tirsdag, august 25, 2009

Handlehelg

Fra torsdag til søndag var eg og min kjære på tur.
Torsdagen starta med at eg fekk Greengate levering,
og kunne pakke fram dei herlegaste
prikkete og blomstrete koppar og kar.
*Me kjørte avgarde i eit forferdeleg,
og då meine eg forferdeleg regnver.
Når me kom til Seljord orka me ikkje kjøre
lengre, og la oss inn på Seljord Hotell.
Opp tidleg fredagsmorgon,
og sette nasen mot Oslo og Lillestrøm.
Gave og interiørmessa var målet,
og der fekk eg handla inn masse,masse,
fint og nytt til butikken.
Me traff også 3 koselege jenter fra Patina,
og Hilde som er med og driv Patina på Evanger
har vore innom butikken min fleire gonger i sommar.
Kjempekoselege jenter.
Eg må nok ta turen til Evanger til neste sommar:)
*
Bileta viser eit bittelite utval av kva som kjem framover.
Eg fann ein del nye leverandørar også
og det er alltid kjekt.
*
Fredagskvelden tilbrakte eg og min kjære på Losby Gods
der me kosa oss med ein fantastisk 3 rettars og god vin.
Losby Gods høyrer til dei historiske hotella,
og det er fantastisk flott der, både ute og inne.
Nydeleg mat, hyggeleg betjening og så fredeleg og roleg der.
Eg sov som ein stein!!!
*

Bilete: Losbygods.no
På laurdagen etter ein god frukost tok eg turen til messa igjen,
og handla enda meir....
Min kjære tok seg ein tur på golfbanen på Losby,
og kosa seg der.
Om kvelden fann me plutseleg på at me skulle ta turen inn til Oslo
og sjå om me fekk billettar til Mamma Mia.
(Dette fordi me kom i snakk med 4 fantastisk søte
og koselege damer fra Sæbøvik gåver og leiker inne på messa,
som også skulle på Mamma Mia)
Me heiv oss i bilen, durte inn til oslo by,
som me ikkje er så veeeldig kjent i,
fann parkeringsplass, fann også Folketeateret,
og det var billettar til oss.
Eg seier berre WOW.
For ein forestilling, for ein stemmeprakt,
for nokre flotte kulissar, for nokre flotte kostymer,
og for ei speleglede.
Det var ei oppleving som eg kan leve lenge på,
og min kjære var heilt ein einig:)
*
Bileta har eg lånt fra Losby gods si heimeside
uten å spørje om lov. http://www.losbygods.no/
*
Søndagen spiste me frukost og så satte me nasen heim igjen.
Det var ei koseleg helg, med masse inntrykk,
og batteria er opplada.
Hausten vert spanande med mykje nytt i butikken,
og på nettet.
Eg gler meg,
og det håpar eg alle som stikk innom også gjer.
*
Ha ei fin veke.
H





onsdag, august 19, 2009

Om å fryde seg...

Eg er glad i små detaljar,
og av og til kan ein liten hjarteknapp vere prikken over i`n.
*
Nye kvite sko fekk kvar sin lyseblå knapp til pynt.
Nå er me fornøgde både eg og skoa...
*
Her er arbeidsplassen min, Frøken Fryd,
og her likar eg meg godt.
Det er på bakrommet eg har arbeidsrom og symaskin,
men der trengs ei opprydding...
*
...så då får du heller sjå litt av veggene der inne,hehe*
*
I morgon etter jobb setter eg og kjærasten oss i bilen
og køyrer mot austlandet.
Det er gave og interiørmesse på Lillestrøm i helga,
og der skal eg prøve å komme i julestemning....
Me skal overnatte på Losby Gods,
og det gler eg meg til.
Eg er blant dei som nyter å vere på hotell,
og gjett om eg skal storkose meg med min kjære, god mat og drikke,
og julestemning.... heile helga:)
*
Smil H



fredag, august 14, 2009

Fine ord

*vener
*kattongar
*sommarfugl
*smil
*kakao
*stearinlys
*kjæraste
*silke
*fjør
*kjærleik
*sommarferie
*jordbær
*snøfnugg
*bøker
*moreller
*oss
*mamma
*takk
*stjerneskudd
*ro
*sjøsprøyt
*syrin
*elske
*hjartesmil
*tru
*håp
*kyss
*latter
*vidunderleg
***
god helg


onsdag, august 12, 2009

Sommerfuglbusk og andre buskroser...

Hagen vår er ikkje så stor, men stor nok når det skal plantast
litt rundtomkring og fyllast i bedda.
I fjor kjøpte eg to sommarfuglbuskar og nå bløme dei
med vakre lillarosa og nusselege blomar.
*
Dette bedet går fra plenen og rundt halve huset,
og nå prøver eg å fylle det med litt forskjellige planter.
Litt som klatrar som klatrehortensia og klematis,
og noko som skal henge utover steinkanten,
ei pjuskete peon som Rasmus nesten har tatt knekken på,
og eit løytnanthjerte som ser ut til å trivast.
Videre er det planta både plommetre og epletre,
og så får me sjå om dei vil trivast oppi her.
*
Som du ser så har eg god gravehjelp....
Tinni synes det er veldig kjekt å vere med ute,
og er kjempeglad når han kan grave litt her og der.
Eg vil helst at han graver der...
*
Bedet går rundt huset og ved inngangspartiet
har eg planta litt forskjellige roser.
Dei fleste ser litt pjuskete ut etter alt regnet,
men forhåpentlegvis så kan dei bløme ei stund til.
Nokre er kryproser og andre er buskroser,
og så får eg sjå korleis det blir.
Eg likar godt å grave og plante,
og kosar meg ute i molda:)
*
Medan eg sat på Etnemarknade fekk eg gjort ferdig ein kjole,
og den finn du hjå Frøken Fryd, og her.
Eg har hatt og har ein god del bestillingar på kjolane eg syr,
og det går an å få kjole sydd etter mål,
og i valfri farge og dekor.
***
Ha ein finfin dag du som kikkar innom.
Smil H




mandag, august 10, 2009

Fargerikt påfyll

I dag kom nye matboksar, lunchboksar og drikkeflasker
fra Blafre Design.
*
Det må vere ei glede å ete nista si fra så herlege matboksar,
og sjeva med brunost smakar nok ekstra godt
etter å ha lege i ein så fargerik matboks.
*
Det er nok mange ongar som ønskjer seg desse
nå når det nærar seg barnehage- og skulestart.
*
Eg skulle ønskje eg var 4 år igjen.....
*
Til å bli glad av....
***





fredag, august 07, 2009

Nostalgia

Eit lite livstegn fra meg oppi all jobbinga.
Eg har stand på Etnemarknaden denne helga,
og i forkant har det vore mykje jobbing.
I går var eg i Etne og min kjære i butikken,
og i dag har me byta:)
*
Nokre nye puter er komen til, og er med inn på marknaden.
Romantiske og nostalgiske,
slik som heile utstillingen min er i år.
Vimsete som eg er så gløymde eg å ta bilete der inne i går....
*
Det var masse koselege folk innom i går,
og eg fekk gode tilbakemeldingar på
tinga eg har på marknaden.
Sånt blir eg glad av!!!
Tusen takk for alle koselege ord de legg igjen
her hjå meg.
Eg har ikkje vore så flittig til å besøke tilbake,
men brått stikk eg innom.
*
God helg til alle som kikkar innom.




fredag, juli 31, 2009

Empire Falls

På onsdag og torsdag gjekk denne
nydelege miniserien på NRK 1.
Den kan eg anbefala på det varmaste.
Flotte skuespelarar, varmhjarta historie
og ei flott stemning gjennom heile serien.
Eg skal lese også boka, har eg tenkt.
***
Dette skriver Filmfront om miniserien:
"Empire Falls" er et portrett av det røffe dramaet
og den menneskelige komedien som utgjør livet i arbeiderklassens USA.
Richard Russo fikk Pulitzer-prisen for romanen
og har selv tilrettelagt historien for TV.
Hver dag kjemper den godhjertede restaurantsjefen Miles Roby
for å holde liv i sin Empire Grill,
selv om den rike og mektige fru Whiting gjør ting vanskelig for ham.
Ved siden av å hanskes med fru Whiting må Miles også holde styr på faren Max,
som alltid havner i bråk.
Men Miles har større ting å tenke på enn restaurantdrift
og en kranglete far – han sliter med minner fra en tragisk fortid
som med ubrytelige bånd binder skjebnen.










torsdag, juli 30, 2009

Litt finjustering..

..måtte til i dag.
*
Når eitt år har gått,
og talet forandrar seg fra 39 til 40.
Då er det mange tankar som fer gjennom hovudet.
*
Litt rart og vemodig, men mest fint.
*
Det er ikkje akkurat kroken på døra.
*
Meir ei undring over kva vegen vidare byr på.
*
"Du skal ikkje vere lei deg for at du blir eldre.
Det er eit privilegium ikkje alle får oppleve"
*
Ha ein fin dag du som kikkar innom.
*Sommarklem H*





tirsdag, juli 28, 2009

Kanelboller og andre boller

I idylliske Vikebygd ligg Plassabakeriet,
eller "Plasset" som me seier,
og der får du kjøpt verdens beste snurrekanelboller.
Bollene vert baka i det gamle bakeriet i vedfyrt omn.
*
Inni det vesle raude bakeriet står Bjørn og steiker boller
kvar laurdag heile sommaren.
Du kan lese meir om Plassabakeriet her.
Er du på dei kantar ein sommarlaurdag
så er det verdt å ta turen dit.
*
Eg ser at, jammen meg, er det over ei veke siden sist innlegg,
dagane og vekene fer fort avgarde.
Det er mykje som skjer,
og nå er det planlegging av 2 x 40 års feiring til helga.
Mat skal lagast ( eg har baka 130 rundstykker, resten av maten vert laga på fredag),
bordekking skal tenkast ut, pynt skal finnast fram,
underhalding skal planleggjast, og mykje meir er det å tenkje på.
Kaker kjem snille gjester med, så eg skal berre lage 1 kake sjølv.
Me håpar det vert ein kjekk og koseleg fest for familie og venner.
Feira det som feirast kan, er mitt motto:)
*
Elles er eg på Frøken Fryd om dagane,
og har meir enn nok å gjere der også.
Det har vore ein travel sommar
med masse koseleg mennesker innom.
Nå er det begynt å komme litt nye varer,
noko er påfyll som snop, pukka te, såper og anna kjekt,
men litt nye ting er også komen til.
Meir kjem uti august og utover hausten.
Gave og interiørmessa skal me på 20-23 aug,
og eg gler meg til å plukke ut nye ting til butikken,
og ikkje minst julevarer.
Eg føler det er litt tidleg å tenke på det nå,
men skal det bli julestemning i butikken
så må det bestillast nå.
Eg håpar at me kan ha sommar ei stund til,
men dei siste vekene har det regna noko så vannvittig her vest.
I dag har eg sett solgløtt, og temperaturen har steget litt.
Eg kryssar fingrane for at sola og varmen er på veg tilbake.
*Sommarklem H*


mandag, juli 20, 2009

Vinduspynt...

....kan vere så mykje. i kjøkenglaset står to vasar fra Fretex med rosa blomar,
*
medan eine stoveglaset har fått stein som pynt.
*
på rekkje og rad fra ei strand i Danmark.
*
fine sommarferieminne.




torsdag, juli 16, 2009

Sommarkjole

Eg har kjøpt meg ein lett og luftig sommarkjole,
og den kan brukast både som vanleg kjole
eller under ein annan kjole.
*
Små detaljar likar eg,
og søtare sikkerhetsnål enn dette skal du leite lenge etter.
Merkelappen med blonde var festa med denne,
og slike tar eg vare på:)
*
Akkurat nå er det ikkje tynn sommarkjolever,
med regnbyger og torden.
Men innimellom er sola framme
og temperaturen er fin.
***
Eg håpar du kosar deg der du er,
og at sola skin.
Klem H

fredag, juli 10, 2009

Glansbilete...

...samla eg på når eg var liten,
og nå er det mange år siden eg har sett på dei.
Glansbileta mine ligg i ein stygg, mørkeblå plastperm,
men inni er det sirlig orden.
*
Heile ark med glans ligg i plastlommer med skilleark.
Eitt ark på kvar side.
Pluss at det var ein heil masse med lause glans også.
*
Desse med babymotiv syntes eg var fantastisk nydelege.
Eg var veldig opptatt av babyar som liten,
og kunne ikkje sjå meg mett på desse søte bileta.
*
Desse trur eg at eg fekk ein
gong mamma låg på sjukehuset.
Eg er ikkje heilt sikker for då var eg ganske liten.
Herlege motiv.
*
Eg samla på dei fleste motiv,
og blomar var det i alle fasongar.
*
Dette er ganske tjukt og er brunt på baksida.
Dei var ekstra verdifulle om ein skulle bytte.
For me bytta jo glans med kvarandre,
og somme tider skreiv me helsingar på baksida.
Det var om å gjere å få tak i gamle glansbilete,
og me var litt misunnlege på dei som hadde fått glans
etter ei tante eller mor si.
*
Desse alveglansa syntes eg var vakre,
og drøymde meg aldelesen vekk
i dei nydelege figurane.
*
Dyr har eg alltid vore glad i,
og det vart nokre glansbilete med dyr også ja.
*
Det er koseleg å sitte og sjå på glansbileta
som eg hadde som lita jente,
og den same gode kjensla i bringa kjem
den dag i dag, når eg ser på dei.
Eg har ikkje så mange leiker fra når eg var liten,
så difor er eg veldig glad i desse.
*
Eg syntes englane med lyst hår var dei finaste,
og det var jo sørgeleg når eg då var mørk i håret,
medan syster mi var lys...
Så skrekkeleg kan livet vere når ein er 4-5 år.
*
Her er nokre idèar til kva dei kan brukast til.
*
Ei enkel kvit ramme, ein gamal tapetrest
og eit glansbilete.
Vips, så har du eit flott bilete.
*
Her har eg sett ei heil remse inni ei enkel ramme.
Dei er jo så fine.
*
Inni ei gamal ramme.
*
Dei kan brukast på kort...
*
....og på ein merkelapp.
*
Husk.
Grip dagen.















lørdag, juli 04, 2009

Når sommerdagen ligg utover vannet...

...og du og eg har funne oss ei strand...
*
(bilete er utsikten fra terrassen utover Skjoldafjorden, fredagsmorgon)
*
Det gjere me kvar kveld,
og temperaturen i sjøen er nærast pisselunka
som me sa som ongar:)
*
*Ha ei fin og god sommarhelg du som kikkar innom*
Klem H