![](http://photos1.blogger.com/x/blogger/7857/3041/320/76297/julaft%3F%3F%2006%20174.jpg)
Så med dette vil eg takke for ået som har vore, og ønskje alle eit retteleg godt nyttår i 2007.
..ein blogg om kvardagslivet, saker og ting eg lagar, og Frøken Fryd kafè & interiør..
Så med dette vil eg takke for ået som har vore, og ønskje alle eit retteleg godt nyttår i 2007.
Kjøkkenet har fått litt julepynt det også.
Min kjære tar ein velfortent kvil etter å ha vaska badet og golva i heile huset. Du er flink:)
Her ligg nokre av pakkane å vente på å få komma under treet. Dei ligg der å fristar alle som går forbi. Eg har ikkje funnet nokon pakke som er til meg i den haugen, merkeleg..........
Eg har sydd ein del vesker den siste tida,og dette er dei siste eg har sydd. To av dei erbestilte, og ei skal ei som eg er tante til få i julegåve. Det er den øverst til venstre, og det er sønnen hennar som er på biletet. Håpar at den fell i smak.
Denne veska er det ei i Etne som skal ha, ho kjem å hentar den i mårå. Eg håpar at ho vert fornøgd.
I mårå kveld kjem Malin heim, og det vert kjekt. Ongane skal feire jul her hos oss, så det skal bli koseleg. Eg gler meg til pinnekjøtet,nam, nam:)
To lys, ein liten engel og stein fra stranda i Danmark, vips, så er det adventspynt.
Rasmus, han er med der det skjer. Han likar seg veldig godt oppå spisebordet, og her er det adventstaken som han må plukke litt på. Det var jo noko som lea på seg under der. Eg kan ikkje bli sinte på han heller, han er jo verdens skjønnaste kattepus, heilt objektivt sett, altså:)
I dag vart det to søte små englar som er dagens julekalender figur:)
Herleg, det er fredag og helg, og eg har JULAFERIE:) eg like det.Eg har sete med pedagogikk oppgåva i heile halve dag,og er nå komt halveis,ikkje verst berre det. Eg skal bli ferdig i løpet av helga,det har eg bestemt meg for!!!
I kveld tok me turen til Etne for å sjå på det nya kjøpesenteret der inne og det var jo flott. Eg fann meg ein fin svart topp,Malin fann seg ein turkis genser og Marie fann ikkje kjole,men ho fann seg ei grå joggebukse. Bent stakkar var så trøtt at han fann seg ein goe stol og vg,og der sat han:)
I mårå må eg prøve å få vaska og rydde litt og, ikkje så kjekt, men det må gjerast avogtil. Eg har eit par vesker i bestilling som eg skulle ha sydd ferdig til jul og. Må berre sette av tid ein dag.....
Me får håpa atte detta regnet slutte snart.....
Det er godt å vere heima, og nå skal eg legge meg snart. Malin kom heim i kveld,og Bent kom nettopp fra heimevernsøvelse,der har han vore siden halv sju i dag tidleg, og nå er klokka halv tolv. Heldigvis er han ferdige i mårå. Då kan me kose oss i mårå kveld.
Nå er det berre 17 dagar igjen til jul:)
Me har ikkje snø enno, så då får dette biletet vere ei påminning om korleis snømennene kan ha det,he he. Eg syntes denne var ganske løyen:)
Nå er det faktisk berre 19 dagar igjen til jul,og eg gler meg nåke fantastisk møkje:):):)
Siden eg held på å lage meg ein engel på skulen så fann eg bileter av forskjellige englar,og det er så mange forskjellige nydelege. Berre sjå på den her nede. Verdens søtaste engel:)
I mårå er det torsdag,og,yes,eg skal heim:)
Gled deg kjære.
I dag etter kunsthistorien tok eg meg ein tur ner i by`n, sko sende ein pakke til ein engel i Stavanger og. Det var ganske koseleg å gå å kikke i butikkane,nå når det ikkje er så lenge igjen til jul så er det kjekt å sjå på julepynt og gåver.
EG GLER MEG TE JUL,så vett dåke det.
Her står eg og Marie framfor nokre av mine ting.
Malin posere flott framfor måleri veggen sin:)
Berit sine natur målerier, og abstrakte under.
Malin sine fargeglade målerier.
Mine målerier, og som de ser er eg veldig glad
i å bruke raude og guloransje fargar:)
Veskene mine heng så fint i vindauga. Koseleg.
Eg fekk reint julestemning av å vere i utstillingslokalet,vett ikkje kvifor,men sånn var det.
På Notodden har eg julestemning for tida,for der er det komen snø.Over Haukeli er det masse snø,så det er heilt nydeleg å sjå når eg fer over med bussen.
Eg held som vanleg på med fleire prosjekt på ein gong,her er eit sjal i alpakka ull,herleg og mjukt.Held og på med eit langt skjerf som eg skal tove etterpå.Pluss nokre luer og andre småting. Eg har fått meg ein ny hobby!!!!
Her er nokre av veskene eg har sydd til utstillingen vår, "2 søstre, og ei dotter"som me skal ha i Kopervik kulturhus 4-12 november. Me, det er meg, søster mi Berit og dotter mi Malin. Der skal me stille ut malerier i olje,akryl og akvarell,tekstil og smykker. Det blir veldig spennande om me får noko respons.
Rasmus er alltid me når eg syr. Då ligger han oppå stoffa mine og sover,eller går i vegen.
Hausten er komen te Notodden og.Her rundt dette vatnet har eg funnet meg ei fin turløype.
Nå har me fått besøk av søster mi Berit,så då får eg blogge litt meir ein annan dag:)