torsdag, mai 24, 2012

6 år *HURRA*


Bloggen min fyller 6 år i dag, hurra, og jammen meg har det skjedd mykje på dei 6 åra. Det var eldste dotter mi, Malin, som lærte meg å blogge, og den har forandra seg ein god del desse åra.
Eg starta med å skrive ein del om forskjellige ting eg laga,familieliv og kvardagen elles. Så var det studier både på Notodden og på Stord som vart dokumenterte og innimellom der gifta eg og min kjære oss også.


I oktober -08 starta eg butikken min Frøken Fryd, og då vart bloggen meir ein butikkblogg enn ein personleg blogg. Dei siste åra har det nok blitt litt lite innlegg, men det er veldig kjekt å sjå tilbake, både på det eg har skrevet og ikkje minst bileta.


Når ein har bursdag så får ein alltid gåver, men eg vil gjerne gi bort gåver. Legg igjen ein kommentar så er du med i trekning av fine gåver fra Frøken Fryd.
Trekning tysdag 29.mai. 
***
Dagen HURRA for:
-SOL
-varme
-koselege kunder
-iskaffi
(-reiser til Pisa i morgon)
Hildeklem*
*****
Trekning er foretatt
og det er 4 som vart heldige
og vinne gåver fra Frøken Fryd.

Elise: Skjerf, notisbok og veggord.
Kari Marie: Skjerf, såpe og handkle.
LeneS: Skjerf og veggord.
Hiks: Bok