torsdag, august 18, 2016

Sommar




                                   Både eg og Rasmuspusen nyt at sommaren er på snarvisitt.




mandag, desember 30, 2013

Bye bye 2013

 2013 har vore eit år for store kontrastar, utfordringar, glede og sorg.
Sorga større og meir ufatteleg for nokon.


 Me har hatt både vinter, vår, sommar, haust og litt vinter igjen. 


Me har vore på fleire flotte og fine turar saman med familie og gode venner.


  L O V E  Italia & Mallorca


Eg jobbar mykje og då er det kjekt å ha så fin atmosfære å jobbe i :-)


Eg jobbe saman med fantastiske mennesker !
Utruleg så mange festlige bilder som dukker opp på telefonen min....


Me har hatt travle og lange dagar på jobb i førjulstida, 
og då er det bedre med ein fugl i håret enn ti på taket...


Me har laga fine utstillingar..


 hengt opp nydelege stjerner i vinduet..


baka store mengder søte kaker...


 pynta fine lysfat til advent....


laga og servert store mengder lunsjrettar...


pakka inn hundrevis av julegåver....


 hatt ein festlige adventskalender på facebook...


 og dekka mange fine bord...


Nå har me ein fin juleferie og lade batteria for nye utfordringar i 2014.

Godt Nytt År til deg og dine

onsdag, mai 01, 2013

Håpar på vår, snart...

Eg er sååå klar for vår, sol, varme, lette klær, sandaler
og grave i jorda, men det lar visst vente på seg.
Prøver å lage litt vårstemning inne i staden for.
 
 
 Litt bilete av kva du kan finne i hyllene våre.
 

Fine telysestakar og små blomevasar.
 

Handstrikka kjole og vest fra flinke Inger Dagny.
 
 
Gode oljer og balsamicoeddik.
 
 
 Gamalt fat med ny vri fra flinke Beritsøster.
 

Fin rose i søt vase fra Ib Laursen.
 
 
 Pynt på kafèborda
.
 
 Nydelege skjerf fra Barfota by Pia Design.
 


tirsdag, februar 05, 2013

Frøken Fryd -kafè & interiør

 
Her er eg igjen,
etter ein ganske lang pause.
Sist innlegg var i august-12 og nå er me jammen meg i februar-13 allerede. Det har vore ein travel haust, der eg har flytta butikken min inn i nytt lokale og der har me også starta med kafe.
Ein flott kombinasjon som er blitt veldig godt mottatt:-)


Me har fortsatt  masse fine interiørvarer, klær, sko og vesker, litt leiker, masse snop, te, oljer og anna godt.
I kafeen vår serverer me lette lunsjrettar og gode kaker og kaffi. Om laurdagen har me graut
og om søndagen har me tradisjonell middag.
Alltid kjøttkaker og ein anna rett,
+ masse gode dessertar og kaffi.

 
Eg bakar alle kakene sjølv,
og kanelbollene er populære blant dei små gjestene våre <3 font="">

 
Før og etter bilete av lokalet.
Me pussa opp kafelokalet, mala og tapetserte,
og nye bord og stolar vart innkjøpt.
Me er veldig fornøgde med korleis det er blitt.
 

Her likar me oss godt,
og det trur eg gjestene våre gjere også.
*
Om du vil følge oss på facebook så finner du oss HER

onsdag, august 15, 2012

Ferie


Min første "sydenferie" gjekk til Palma de Mallorca.



badestrand


sol-sand-varme


fine folk


koseleg by


after eight is - favoritt