onsdag, januar 30, 2008

ABC Wednesday

My first ABC Wednesday,it started last week with A, but here I am with the B.
B is for brigde and blue sky.



If you want to see more ABC photos click here .

Mrs Nersbitt in uk started ABC Wednesday.

Have a great wednesday everyone:)

mandag, januar 28, 2008

Barneregle

Foto: Svein (Soafoto)

One for sorrow,

two for joy,

three for a girl,

four for a boy,

five for silver,

six for gold,

seven for a story,

never been told,

eight for a wish,

nine for a kiss,

ten for a time of joyous bliss.

ukjent

lørdag, januar 26, 2008

Litt gamalt og litt nytt..

...tenkte eg å vise i dag.
Denne veska sydde eg på skulen i haust då me skulle lage eit bæreredskap!
Veska er sydd av eit mønstra stoff fra Ålèns,
fløyelstoff fra skulen sitt rikhaldige lager og applikasjon fra restene mine.
Veska er fora med eit tynt brunt stoff.

Blomen er applikert på med senka undertransportør og broderifot.
Ein raud knapp i midten sette prikken over i`n:)



eine kjøkkenveggen heng eit teppe som eg sydde for fleire år siden.
Det er brukt svart lin og masse grøne stoff, og litt rosa og svart.


Strimler i ulik breidde sydd i saman,
skjært opp i ulik breidde og sydd i saman igjen,
dannar mønsteret her.
Dette er ein veldig kjekk teknikk som kan brukast til bilder,
puter, dukar og vesker,mm.


Strimlene som er sydd i samam varier fra 2 til 6 cm + -,
og det kan gjerne blandast inn silke og andre stoff med struktur.




I går sydde eg denne vesle pungen med applikert hjarta på begge sider.
Den er sydd saman av 21 småbitar,quilta på maskin og har glidelås.
Pungen målar ca 10 * 6 cm.




Tilslutt vil eg gi alle ein blom med ønske om ei fin og koseleg helg,
ilag med dei du er glad i:)




fredag, januar 25, 2008

Tankar i natten

Det verste som kan skje meg er at noko skal hende mine næraste.
I kveld går tankane mine til familien som mista jenta si i går.
Ho var like gamal som mi eldste datter Malin, og dei gjekk på vidaregåande skule ilag, og kva ho skriv kan du lese her.
Brått er eit ungt liv over, og det setter i gang mange tankar hos meg.
Kva er det som skil mellom liv og død?
Er alt forutbestemt fra den dagen du blir fødd, og går du på linja som er streka opp foran deg så går alt bra, men kva om du går eit skritt til sida, eller litt for fort....
Er det nokon der ute i evigheten som styrer våre liv, eller er alt berre tilfeldigheter?
Livet er skjørt, og me må ta vare på dei me er glade i, og hugse på å seie det til dei kvar dag.
Nyt livet medan du har det.



Tru ingen som seier at det gode livet kjem seinere
-livet kjem ikkje
- livet ER.
Hold om og hold av
-og ha det litt bra kvar einaste dag.

mandag, januar 21, 2008

Pakke i posten...

...og den var fra min hemmelege venn, JulieK,
som ikkje var så hemmeleg lenger,hehe.

Inni pakken var det så masse fint, og godt,mmm.
Tenk alt dette til meg på ein heilt vanleg mandag:)
Sjokolade med marsipan (favoritt)
og sjokoladekuler med hasselnøtt som skal gøymast til helga.
Nydelege glansbilete fra Kremmerhuset fekk eg også, og dei skal gøymast til jul:)

Sjå dei lekre glas hjartene og stjernene til å henge opp.
Dette er definitivt ikkje julepynt, men vinterpynt,
som skal få henge ei stund framover.

Oppi pakken var det ei lita gåve, i form av ei mus ,til Rasmuspusen.
Inni den er det kattemynte trur eg, og luktar godt av mynte.
Eg har lese at kattar reagerer på denne urta, og det gjorde ivertfall Rasmus.


Det er ikkje så lett å ta bilete av ein katt i fart,
men her får de eit inntrykk av korleis han herja rundt med musa,
etter først å ha strøket seg noko voldsomt mot den først.
Han elskar den!!!!
Tusen,tusen takk for den nydelege gåva JulieK.
"Den som venter på noko godt, er jammen meg heldige"



Dette er det eg held på med på handarbeidsfonten for tida.
Eg broderer beltet og bringeduken til bunaden til Marie.
Ho skal konfirmerast 4 mai, og får då Sunnhordlandsbunad.
Så eg føler eit visst tidspress, men det går nok bra denne gangen også:)
Før helga fekk eg eit ufrivillig opphald fra pc`n.
Tastaturet tok kvelden, og siden me har passord på, kom eg ikkje inn i det heile tatt.
Min kjære syntes det var heilt greit siden eg då holdt han med selskap foran tv`n i helga....
På ein måte var det litt godt å vere uten tilgang også,
men gurimalla så herleg når eg i ettermiddag kunne kikke inn på bloggen min,
og så masse koselege kommentarar låg og venta på meg:)
Eg må innrømma at eg er blitt litt (mykje) avhengig av bloggen,
eller det er meir kontakten med alle dåke som kikkar innom,
som eg synest er så utruleg koseleg.
*
Tusen, tusen takk for at akkurat du tar deg tid til å skrive ein kommentar til meg:)
Nå skal eg kikke innom til dåke og sjå kva som har skjedd dei siste dagane.
Ha ein fin kveld alle saman:)




onsdag, januar 16, 2008

Forkjølelse og andre rariteter

O lykke, eg var innom på Fretex i dag, og der sto det eit gamalt syskrin og venta på meg.
75 kr og så vart det stabla inn i bilen og opp på syrommet heime.
Det skal få litt maling og bli pussa litt med, så vert det så bra så.

Skuffa under er trekt med eit stoff som eg må prøve å vaske.
Det er ganske møyrt så eg veit ikkje korleis det vil gå, men,men.
Er så fornøgd med at eg fann dette i dag:)

Stakkars lille søte Rasmus pusen vår er blitt så forkjøla. Me lurer på om me skal omdøype han til Snøfte Smith. Han nyser og renner i nasen og auger, og har vore litt pjuskete dei siste dagane.


Eg var i kontakt med dyrlegen i går, men skulle sjå det an til i dag om han var betre då, og det var han heldigvis. Nå renner ikkje augene lenger og han snøfter og nyser berre avogtil.


Han vil sjølvsagt vere med der eg er, og då er det pladask oppå tegningen min.



Litt bilete fra syrommet mitt, og dette er det eg ser når eg sit og syr.
Litt gamalt og litt nytt i salig blanding.



Her er plassen min, og denne stolen har eg også kjøpt på Fretex.
På bordet står frøken Pfaff og ventar på at eg skal komme og sy.




Koffertane mine som inneheld mange skattar.
Dei står stabla 3 stykker oppå kvarandre ved siden av sofan.






I eine enden av rommet heng settekassen min med små saker og ting inni.





Ei lita selskapsveske heng klar i tilfelle eg plutseleg skal i selskap.
Aldri godt å vite:)




Bamsane mine sitter på sofaryggen og følgjer med på kva som skjer her inne, kven som går forbi, og håpar at nokon snart vil leike med dei igjen.

Dette var eit raskt blikk rundt om i syrommet. Eg skal male eine bokhylla der inne og litt anna pyssel som eg ikkje er ferdig med, så det får eg vise seinare.
*
Ha ein fin kveld alle som kikkar innom:o)








mandag, januar 14, 2008

Når det stormar...

...ute, så er det godt å sitje inne og kose seg med sjokolade og kakao, og tenne masse lys.

Eg likar å tenne masse lys når det er mørkt ute, både telys og stearinlys. Det hjelper på humøret og så gir det ei koseleg stemning i romma.

Littegrann av julepynten, eller nå kan eg vel kalla det vinterpynt, får stå framme ei lita stund til.
Det vart så mørkt og tomt når all julepynten vart tatt vekk, sjølv om eg tok fram mindre pynt i år enn eg har gjort tidlegare. Eg må visst sortere julepynten min til den skal fram igjen, men det er lenge til....

I helga var det den store "snu om på alle romma på loftet" helga. Hjelpe meg så mykje saker og ting eg har som høyrer til under kategorien, "hobby og kjekt å ha".
På loftet har me to soverom og ein gang + eit bad som ikkje er innreda. På eine soverommet har eg hatt syrom og det har også fungert som gjesterom, det andre soverommet har Marie hatt, og gangen har vore TV stove. Så her ein dag fann eg ut at Marie sitt rom skulle bli TV stove, syrommet skulle bli Marie sitt rom, og gangen skulle bli sy rom....jada.
Som sagt så gjort, eller det var ikkje gjort i ein fei, kan du sei....
Først så måtte alle sysakene og alt anna som eg hadde samla på syrommet ut på gangen, så måtte Marie sine ting sorterast og flyttast inn på det som tidlegare var syrom, men som nå er Marie sitt soverom.
Deretter måtte sofa og TV flyttast inn på det som var Marie sitt soverom, men som nå er TV stove, og så måtte alle filmar og bøker inn, ei gjesteseng som skulle stå i eine enden av rommet, og eit par kommodar og ein reol skulle flyttast på. Puh.
Heldigvis så har eg ein stor og sterk mann som hjalp meg med å dytte sofaer gjennom trange døropningar og løfte skrivebord høgt over hovudet for å få det inn. Flinke mannen:)
Når alt dette var komen på plass så sto alt det andre igjen i gangen, tidlegare TV stove, men nå sy rom. Då var det berre å brette opp armane, spytte i nevane og gyve laus på haugen eller haugane, med saker og ting som eg heilt sikkert får bruk for ein gang....
Heldigvis så hadde eg tidlegare sortert alle stoffa mine i 6 boksar, så dei trong eg ikkje tenke på ein gong.
Min kjære berre rista på hovudet og gjekk inn på loftstova og sette seg i ein nyvaska sofa, og syntes at eg skulle få vere i fred med å sortere. Men først lurte han på kor i all verden skulle eg gjere av alt det som sto der ute. Men eg hadde ein plan.
Det er jo berre å legge alt på plass så er det jo ryddig....haha, joda, eg vart ferdig, sånn ca kl 03 natt til søndag.
Men då skal eg seie at mannen i huset vart imponert.

Så nå er eg på jakt etter gardiner til loftstova, og eit teppe til å ha på golvet. Nokre av møblene der oppe skal malast,m men det trur eg eg vente med til det blir litt varmare i lufta og kan ha vindauga på vid vegg, gjett om eg gler meg til det:)
Så sånn var mi helg, litt mykje arbeid, men kjekt når det var gjort.




fredag, januar 11, 2008

Det å savna

Det er eit privilegium å
kjenna savn.
Vondt, ja!
Og tungt.
Men det fortel om ein nærleik
som var.
Om varme, lys og
latter.
Det å savna er den andre sida
av det å ha fått.
Å ikkje kjenna savn, ville vera
å aldri ha elska.
Bente Bratlund Mæland

onsdag, januar 02, 2008

Orden i sysakene ......

....er det viktig å ha. Så seiast det, og sant er det:)
Eit av mine tankar om det nye året er å få litt meir orden i saker og ting.
Som tenkt, så gjort!

Dermed brukte eg føremiddagen i dag til å sortere og rydde i stoffa mine. Eg har samla i mange år, og lageret har auka jamt og trutt. Eg har sydd mykje også, men eg ser at eg har handla meir enn eg har brukt opp.....
Så i dag har eg sortert med hard hand.
Det var mange haugar med stoff , sortert i forskjellige kategoriar. Stoffa vart sortert etter farge i respektive haugar, deretter,1 haug med rester og kapp, 1 haug med mønstra, og 1 haug med "ikkje brukande" akkurat nå, stoff + pittelitt som vart kasta.

Eg ser det er ein del gjengløymde stoff fra -90 talet i den mønstra haugen....
Eg fann også ut at eg har hatt ein kjærleik for stoff med høner og ditto fjærkre, på...
Så nå skal eg snart til å sy påskedukar med høner, hanar og kyllingar på *fnis*


Det vart ryddig til slutt i boksane, og det vart meir oversiktleg. Eg har mange godbitar som eg er veldig glad i, oppi desse kassane. 6 stappfulle plastboksar vart det med oppkutta stoff +det eg har i metervare. Jammensanten så har eg stoff ei stund framover:o)
Eg sa til mannen i dag at om eg snakka om å kjøpe andre stoff enn svarte, så kunne han få slå meg i hode med noko hardt...
Så får me sjå kor lenge eg klarer å gå rundt uten kul i hodet........

tirsdag, januar 01, 2008

Angel

Danske Saybias vakre sang "Angel" er ein fin start på eit nytt år:)