søndag, november 30, 2008

Så tenner vi et lys

Så tenner vi et lys i kveld
vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv
og oss som er tilstede.
Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede.
Inger Hagerup

onsdag, november 26, 2008

Lillelørdag...

...eller onsdag, som den kallast nå for tida.
Før i verda då var onsdagen ein nesten lika kjekke dag som laurdagen.
Ivertfall TV kvelden.
var det noko som hette "Komikveld".
Tenk at det var ein heilt eigen kveld for å le...
*
Eg er i det litt nostalgiske hjørna for tida.
Slik vert eg når det nærmar seg jul,
og som om ikkje det var nok så har eg lånt
ei bok på biblioteket, "Barndommens jul".
Snakk om å mimre tilbake i tid.
Ganske kjekt å lese om korleis andre hugsar sin barndoms jul.
Sjølvsagt så var jula også mykje betre før...
ivertfall slik som eg hugsar det.
Gurimalla, nå høyrest eg ut som eg er 70 år:)
Eg har mange gode minne fra jula når eg var liten,
både med juleførebuing og gåver eg fekk.
Den gåva eg hugsar best er fra storebroren min.
Eg var vel rundt 4-5 år, og hadde ikkje allverdens leiker,
og av bror min fekk eg ein liten bærebag til dokka mi.
Den var i blå, blank plastikk med gule blomar på.
Nydeleg fin.
Dette var på beste 70- talet, må huske.
Det verste var at pappa kom til å brenne denne opp
sommaren etter.
Han skulle brenne opp nokre pappesker,
og oppi den eine eska låg bærebagen min.
Eg fant berre ein smelta, nesten oppbrent bærebag
i oskehaugen.
Så sånn enda den historia.
*
Her er mitt nye vidunder av ein Mac.
Litt nytt å lære ennå,
så fortsatt så bruke eg den utrangerte pc`n
som er skikkeleg treig.
Men eg skal lære meg å bruke "Onkel Reisende Mac".
Fin er han å sjå til, og ikkje tar han så stor plass heller.
*
På lørdag skal me i bursdagsfest til denne jenta.
Ho vert 40 år fredag den 28 nov.
Hipp, Hipp, Hurra.
*
Ha ei goe natt:)
Koseleg at du kikka innom,
og eg vert sååå glad om du legg igjen ein liten kommentar.




søndag, november 23, 2008

5 ting

Eg fekk denne utfordringa av Lykkelene
for ei lita stund siden.
*
5 ting eg likar
Sjokolade
Blogge
Gamle møbler
Lage mat
Fredagskveldar
*
5 ting eg ikkje likar
Makk
Bedrevitere
Kranglevorne bilar
Stress
Røyk
*
Favoritt mat og drikke
Lammelår med potetbåtar,
grønsaker og god saus.
Ovnsbakt laks med syrleg kinakålsalat
og poteter.
Kvitvin Rosemount
Raudvin J.P. Chenet
Panna Cotta
Sjokolade pudding
Droning Maud dessert
*
Favoritt musikk
Vamp
Brandi Carlile
Bjørn Eidsvåg
Amy MacDonald
elles ganske altetande
*
5 eg vil vite litt meir om
og
*
Ha ei fin ny veke alle som kikkar innom.
Klem fra meg.



fredag, november 21, 2008

Snø ja...

Jommen meg sa eg snø,
og snø har me fått, i bøtter og spann.
Sånn såg det ut på trappa til butikken i dag tidleg.
Fint ja:)
*
Eg fekk litt nye varer fra Lisbeth Dahl i dag.
Søte og fine ting i fattigmannsølv,
slik som denne telyslykta til 55 kr.
*
Smykkeskrinfrosk med *bling*
Tenk å finne ein ring oppi denne...
*
Verdens søtaste *bittelille* øyredobbstativ
til 49 kr.
Eg har fått masse anna også,
lysestakar og julepynt,
nøkkelringar og smykkeskrin og +++
*
Armband i brunt og turkis er alltid fint.
Dette har eg laga.
*
er *gudlabadne* Malin komen heim fra Stavanger,
og nå skal me ete middag.
Steikt kyllinglår, ris, salat og saus.
Nam,nam.
Ha ei fantastisk flott og fin helg
du som kikkar innom.






torsdag, november 20, 2008

"Det snør, det snør, tiddelibom....

....ja, det er det det gjør, tiddelibom".
*
I ettermiddag byrja det å snø,
og fortsatt så snør det.
Reine og skjære julestemninga her ute på trappa:)
Mannen i huset syntes ikkje det var fullt så koseleg
for han fekk det skrekkeleg travelt
med å skifte dekk på 2 bilar.
*
Eg trong ikkje vere med på dekkskifte,
så eg har kosa meg inne i varmen,
med levande lys, lekselesing med Marie
og laga pakkelappar.
*
Pakkelappane var veldig kjekke å lage,
og eg har kopiert julesangar fra mamma si gamle salmebok,
medan noter og juleevangeliet fann eg på nettet.
Desse skal få vere med på julemessa eg skal stille ut på,
på laurdag.



onsdag, november 19, 2008

Nostalgisk jul

I gavealongen er denne rundens tema "Nostalgisk jul"
og me skulle lage eit innlegg om vår nostalgiske jul.
*
Når eg tenker på nostalgisk jul,
så er det julefeiringa når eg var barn.
Den forventninga og spenninga eg hadde då
var noko heilt for seg sjølv.
*
Nostalgisk jul nå, er meir korleis eg pyntar til jul.
Eg har forandra smak opp gjennom åra,
men til jul er det ein del ting som må fram
for at eg skal få rette julestemningen.
Den første engelen eg kjøpte meg som 15 åring,
den må ha hedersplassen,
og ullnissen som eg kjøpte for mange år siden,
må også fram.
*
Eg er glad i å pynte til jul med sølvfarga pynt,
og naturmaterialar
som kongler, mose og granbar.
Eg tenner masse,masse levande lys,
og likar at det glitrar og funklar rundt omkring.
*
Å pakke inn gåvene eg skal gi bort,
er ein del av juleførebuingane som
eg storkosar meg med.
er det fram med julemusikken, papir, band,
esker, pynt og dill og dall,
og pakke inn gåvene så fint eg berre kan:)
*
Eg startar å pynte enkelt med lilla til advent.
Det kan vere nok med lys og litt pynt i lilla.
Stjerna må komme på plass i glaset,
og adventstaken finn sin plass.
Resten av pynten kjem opp i
vekene fram mot jul,
og juletreet pyntar eg natt til julafta,
som det siste eg gjer før eg legger meg.
*
Eg er veldig glad i englar,
og det har eg vore siden eg var lita jenta
og hadde eit englebilete hengande over senga.
Den passa på meg, meinte eg,
og det var trygt og godt å tenke på.
Englane høyrer til i jula,
og dei er med i pynten min.
*
Jula for meg er kos med familien,
tid for ettertanke og minnast dei
som ikkje er er her lenger.
Seine frukostar, og lange kveldsmåltid
med kakao og godt pålegg er eg også glad i.
Julefilmar er ein absolutt nødvendighet
og "3 nøtter til Askepott"
er favoritten over alle favorittar.
Men "Hjelp vi har juleferie" og "Alene hjemme"
er også blant dei eg må sjå.
Eg kunne ramsa opp mange fleire også,
deriblant "Love Actually" som er
ein nydeleg film,
men litt trist samstundes som den er morosam.
Nå har kanskje min hemmelege venn fått nokre tips,
og dåke andre har fått eit lite innblikk i min nostalgiske jul.
Det kan nok fort hende at det kjem fleire juleinnlegg
fra denne kanten.
*
Alle bildene er tatt hjå Føken Fryd








søndag, november 16, 2008

Laurdagskos

Eit av lyspunkta i kvardagen er å kunne invitere
gode vener til kos.
På laurdagskvelden hadde me koseleg besøk
av 4 vennepar.
*
Eg storkosar meg med å dekke på bordet,
og planlegge kva eg skal servere gjestene.
Bordkort var eit hjarta til kvar med namn på,
og på baksida står det
"Gode venner er gull verdt"
*

Bordet dekka eg med ny duk fra "Frøken Fryd"
og ei god blanding av gamalt og nytt i glas, servise og bestikk.
Til forrett var det Bent sin sjølvfiska laks.
Røykt laks på flatbrød
med ein dæsj rømme og eplemos med kanel.
Middag var indrefilet av svin
med blanda grønsaker,
pannesteikte kokte poteter og tropisk saus.
Dessert besto av kaffe avec,
Panna Cotta med skogsbær saus og
sjølvplukka bjørnebær.
*
Me kosa oss med maten og god drikke i mange timar,
og vart sitjande rundt spisebordet heile kvelden.
Som de ser av bilete ovanfor så var noko meir
interresert i mobilen til sidedama...
*
....medan andre igjen var særs oppteken av å gni det inn...
Eller kanskje det er hans måte,
å vise at han er glad i kona si, på:)
*

Det var ingen stille og forsagt gjeng me hadde besøk av,
så ei stund lurte eg på om eg måtte innføre taletid til enkelte
som prata i munnen på kvarandre, høgt og mykje.
Eg har ikkje ledd så mykje på lenge,
så nå har eg nok forlenga livet mitt med nokre år.
*
Eg trenger ikkje fortelje at eg fekk noko i litla glaset mitt
som ikkje eg hadde oppi,
og den smaken var ikkje god.
Men ædabæda eg vart ikkje dårleg,
viss det var det,
du som gjorde det,
håpa på....haha,
men husk: hevnen er søt.
*
Litt for mykje av dette...
*
...gjere at ein vert litt på druen...
*
...då er det godt med noko sånn,
dagen derpå...
*
Eg vaknar alltid tidleg etter ein fest,
og i dag hadde eg i tillegg krampe i leggen*au*
Så då var det berre å komme seg opp,
fyre i omnen og sette i oppvaskmaskina.
Eg nyter å vere tidleg oppe,
og vite at eg har ein heil ny dag foran meg.
Enda betre er det å vite at eg ikkje er dårleg dagen derpå,
men han som ligger ute i senga derimot....*fnis*
*
Ha ein fin søndag,
og takk for at du kikkar innom.












onsdag, november 12, 2008

"Surrehåve"

" Surrehåve" er eit dialektord for å vere litt vimsete,
og det kan eg vel kalle meg i dag.
Eg sto opp tidleg, kl 06.30 i dag fordi Marie
skulle på besøk på vidaregåande skule,
og måtte ta bussen kl. 07.00.
Eg hadde god tid til eg skulle til fysioterapitimen min kl 08.30.
Dei som kjenner meg veit at eg er ofte litt seint ute,
men i dag var eg overraskande nok ute i god tid,
og sat på venterommet og venta i ca 10 min
då eg byrja tenke etter kva dag det var.
Hmm, er det onsdag eller torsdag i dag?
Joda det er onsdag for Marie er i by`n på skulebesøk.
Hmmm igjen, men det er jo torsdagen eg er til fysioterapi.
Gjett kven som stiltra seg ut døra før nokon oppdaga meg.
Jepp det var meg.....

Så i staden for å bli knødd i nakken
så vart det frukost og avislesing til eg kunne gå på jobb.
På jobb var det travelt i dag,
og eg storkosa meg.
Eg likar å ha det litt travelt,
oghjelpe kundene til å finne akkurat den
tingen dei ikkje visste at dei var på jakt etter,
små snakke litt om laust og fast,
og pakke inn gåver.

Det er meir og meir julegåver eg pakkar inn,
og det er så koseleg å lage fin innpakking.


Etter jobb kjørte eg til by`n
for å vere med Marie å handle litt kler.
Det er ofte eit kapittel for seg sjølv.
(ikkje sant Malin)
Ho hadde god tid til å kikke før eg kom,
men ho har litt problem med å bestemme seg
for kva ho vil ha...
Ho enda opp med ein fest topp/tunika/kjole,
ei hettejakke,, og litt småting,
men ikkje sko som det var meininga at ho skulle kjøpe.

Eg skulle ikkje ha noko,
men enda opp med 2 skjerf,
og ein svart lang bluse/tunika.
*kjekt for meg*
Då har eg litt nytt å pynte meg med på laurdagskvelden
når me skal ha 4 vennepar på middag og kos.
Gler meg.
Eg likar godt å lage til selskap,
eller ha besøk av gode venner,
og lage til litt god mat
og berre kose oss.
Då er det ekstra godt å leve.
*
Ha ein fin dag du som kikkar innom.
*Klem*




mandag, november 10, 2008

4 ting

Eg har fått ei utfordring fra både
om å fortelle forskjellige ting om meg sjølv.
*
4 jobbar eg har hatt
Eg har jobba med litt forskjellig opp gjennom,
og har vore borti trevarefabrikk, barnehage,
SFO og butikk.
4 filmar eg kan sjå omatt
Eg er glad i å sjå film,
og likar aller best koselege
romantiske komediar slik som
Love Actually
Fire bryllup og en begravelse
Notting Hill
The Holliday
*
4 plassar eg har budd
Eg har flytta litt rundtomkring,
men ikkje så veldig langt avgårde,
og starta i Hervik,
Bakarøynå (Haugesund)
Vikebygd
og nå i Skjold.
*
4 tv-show eg likar
Eg ser ikkje så veldig mykje på tv,
men litt følger eg med på,
og Beat for Beat er ein favoritt,
Greys Anatomy,
og Brothers and Sisters er
to serier som eg kosar meg med,
og Criminal Minds når det er på skjermen.
*
4 plassar eg har vore på ferie
Eg er ikkje så frykteleg bereist,
men har nå bevega meg litt rundtomkring,
og i Danmark er det alltid koseleg å feriere,
Roma er heilt vedunderleg, og der skal eg tilbake,
Paris har eg vore 2 ganger og vil gjerne dit igjen også,
og alle dei koselege byane langs Sørlandet likar eg meg godt.
*
4 websider eg besøker dagleg
Eg er stadig innom litt forskjelleg på nettet,
men eg må innom bloggen min
og mange andre i Bloglandia.
Eg må sjekke mailen min,
innom nettbanken (rekningar)
og ofte Finn.
*
4 stadar eg heller ville vore nå
Eg er litt trøtt så sofa`n kunne eg godt tenkt meg,
eller ein plass det ikkje regna og bles
så mykje som det gjere her akkurat nå.
Men elles er eg veldig fornøgd med å vere her eg er:)
*
Eg sender denne videre til desse 4
Ha ein fin kveld alle som kikkar innom.







lørdag, november 08, 2008

Litt julestemning..

...er det blitt hjå Frøken Fryd.
Eg laga ny utstilling i vindauga i går kveld.
*
Slik vart det i dei eine vindauget.
(Litt gjennskin i glaset)

Fattigmannsølvkuler i forskjellige fasongar
ligg på eit stort sinkfat i lag med telysestakar,
og anna dill.
*
Ei stor lykt i sink fra Bloomingville står i vindauget.
*
Hjarter i lin med god jul englar og glasprisme,
som er sydd av meg.
*
Litt rustikk pynt,
og nydelege vottar strikka av svigermamma.
*
Glasprisme.
Desse har eg brukt å pynte linhjartene med.
*
Litt rosa for dei søte.
Smykke med stort glashjarta,
og armband med små glashjarter,
og blanke perler, laga av meg.
Pitteliten portemonè som eg har sydd.
*
Knalltøffe og herlege oppbevaringsboks, koffert,
drikkeflaske og matboks fra Blafre Design.
*
Nå må eg sette i gang å bake litt
til bursdagsfeiringa av Marie i morgon.
Det kjem vel litt familie til kaffi,
og då må me ha litt å bite i:)
*
Ha ei fin helg du som kikkar innom.