fredag, februar 05, 2010

GOD HELG








Så er det fredag igjen,
og første veka i februar er snart over.
Snøen ligg fortsatt, og enda meir kom det tidleg i veka,
så det ser ikkje ut som det skal bli vår heilt enno.
Litt nytt er komen inn i butikken,
og meir kjem det i vekene framover.
Englebilete over kan du få ta med deg om du vil.
Til deg fra meg:)











torsdag, februar 04, 2010

Vil du helse på.....







tirsdag, februar 02, 2010

Pynt




*
Eg såg det var nokre som etterlyste pynt til påskeegg,
og tenkte eg ville vise desse søte som eg har i butikken.
Dei kan også brukast som smykke eller nål,
pynt på bøker og vesker, mm.
Du finn dei HER



fredag, januar 29, 2010

Litt nytt i butikken






Litt nye varer kom fra Lisbeth Dahl i dag,
og det er alltid spanande.
Lisbeth Dahl har søte og fine ting,
og det er kjekt å blande med meir rustikke ting.
Kontrastar er fint.
***
GOD HELG
til alle som kikkar innom.
Eg set stor pris på alle dei hyggelege og fine kommentarar
som de legg igjen her hjå meg.
TUSEN TAKK

torsdag, januar 28, 2010

Søte saker



Eg syns det er kjekt å hekle litt småsaker innimellom,
og denne var fort gjort å lage.
Sånn ca 10 cm x 10 cm målar den vesle portemonèn.
Eg er skikkeleg dårleg til å forstå oppskrifter,
så det blir helst til at eg diktar i veg på eiga hand.
Av og til går det bra, og andre ganger ikkje.....
Men pyttsann, eg kosar meg:)

onsdag, januar 27, 2010

Pukka te på ein onsdag..







fredag, januar 22, 2010

Sømmeleg, bør det vere....

Kjolen er sydd i mjuk og god chenille,
og har applikasjonar sydd på maskin, framme og bak.
Bokstaveleg talt...