lørdag, august 19, 2006

Har sydd ei toalettveske til ei venninne av Malin. Den er veldig enkel,sydd,quilta og applikert med maskin.Det er berre lukkekanten og glidelåsen som vert sydd i for hand.


Dette stoffet er eg veldig glad i, kjøpte det på Ikea for fleire år siden, og har brukt det i mange prosjekt. Dette er ein liten sminke pung som er quilta i ujamnt rutemønster med silketråd. Denne skal Anne Karen få som takk for at me låner bilen hennar:)


Som de ser, veks og trivest Rasmus. Dette er ein av favoritt utkikk plassane hans.... Kan ikkje sei at eg likar det, fordi på ein dag klarte han å knuse ei blomepotte, ein lysestake og tåa av ein keramikk fot eg har laga. Men nå er det rydda plass i dette vinduet,så får me håpe at han lar dei andre vere i fred. Men han er verdens skjønnaste når han kjem for å få kos:) Så han er lett å tilgi når han har gjort noko gale.

tirsdag, august 15, 2006

Til ein ny liten verdsborgar

Vognteppe til ei lita jente som heiter Johanna. Eg har gått på skule ilag med mammen hennar,og hadde lyst til å gje henne eit teppe. Ho ønskja seg eit i svart og oransje. Teppet er handquilta rundt alle rutene,og på baksida er det flanell. Håpar at det fell i smak,og at eg får levert det før eg reiser til Notodden på skule.


HURRA FOR:

-Ferdig med vogneppe

-Malin er heime fra London

-Potetkakene til Anna Sofie (svigermamma)

-Besøk 2 ganger i dag:)

lørdag, august 05, 2006

Så er me i august....

Store hendingar har skjedd hos oss den siste tida. Natt til fredag den 28 juli kom ongane til Olga,det var 4 ongar,men den eine var død når me vakna om morgonen og oppdaga dei. Dei er allereie ei veke ,og er nesten blitt dobbel så store. Dei er så nusselege og søte atte:)


Olga er ei fantastisk flink og omsorgsfull mor. Her er dei alle 4,og koser seg med høy og nyplukka gras fra eigen plen.....Er det nokon som har lyst på marsvin, så kan de gjerne få eit hos oss. Det er veldig kjekt med marsvin.*skryte skryte* Men heilt ærleg,det er kjekt:)


I kveld kom Marie heim etter å ha vore ei veke på landsleir på Røros med speidaren. Ho reiste med buss kl 18 om fredagskvelden den 28 juli,og var framme på Røros om laurdagsmorgonen. Ho hadde hatt det kjekt,men det var visst godt å komme heim og få seg ein dusj. Eg kan tippe at det er ei jente som kjem til å sove godt i senga si i natt:)



Eg er ikkje så aktiv på den kreative fronten for tida,men eg lagar litt smykker innimellom. Det er så varmt for tida at den beste plassen å vere er i og ved sjøen.


Smykkene er laga på lintråd med perler fra litt forskjellige plasser. Perler er som snop, har alltid plass til nokre fleire.


Siden sist eg var inne og skreiv har eg runda 37 år også, det var søndag den 30 juli. HIPP HURRA....ja, ja, åra går jammen meg fort. På dagen var det fullt hus og det er alltid kjekt. Det er ikkje kvar dag me treffes,så då er det veldig koseleg med familie besøk:)

Nå nærme det seg med stormskritt til eg skal byrje på skulen og. Måndag den 21 aug skal eg byrje. Me reiser opp søndagen før,så eg får komme litt i orden. Men eg må fortsatt sei at eg gru glede meg til å byrje. Eg gler meg til sjølve studiet,men det er det å bu så langt vekke eg grue meg til. Men det skal gå bra:)

HURRA FOR:

-sol sol sol

-Marie er heime igjen

-Heldige Malin som skal til London i mårå:)

-Rasmus pusen

-Sommar is

-Bent som eg er så gla i:)

-Bade i sjøen, og det e lunka

-Me skal på musikalen" Chess "i Moster amfi, i mårå kveld, *gler seg,vettu*