Min kjære og eg var saman med to andre par på kjærastetur
til nydelege Rosendal Turisthotell.
Hotellet har ei fantastisk utsikt over fjorden,
og heile hotellet har ei nydeleg atmosfære,
slik at med ein gong du går inn
så senkar skuldrene seg
og du slappar av og nyter roa der inne.
Me kosa oss med vin på terrassen i andre etasje,
middag i Martha Meidell resturanten,
og meir vin og ein svingom i Vinkjellaren.
*
Søndagen tok me turen til Baroniet i regnveret.
Rosene blømde fortsatt, men var nå på hell.
I drivhuskafeen vart det kaffi og potetlefse
før me satte nasen heimover.
***
Takk gode vener for ei koseleg
helg i Rosendal.
***
PS. Må fortelje at dei andre to para kjørte inn før oss
og klatra til toppen av Melderskin vel 1400 m. o.h.
Kvar si lyst,hehe.