I gavealongen er denne rundens tema
"Nostalgisk jul" og me skulle lage eit innlegg om vår nostalgiske jul.
*
Når eg tenker på nostalgisk jul,
så er det julefeiringa når eg var barn.
Den forventninga og spenninga eg hadde då
var noko heilt for seg sjølv.
*
Nostalgisk jul nå, er meir korleis eg pyntar til jul.
Eg har forandra smak opp gjennom åra,
men til jul er det ein del ting som må fram
for at eg skal få rette julestemningen.
Den første engelen eg kjøpte meg som 15 åring,
den må ha hedersplassen,
og ullnissen som eg kjøpte for mange år siden,
må også fram.
*
Eg er glad i å pynte til jul med sølvfarga pynt,
og naturmaterialar
som kongler, mose og granbar.
Eg tenner masse,masse levande lys,
og likar at det glitrar og funklar rundt omkring.
*
Å pakke inn gåvene eg skal gi bort,
er ein del av juleførebuingane som
eg storkosar meg med.
Då er det fram med julemusikken, papir, band,
esker, pynt og dill og dall,
og pakke inn gåvene så fint eg berre kan:)
*
Eg startar å pynte enkelt med lilla til advent.
Det kan vere nok med lys og litt pynt i lilla.
Stjerna må komme på plass i glaset,
og adventstaken finn sin plass.
Resten av pynten kjem opp i
vekene fram mot jul,
og juletreet pyntar eg natt til julafta,
som det siste eg gjer før eg legger meg.
*
Eg er veldig glad i englar,
og det har eg vore siden eg var lita jenta
og hadde eit englebilete hengande over senga.
Den passa på meg, meinte eg,
og det var trygt og godt å tenke på.
Englane høyrer til i jula,
og dei er med i pynten min.
*
Jula for meg er kos med familien,
tid for ettertanke og minnast dei
som ikkje er er her lenger.
Seine frukostar, og lange kveldsmåltid
med kakao og godt pålegg er eg også glad i.
Julefilmar er ein absolutt nødvendighet
og "3 nøtter til Askepott"
er favoritten over alle favorittar.
Men "Hjelp vi har juleferie" og "Alene hjemme"
er også blant dei eg må sjå.
Eg kunne ramsa opp mange fleire også,
deriblant "Love Actually" som er
ein nydeleg film,
men litt trist samstundes som den er morosam.
Nå har kanskje min hemmelege venn fått nokre tips,
og dåke andre har fått eit lite innblikk i min nostalgiske jul.
Det kan nok fort hende at det kjem fleire juleinnlegg
fra denne kanten.
*