fredag, august 29, 2008

Forandring fryder....

...og det er jammen meg sant.
Eg har masse skap, kommodar, hyller
og andre småting som treng eit strøk maling.
Dette skal eg bruke uten dører,
men skuffene skal få komme i.
Dette som førebels er plassert på badet,
skal også få eit strøk og to, med maling.

Eit speil som eg fann på Fretex denne veka,
i ekte plastikk,
skal få ein omgang med svart spraylakk.

Spegelen vil Marie ha på rommet sitt.
Hjå henne går det meste av tinga i svart og raudt.


Denne stolen fann eg på ABR senteret på Karmøy.
Den er fin i trekket så eg lurer på om eg skal behalde det,
men treverket skal få eit malingstrøk og to.
Eg er veldig glad i desse stolane og nå har eg tre stykk.
Dei andre to skal eg trekke om, og er begynt å trekke ut naglene.
Fyttikatta for ein jobb.
Det blir nok eit langtidsprosjekt....

Tja, kva er dette for noko???

Prismelampe kjøpt på fretex for 59 kr.
Skitten og fæl var han, så prismene måtte leggast i bløyt....

...og sjølve lampefoten fekk ein omgang med svart spraylakk.
Glasprismene blenkte og funkla så fint etter ein tur i såpevatn.
Nå må eg berre finne ei lita nok lyspære,
og så har eg ein ny lampe:)
*me love*
*
God helg til alle som kikkar innom.







mandag, august 25, 2008

Ein knapp, to knappar...

...og enda fleire knappar,
var det oppi dette gamle skrinet
som eg kjøpte på Etnemarknaden.
*
Litt forskjellig oppi her ja...
*

..men under var det massevis av knappar og litt blonder.
*

Eit lite søtt broderi.
*
Flott messingknapp.
Desse var i fleire storleikar.
*
Knappane låg fint sorterte etter fargar i kvar sine posar.
*
Eg elskar knappar i alle fargar og fasongar,
særleg knappar som er spretta av gamle klær
som er kasserte.
*
Eg lurer meg på kva historier dei kunne fortald???
***







torsdag, august 21, 2008

Livets kunstnere

De mest synlige kunstnere
jeg kjenner,
er de som henter inspirasjon
fra livet selv.
*
De som uttrykker det
uforklarlige
-uten pensel, hammer,
leire eller gitar.
*
De hverken maler
eller former
-de bare er der.
*
Deres blotte nærvær
beriker livet,
de ser hva som rører seg
uten å male.
*
De er livets kunstnere.
*

tirsdag, august 19, 2008

Om å sko seg..

...er det visst noko som heiter,
men om det er det desse to "Tøttene"
har gjort veit eg ikkje.
*
Eg er glad i sko,
og fann meg to par i London.
*
Svarte og kvite tøysko,
mjuke og gode på foten.
*

Svarte lakksko med reimar
kan komme godt med
utover hausten.

*



mandag, august 18, 2008

Det er ikkje gull alt som blenkjer....

....men kva gjer vel det.
Eg er glad i armband, ringar og smykker,
og her er noko av det eg kjøpte meg i London i helga.
*
Armband med masse dingel dangel.

Langt smykke med glashjarta.

Armband i fine fargar.


Ein stor ring.....


...og to til.
*


To be continued....






torsdag, august 14, 2008

London here we come...


Gjett om eg gler meg til å tilbringe helga her.
Ha ei kjempefin helg du også:)


tirsdag, august 12, 2008

Mmmm, sjokolade

Ei lita kosestund for meg sjølv,
med ein kopp kaffi og konfekt.


Eg elskar konfekt.
(Ja, deg og, kjære)


onsdag, august 06, 2008

Marknad.....

....er ganske kjekt,
og der skal eg vere fra i morgon torsdag, til og med søndag.
Så får me sjå om nokon har lyst på tinga eg lagar i år også.
****
Eg har med meg akrylmålerier, keramikk, vesker,
smykker,armband og litt anna småpyssel.
***
Linvesker med nostalgiske bilete, og blondearmband.
***
Etnemarknaden kan du lese meir om her,
og er du på marknaden så må du jo komme
bortom symjehallen der eg sit rett innforbi døra.
***


mandag, august 04, 2008

Bursdag er kjekt.....

.....for då får eg besøk, og sjå alle dei flotte gåvene eg fekk
til bursdagen min den 30 juli.
***
Portemonè med glitter, og såpeskål med lokk fra eine tantejenta mi med familie.

Perlehalsband og armband fra to av tantejentene mine med familie.

To fine glass og telys fra minsta gullet mitt.



Mugge fra GG og trehøne fra Berit søster og mannen.


L ys og serviettar fra eine svigerinna mi som var heime ein tur.


Kule solbriller kom i posten fra "gudlabadne" i Stavanger.

Gåvekort på Esthetique og lekker nøkkelring fra kjærasten.
Eg fekk også penger av svigermamma og svigerpappa, roser fra min kjære,
og svarte krus og iskaffe fra ei venninne som var innom dagen etterpå.
Det er ikkje til å legge skjul på at eg likar å ha bursdag:)
TusenTakk for alle koselege kommentarar de legg igjen, dei varmar.
har eg også ferie,
JIPPI:)