
12o gr malte mandler
120 gr malte valnøtter
1 ts bakepulver
*
Vil du ha litt meir smak på dei så er det godt med litt urter eller krydder i.
Bland alt saman i ei bolle (virkar det tørt så tilsett litt vatn)
og fordel røra i 8-12 store muffinsformer.
Eg hadde litt sesamfrø på toppen.
Steik i steikeomn ica 15 min på 180 grader.
Er det fleire igjen når du har servert desse, så bør dei frysast,
men held seg 1-2 dagar i tett boks.
Enjoy:-)


mandag, mars 07, 2011

...og vinnarane er....

....5 heldige damer som skal få ei gåve kvar fra butikken min
Frøken Fryd.
***
Veggordet vart vunnet av Berit
og du må gjerne kikke inn på den koselege bloggen hennar.
***
Skiltet var det mange som ønska seg og den heldige vart
Tourjours Chic, og bloggen hennar finn du her.
***
Værstasjonen hadde Jannemor veldig lyst på
og jammen meg så vann ho han også.
***
Massasje- og badeolje ville Lise ha
og nå kan ho ha "hjemmespa".
*
Sist, men ikkje minst
Mari fra FlittigeFruer vann
den søte rosa strikkaveska.
***
Gratulera til vinnarane,
og send meg ein mail med adressa di til
hilldesandbekkenkrøllalfahotmail.com
så kjem pakken i posten i ein fei..



torsdag, mars 03, 2011

Gåvedryss til deg :o)

Eg har lyst til å ha eit lite gåvedryss til de som kikkar innom bloggen min.
Her kan du velge mellom 5 ting fra butikken min, Frøken Fryd.
Legg att ein kommentar der du skriver kva du helst vil ha,
og så trekkjer eg blant dei som skriver seg på.
Du får 1 lodd om du legg att ein kommentar,
og 2 lodd om du også legg deg som følgjar av bloggen.
*
1. Veggord med mørkgrå skrift.
Målar 26 x 100 cm
*
2. Kjærleiksolje til massasje og bad.
*

3. Strikka portemonè fra Bloomingville
*
4. Skilt med tøff tekst.
*
5. Værstasjon i svartmala tre.
***
Trekning vert på søndag 6 mars.
**
Ha ein superduperfin dag*
Klem H




tirsdag, mars 01, 2011

Inspirasjonsbilete

Flotte inspirasjonsbilete funnet på nettet.
Tøff kombinasjon mellom røff natur i tre
og delikate naturtonar i tekstilar,
og nydelege møbler.
*
Denne lyse og lekre kombinasjonen likte eg også.
*
Ein herleg kosekrok til å lese og slappe av i.
*
Dette kjøkkenet syns eg er fantastisk flott.
Lyset fra vindauga, kontrastane mellom røffe røyr
og glatte flater, og all den gode plassen.
Herleg:o)
Eg huskar dessverre ikkje kor på nettet eg har funne bileta.




tirsdag, februar 22, 2011

Sukkertøyfargar

Vårlege sukkertøyfargar kan live opp ein kald seinvintersdag.
*
Supersøte lys, serviettar, knottar, Pukkate, matboks, vekkerklokke,
smykke, og band, både med og utan prikkar.


torsdag, februar 17, 2011

Twenty Eleven.....

....er tittelen på Greengate sin vår/sommer kolleksjon.
Mine to favorittar kjem under her.
*Fay white and blue serien er nydeleg saman med det beige.
Flotte mugger i 0,5L og 1L .
*
To forskjellige lattekoppar.
Tallerkenen er blått og kvitt med skrift.
*
Middagstallerken, eggeglass og suppeskål er det også.
*
Fine, fine lattekoppane som passar akkurat oppi skuffekassen:o)
*
Wendy White er så nydeleg fint at eg nesten kjenner sola og sjølukta.
Dette er sommerservise!!!!!
*
Flott mugge på 1 liter.
Tenk så vakkert med denne full av markblomar:)
*
Søt blondekant rundt tallerkenen,
og herlege blomar.
*
Finfine fransk skål.
Me kan jo aldri få nok skåler,
kan me vel?
*
Nå bugnar butikken av flotte nye Greengatevarer,
og minner om vår og varme:o)