lørdag, desember 16, 2006

Laurdagskveld.

Eg kunne godt ha tenkt meg å vore ute og laga snømenn i kveld,men det går ikkje når det er 5+ og regn ute. Men me har det koseleg inne med fyr i omnen ,og masse levande lys.
I går kveld var eg og to venninner,Berit og Gro, hos Ingrid der me hadde juleklubb. Først åt me risengrynsgraut og Gro fann mandla, sjølvsagt. Etterpå laga me kvar vår firdobla oppskrift av valfritt snop,slik at alle fekk fire snop sorter, og det var karameller,appelsinsjokoladecrisp,peanøttsjokolade og peppermyntekuler med mokkabønner. Så måtte me ha ein liten pause med kaffi og smak på julekakene til Ingrid, og dei var som alltid knallgoe. Etter det så var det klart for kveldens/nattas høgdepunkt, pakkeleik. Eg fekk tre flotte ting,medan Gro klarte å hale i land 7, sju pakkar. HMMMF det er litt urettferdig..... Nei da,det er berre kjekt.

Nå er det berre 8 dagar igjen til julafta:) *gledemegkjempemasse*

Ingen kommentarer: