Viser innlegg med etiketten Dikt frå "Kvilestein". Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dikt frå "Kvilestein". Vis alle innlegg

fredag, januar 11, 2008

Det å savna

Det er eit privilegium å
kjenna savn.
Vondt, ja!
Og tungt.
Men det fortel om ein nærleik
som var.
Om varme, lys og
latter.
Det å savna er den andre sida
av det å ha fått.
Å ikkje kjenna savn, ville vera
å aldri ha elska.
Bente Bratlund Mæland