mandag, desember 11, 2006

Herlegaste mandagen på lenge.

Detta er den beste mandagen eg har hatt på lenge. Det var heilt rart i går kveld når eg ikkje sko reisa med bussen kl 23.

Så i dag sto eg opp med Marie og Bent når dei skulle på skulen og jobb. Eg og Rasmus har kost oss inne med julamusikk og fyr i omnen. Eller Rasmus har farta ut og inn i heile dag, i ruskaveret. Eg trur han synest det er kjekt at nåken er heime om dagen og kan sleppe han ut når han vil.
Elles har eg sydd ferdig ein løpar som kanskje skal bli julepresang, og eg har levert pedagogikk oppgåva på classfronter,så då er det og gjort. Flinke jenta:)

Var ein tur nede på butikken å handla litt og tidleg i dag, har ikkje bil så då er det berre å gå,men det er heilt greit, er jo van med det. I kveld skreiv eg brev til Anne Marit, er ei stund siden eg fekk det, så det var på tide nå. Ho koser seg på Jæren folkehøgskule, der ho går på interiør. Savne faktisk veldig klassen fra i fjor,både elevane og lærarane. Me hadde det fantastisk kjekt ilag.

Nå har eg nett sett ein sirupsnippdeig, den skal stå kaldt til i mårå, og så får eg bake. Skal lage berlinerkransar og, det har Bent så lyst på. Så får eg sjå kva meir eg finner på å lage.

Ha ein flott mandagskveld, og nå er det 13 dagar igjen til jul:)

Ingen kommentarer: