mandag, mars 28, 2011

Kontrastar

"Lykkelig er den som ikke sørger over hva han mangler,

men gleder seg over hva han har"

*


fredag, mars 25, 2011

Interiørkatten

Eg har høyrt at nokon har trost i taklampa,
men hjå oss er det katt i bokhylla.
*GOD HELG*

torsdag, mars 17, 2011

Romantiske skjerf....

....i mange fine fargar er nå på plass hjå Frøken Fryd.
Dei er rett og slett lekre både i form og fargar.
* Skjerfa er i tynne stoff med blonder og frynser, og lange nok til å surre fleire gonger rundt halsen.
*Fine støva fargar som lys ferskenrosa, pudderrosa,
krem, grå og gråbrune.
*
Fleire bilete finn du på Facebooksida til Frøken Fryd.
Der legg eg ofte ut bilete når det kjem inn nytt,
og når det er gode tilbod og anna spannande som skjer.
Følg oss gjerne:o)





mandag, mars 14, 2011

Scones til frukost

Eg prøver å halde meg unna mjøl og for mykje sukker, og då kan det vere ei utfordring å finne gode oppskrifter på brød og tilsvarande.
Eg har nokre greie oppskrifter på knekkebrød og brød, men er litt lei.
Heldigvis så var det masse gode oppskrifter i den nye boka
"Frisk med lavkarbo-100 oppskrifter"
av Sofie Hexeberg og Gunn-Karin Sakariassen
som eg fekk i posten for nokre dagar siden.
Eg måtte prøve å lage Scones med ost og nøtter på laurdag,
og dei var kjempegode og saftige,
og lunka smaka dei nydeleg med smør og ost på.
Har du lyst å prøve så er dette oppskrifta.
*
*Scones med ost og nøtter*
4 store egg piskes lett saman
80 gr smør smeltes
120 gr revet kvitost
12o gr malte mandler
120 gr malte valnøtter
1 ts bakepulver
*
Vil du ha litt meir smak på dei så er det godt med litt urter eller krydder i.
Bland alt saman i ei bolle (virkar det tørt så tilsett litt vatn)
og fordel røra i 8-12 store muffinsformer.
Eg hadde litt sesamfrø på toppen.
Steik i steikeomn ica 15 min på 180 grader.
Er det fleire igjen når du har servert desse, så bør dei frysast,
men held seg 1-2 dagar i tett boks.
Enjoy:-)


mandag, mars 07, 2011

...og vinnarane er....

....5 heldige damer som skal få ei gåve kvar fra butikken min
Frøken Fryd.
***
Veggordet vart vunnet av Berit
og du må gjerne kikke inn på den koselege bloggen hennar.
***
Skiltet var det mange som ønska seg og den heldige vart
Tourjours Chic, og bloggen hennar finn du her.
***
Værstasjonen hadde Jannemor veldig lyst på
og jammen meg så vann ho han også.
***
Massasje- og badeolje ville Lise ha
og nå kan ho ha "hjemmespa".
*
Sist, men ikkje minst
Mari fra FlittigeFruer vann
den søte rosa strikkaveska.
***
Gratulera til vinnarane,
og send meg ein mail med adressa di til
hilldesandbekkenkrøllalfahotmail.com
så kjem pakken i posten i ein fei..



torsdag, mars 03, 2011

Gåvedryss til deg :o)

Eg har lyst til å ha eit lite gåvedryss til de som kikkar innom bloggen min.
Her kan du velge mellom 5 ting fra butikken min, Frøken Fryd.
Legg att ein kommentar der du skriver kva du helst vil ha,
og så trekkjer eg blant dei som skriver seg på.
Du får 1 lodd om du legg att ein kommentar,
og 2 lodd om du også legg deg som følgjar av bloggen.
*
1. Veggord med mørkgrå skrift.
Målar 26 x 100 cm
*
2. Kjærleiksolje til massasje og bad.
*

3. Strikka portemonè fra Bloomingville
*
4. Skilt med tøff tekst.
*
5. Værstasjon i svartmala tre.
***
Trekning vert på søndag 6 mars.
**
Ha ein superduperfin dag*
Klem H




tirsdag, mars 01, 2011

Inspirasjonsbilete

Flotte inspirasjonsbilete funnet på nettet.
Tøff kombinasjon mellom røff natur i tre
og delikate naturtonar i tekstilar,
og nydelege møbler.
*
Denne lyse og lekre kombinasjonen likte eg også.
*
Ein herleg kosekrok til å lese og slappe av i.
*
Dette kjøkkenet syns eg er fantastisk flott.
Lyset fra vindauga, kontrastane mellom røffe røyr
og glatte flater, og all den gode plassen.
Herleg:o)
Eg huskar dessverre ikkje kor på nettet eg har funne bileta.