torsdag, november 23, 2006

Heime igjen,men sjuk.

Så var eg heime igjen. Siden eg byrja å bli sjuk fann eg ut at det var bedre å vere sjuk heime enn på hybelen på andre sida av fjellet. Så nå sitte eg her med vond hals,rennande nase, og verker i heile kroppen. Eg sov litt lenge i dag, men etter ein god og varm dusj sat eg å jobba med den skriftlege delen av oppgåva me skal levere inn på mandag. Den heiter "objekter i dialog".

På tysdag fekk me ei ny oppgåve som me skal jobbe med fram til me får juleferie den 15 .des
Oppgåva heiter "Bill.merk. Engel søkes" Der me skal lage vår eigen engel utifra korleis me ser føre oss vår engel,og kva eigenskapar han skal ha. Hovedmaterialet skal vere tre, så det skal bli spannande.

Her er det bilete av mine objekter i dialog, ein vase og ei krukke med lokk. Dei er oransje inni og brunsvarte utanpå. Her er dei brende ein gong,og så skal glasur på og brennast ein gong til.

I mårå skal eg prøve å lage komla,viss eg ikkje blir verre enn eg er i dag. Bent har så frykteleg lyst på komla,og det er lenge siden me har hatt det og. ( Eg og har lyst på altså)

Når eg kom heim låg det ein pakke fra cdone å venta på meg! Oppi den var det ein cd og 3 dvd filmar. Cd`n var Vamp i full symfoni,og filmane var Ghost,Hjemme alene 1, og Den uendelige historien. Eg gler meg til å sjå dei.

1 kommentar:

Malin sa...

Eg må visst komma him å ha film-maraton ja;)
Goe bedring kjære mor, eg ska på jobb ikvell eg..
Klemme