Eg har sett så mange nydelege hekletepper rundt omkring på
div. bloggar at nå måtte eg også prøve meg.
Eg er eigentleg heilt håplaus når det gjeld både hekling og strikking, men eg prøver avogtil med ikkje alltid lika vellukka resultat.....
Oldemorruter er så koselege, og eg tenkte at dette må eg berre prøve å få til.
Eg fann først ei oppskrift som eg ikkje skjøna bæret av, og det er meg i eit nøtteskal, eg kan ikkje lese oppskrifter.
Eg prøvde på nytt og fann ei oppskrift på Drops design, og tenk, dette fekk eg til, jippi.
*stolt av meg sjølv*
Siden i går kveld har eg hekla 5 ruter, og dette er faktisk veldig kjekt:)
Eg skal på jobb om ein time, og då blir det nok meir hekling kan eg tenke meg.
Eg var på jobb i går og torsdag også,
siden det er vinterferie fra skulen har eg tatt nokre vakter.
Dette bilete har eg mala nesten ferdig nå i ferien.
Dette er til ei oppgåve på skulen,
og eg skal lage ein serie med bileter over same tema.
Det er lakkskoa til Marie som ho hadde som 1 åring.
Søte ikkje sant:)
Eg er stadig på jakt etter gamle skattar, og det hender at eg finn nokre også.
Denne ramma fann eg på Fretex med eit aldelesen grusomt mala bilete inni,
eg trur det er noko av det styggaste eg har sett.
Men ramma er stor,nydeleg og gamal.
Foreløbig så har eg trekt ei plate med vatt og stoff og sett inni,
slik at eg kan bruke den til å henge ting og tang på:)
Ramma er av tre og dekoren er av gips, ser det ut som.
Denne hylla kjøpte eg også, og den skal malast i ein lysare farge:)
Eg får aldri nok hyller og skap, og finn eg gamle skap til ein bra pris så vert eg glad.
Eg vil heller ha gamle enn nye møbler:)
Eit eføyhjerte har fått plass i eine stoveglaset.
Dei er så fine, men er litt vanskelege å halde liv i.
Dei er jo nesten fisk, må ikkje tørke ivertfall,hehe.
*
Eg er aleine heime, og sov leeeenge i dag.
Min kjære er på revyøving heile helga, dei skal ha premiere
1 mars, og det gler me oss til:)
Marie har vore på vinterferie hos søskenbarn på Hommersåk, og kjem heim i kveld.
I morgon er det skule igjen, og så er det snart påskeferie,Jippi:)
Ha ei fin veke alle saman,
og tusen takk for alle koselege kommentarar dåke legg igjen her hos meg.
Dei gjer meg veldig glad:)