onsdag, april 29, 2009

Esker og kort...

...er blitt laga i dag.
litt landleg nostalgi er ikkje å forakte,
og med ark med skrift, bilete, stempel, blonde og hyssing
så kan ein lage søte saker og ting.
*
eg er glad i skrift og fine ord,
og kvitmala trehjarte
har fått stempla på seg godord.
*
eske med 9 rom til teposar,
er praktisk, men også fine til pynt.
*
gamal selskapsveske som eg kjøpte på fretex for ei stund siden.
eg samlar på selskapsvesker,
og synes dei er så fine å pynte med.
denne er i mjukt svart skinn,
og med blank snirklete lås.
eg trur ikkje det er sølv,
men fint arbeid er det uansett.
*


søndag, april 26, 2009

Mandagstema - Kreativ

Å vere KREATIV kan vere så mykje.
For meg er kreativitet å skape noko,
og her er nokre skulpturar eg laga i fjor vår.
*
Skulpturane er laga i raku-keramikk,
men på desse bileta er dei ikkje brende.
Eg laga ein kryssning mellom katt og menneske,
og prøvde å få fram kjensla av korleis katten ville
oppleva å vere innestengd i ein menneskekropp.
*
"Sårbar" heiter denne.
*
Vil du sjå fleire kreative innlegg, trykk her
***





lørdag, april 25, 2009

Steinen

Så var det den gode stein
med bred og mosegrodd rygg.
Som ble en hemmelig venn.
Hos den var jeg alltid trygg.
*
Der kunne jeg gråte og le.
Den visste og skjønte alt
og brydde seg aldri om
hvordan ordene falt.
*
Urokkelig: Stor og dum.
Den samme i sol og regn.
Hvor godt jeg begriper dem
som gjorde seg guder
av stein.
Inger Hagerup



Vinnaren av konkurransen....

....er virre.
***
eg skulle ha trekt på torsdag,
men, vips, så var det laurdag, gitt:)
*
håpar du vil like gåva fra frøken fryd.
***
her var det strålande sol og 15 varmegrader
når eg gjekk på jobb i dag.
så herleg med sol og varme,
så kanskje eg skal ut og grave litt i hagen
etter jobb i dag.
*
ha ei fin og god helg alle saman.
klem

onsdag, april 22, 2009

50 % hjå Frøken Fryd

ei mengd varer er nedsatt med 50 % i butikken,
og ein del av desse finne du også i nettbutikken.
nettbutikken finn du her her.
*
husk å skrive deg på innlegget under
om du vil vere med i trekninga
av ei gåve fra frøken fryd.
*
ha ein fin dag du som ser innom:)
*smil


lørdag, april 18, 2009

God helg...

...og det må den bli,
med så nydeleg ver som me har for tida.
*
veka etter påske har gått skremmande fort,
og nå kan det , for min del, bremse litt.
våren er den beste tida på året,
ivertfall synes eg det nå,
men til sommaren og hausten,
så er det den tida som er best.
herleg når årstida skiftar.
*
eg viser litt bilete fra butikken medan eg skravlar i veg.
såper fra nesti dante er kjempepopulære,
og dei duftar nydeleg
og er milde og gode mot huden.
*
fuglebur uten fugl,
men med ein liten fiol og anna pynt.
*
ramme, ballerinasko og toalettveske i sølv.
alt fra Lisbeth Dahl.
*
knaggrekke laga av rekved som er ein del av ein båt.
marmeladeglas med sinkoppheng og søte hjarte fra bloomingville.
fine til å henge opp med telys
nå når det går mot kveldskos ute.
*
eg ser med glede at teljaren min har passert 80 000 besøkande,
og i det høve så har rasmus pusen pynta seg med englevinger.
eg fekk også ei gledeleg overrasking i Bolig Pluss
der Frøken Fryd var nemnt i ein artikkel om gode nettbutikkar.
for ein liten butikk som min så er det utruleg kjekt.
eg vart hoppande glad, rett og slett:)
så glad vart eg at eg vil dele med dåke som er innom.
legg igjen ein kommentar,
og så er du med i trekninga
av ein overrasking fra frøken fryd.
vinnaren vert trekt 23 april.
***
ha ei fin og god helg du som kikkar innom.
klem hildeS







onsdag, april 15, 2009

Saken er i boks...

....eller rettare sagt, i eske.
når det innimellom er litt stille i butikken
så kosar eg meg på bakrommet,
enten med symaskinen, eller med papirarbeid.
i dag vart det litt papirarbeid som klipp og lim.
pappesker er dekorerte med div bilete, band og blonder.
*
eskene er i 3 forskjellige størrelsar,
og fine som gåveeske,
eller til å ha småting i.
*
nostalgiske bilete, stempel og litt band.
meir skal det ikkje til.
*
ripsband og hamptau rundt lokket.
*
hamptau er fint å bruke til det meste.
*
ei større eske med 9 små rom til te.
dekorert på samme måte som dei små.
"a little bit of this and a little bit of that.."
*
har også fått inn nye såpe fra nesti dante
med duft av rose og peon.
*
ha ein fin dag du som kikkar innom.






tirsdag, april 14, 2009

Tilbake til kvardagen igjen

påskedagane gjekk fort i år,
men eg fekk nå utretta litt av det eg hadde lyst til.
første fridagen gjorde det godt å sove til eg vakna,
men dei andre dagane hadde eg klokke på.
eg likar å vere først opp,
og vekke dei andre til frukost med fint dekka bord og kokt egg.
veret har vore ganske fint,
og langfredag var det oppe i 17 varmegrader:)
det har blitt fleire fjellturar, masse snop, masse god mat,
godt i glaset, vore leeenge oppe, to turar på kino, meir snop,
quiz, hatt besøk, vore på besøk, lese bok, sett dvd, sydd, laga mat,
og ete snop...
*
det var ei grov oppsummering av påsken min,
og eg er komen fram til at eg er blitt veldig glad i påsken.
mange fridagar, vår ute, kos inne,
og ikkje så mykje mas og jag som føre jul.
*
her er våren komen for fullt,
kvitveis og hestehov bløme om kapp,
bjørka har fått museøyrer, og fuglane kvitrar for full hals.
dette kan me lika!

mandag, april 13, 2009

Stillhet

mandagstema i dag er stillhet,
og bileta tok eg hausten 07
sunnhordland folkemuseum på stord.
*
*
*
fleire mandagstema bilete finn du her



onsdag, april 08, 2009

Familieauke til påske

stakkar pjusken,
eg måtte starte leiteaksjon etter han i går.
eg fant han ikkje når eg leita i påskepynten min,
men trur du ikkje han og kjærasten
hadde gøymt seg i eit påskeegg,
og fått 4 ungar siden i fjor.
så nå har me ein heil søt og pjuskete familie.
***
god påske til alle som kikkar innom,
fra meg og pjusken.

tirsdag, april 07, 2009

Kjærleik i tekstil

kjærleiksbilete sydd på bestilling,
og levert til fornøgd kunde i dag.
bilete målar ca 110 cm x 50 cm,
og er sydd saman av mange forskjellige stoff
der nokre av dei er sjølvfarga.
*
bilete har applikerte detaljar, innsydde silkeremser
og er frihandsquilta på maskin.
eit veldig kjekt oppdrag.

onsdag, april 01, 2009

Glede

eg blir så glad av å sjå på desse 3 bileta som malin har laga.
ho er eldste jenta mi, bur i Stavanger og er utdanna illustratør.
fleire illustrasjonar fra hennar hand kan du sjå her.
i dag prøvde ho å lure mammo si,
men eg er ikkje så lettlurt.
korleis det gjekk føre seg kan du lese her
***
" å leve er ikke nok.
solskinn, frihet og
en liten blomst
må man ha."
desse orda fra H.C. Andersen
passa godt til bileta.