Fra torsdag til søndag var eg og min kjære på tur.
Torsdagen starta med at eg fekk Greengate levering,
og kunne pakke fram dei herlegaste
prikkete og blomstrete koppar og kar.
*
Me kjørte avgarde i eit forferdeleg,
og då meine eg forferdeleg regnver.
Når me kom til Seljord orka me ikkje kjøre
lengre, og la oss inn på Seljord Hotell.
Opp tidleg fredagsmorgon,
og sette nasen mot Oslo og Lillestrøm.
Gave og interiørmessa var målet,
og der fekk eg handla inn masse,masse,
fint og nytt til butikken.
Me traff også 3 koselege jenter fra Patina,
og Hilde som er med og driv Patina på Evanger
har vore innom butikken min fleire gonger i sommar.
Kjempekoselege jenter.
Eg må nok ta turen til Evanger til neste sommar:)
*
Bileta viser eit bittelite utval av kva som kjem framover.
Eg fann ein del nye leverandørar også
og det er alltid kjekt.
*
Fredagskvelden tilbrakte eg og min kjære på Losby Gods
der me kosa oss med ein fantastisk 3 rettars og god vin.
Losby Gods høyrer til dei historiske hotella,
og det er fantastisk flott der, både ute og inne.
Nydeleg mat, hyggeleg betjening og så fredeleg og roleg der.
Eg sov som ein stein!!!
*
Bilete: Losbygods.noPå laurdagen etter ein god frukost tok eg turen til messa igjen,
og handla enda meir....
Min kjære tok seg ein tur på golfbanen på Losby,
og kosa seg der.
Om kvelden fann me plutseleg på at me skulle ta turen inn til Oslo
og sjå om me fekk billettar til Mamma Mia.
(Dette fordi me kom i snakk med 4 fantastisk søte
og koselege damer fra Sæbøvik gåver og leiker inne på messa,
som også skulle på Mamma Mia)
Me heiv oss i bilen, durte inn til oslo by,
som me ikkje er så veeeldig kjent i,
fann parkeringsplass, fann også Folketeateret,
og det var billettar til oss.
Eg seier berre WOW.
For ein forestilling, for ein stemmeprakt,
for nokre flotte kulissar, for nokre flotte kostymer,
og for ei speleglede.
Det var ei oppleving som eg kan leve lenge på,
og min kjære var heilt ein einig:)
*
Bileta har eg lånt fra Losby gods si heimeside uten å spørje om lov. http://www.losbygods.no/*Søndagen spiste me frukost og så satte me nasen heim igjen.
Det var ei koseleg helg, med masse inntrykk,
og batteria er opplada.
Hausten vert spanande med mykje nytt i butikken,
og på nettet.
Eg gler meg,
og det håpar eg alle som stikk innom også gjer.
*
Ha ei fin veke.
H