På laurdag 2.april var det premiere på "Grease" her i bygda,
og det var ei fantastisk framsyning,
og eg storkoste meg fra start til slutt.
Eg veit kor mykje arbeid som ligg bak,
av øving, øving og atter øving, til det sat som ei kule
både fra skodespelarane, musikkorpset og Level 6.
Det har vore rundt 70 personar involvert i stykket
både på og bak scenen.
*
Kjempeflinke skodespelarar,
og her var det til og med ein spesialkonstruert bil med på scenen.
Det er nesten så eg høyrer latteren til Rizzo (Therese Nesheim)
Dei søte jentene i Pink Ladys har pysjamasfest
og synger "Freddy My Love".
*
Eg kunne skrevet side opp og side ned med skryt, for det fortener dei,
men det har heldigvis både Grannar og Haugesunds Avis tatt seg av.
Spring og kjøp billettar om du vil ha med deg den
fantastiske Grease framsyninga i Skjold.
Fredag 8. og laurdag 9. april
er det sett opp ekstraframsyning:o)