onsdag, mai 31, 2006

Så var det onsdag, og snart helg:)

Så e me halveis i denna veko og. Har hatt norsk sidemåls eksamen i dag.Skreiv eit kåseri om "den lykkelige barndommen", tok utgangspunkt i min eigen barndom, og den var nå rar nok, men eg liker ikkje så godt å skrive bokmål. Eg føler at det vert litt framant,men skitt au, nå e eg ferdig med den. I måro e det skriftleg eksamen, og det vart engelsk.
Eg e jo sjølsagt blitt sjuke, vondt i halsen og feber.Det e så typisk, når eg har eksamen så blir eg sjuk. Æsj og dobbel æsj.
I dag fekk eg kontrakten te hybel på Notodden. Har søkt på faglærar i forming der til hausten, og håpar at eg kjem inn. Eg synest det er kjempe skummelt å reise dit aleine, men eg gler meg og. Det er jo det eg har hatt lyst til i mange år. Så eg har sagt at eg skal prøve først i eit år, og så får me sjå etter det. Har jo ikkje lyst til å reise fra dei her heime,men nå blir det sånn, og me får gjere det beste utav det, og så får eg pendle att og fram.
Tenk, det har vore sol i heile dag:) Då blir eg så gla inni meg.
Eg skal legge inn bilder v ting eg har laga, men me har ikkje fått det te heilt enno. Du får hjelpe oss i helga Malin:)

mandag, mai 29, 2006

mandag morra blues

Så var det mandag og første eksamen i norsk, fagdag hovudmål. Æsj, det e ikkje kjekt å sitte i gymsalen i lag med masse andre som eg ikkje kjenner, og ha eksamen. Men,men det gjekk greit, sjølv om det vart litt kort det eg skreiv om Henrik Ibsen. Det er aldri nåken kjekke oppgåver me får te sånn. Og på onsdag e det friskriving i sidemål, jippi (ironi)
I går vart eg ferdig med veska eg sydde, den vart ikkje så verst. Skal legge ut bilder av ting eg lage,ein gong:) Må sy litt meir har eg tenkt, får jo tid i sommar siden eg ikkje skal jobbe, meinar eg. Det har ikkje vore mykje sying dei siste åra, berre skule, men avogtil så må eg berre sy......
Har idear te fleire prosjekt oppi håve mitt,så nå e det berre om å gjere å få gjort det. Te meir eg syr te fleire idear får eg, men sånn e det vel med dei fleste.
I måro skal eg ha besøk av jentene i klassen, og det vert nok koseleg, dei er så kjekke atte, og eg kjeme te å savna dei når me e ferdige på skulen.


HURRA FOR:

- ferdig med ein eksamen
-ikkje regn i dag
-snart helg
-meksikansk tomatsuppe
-heimelaga is



Ha ein fortsatt strålande måndag:)

lørdag, mai 27, 2006

Bursdagselskap

Så var det laurdag og regnver igjen....Men skitt au,me skal i bursdagselskap i dag.
Og i dag fekk me molda som me skal ha på plenen og i beda. Det blir litt arbeid å få den på plass for han klarte ikkje å tippe den på plenen, men utforbi....tulling.
Så kl to eller nåke sånt, kjørte me te Vea, for det er der Tone bur. Ho er eg tante til, og ho har fyllt 27 år og skulle feire det ilag med kjærasten sin, Sigurd som har fyllt 35. Han er fra Kristiansand, men skal flytte ilag med Tone te sommaren. Søster mi Berit og svogeren min Geir, var der og. Dei er foreldrene te Tone, og Laila søster hennar. Laila har to gutar som er tvillingar, og heiter Hans David og Karl Inge. Dei er 6 år, og e høgt og lågt. Kjempe snåle gutar. Hans David hadde ei laus tann som morfar te slutt klarte å trekke ut. Han kom stolt å viste dette, mens tårene rant og blodet pipla utor eit tannlaust hål:)
Me fekk masse gode kaker, og spiste og koste oss i fleire timar. Alltid koseleg å vere i lag med dei.
Geir og Bent planla å ha ein fisketur neste helg inne i Hervik. Kanskje det då blir aure,for sist Bent var å fiska vart det ikkje nåke. Eller dei han fekk, fekk Svein med seg heim. Heldiggrisen!


Hurra for:

- gåtur i regnet
-bursdagselskap
-tannfeen
-Kanskje sol i mårå
-søndag

fredag, mai 26, 2006

Endeleg fredag:)

Så godt å vakne ein fredagsmorgon og ha fri:) Sikkert derfor eg har hatt laurdagskjensle i heile dag. Me hadde ferske rundstykker te frukost og,nam nam.Bent klager over at eg og Marie berre ete botnane på rundstykkene, men han må jo forstå at siden me er jenter liker me hannane best.... Botn på rundstykkene er han,toppen er ho, berre sjå på forma på dei...he he.
Elles har me ikkje gjort så masse i dag,Bent har kjøpt trillebår og plenfrø,så nå vente me berre på litt meir mold og det kjeme i mårå,kanskje. Og så har han vore å klipt seg:) vart så fine atte.
I kveld var me på Byscenen og høyrde på Vamp, det var heilt FANTASTISK flott. Når dei spela Tir na noir og alle sang med, var det nesten så det kom ei tåra, så fint var det:):)
Vamp e favoritt gruppa mi!!!!!


Hurra for:

-fint ver (sol)
-VAMP
-kebab (Bent måtte ha)


Ha ein fortsatt fin fredagskveld og i mårå e det laurdag:)

torsdag, mai 25, 2006

Himmelspretten

Det var herleg å sove til eg vakna av meg sjøl i dag, og ikkje av ringeklokka.....
Koseleg frukost med egg og, tilogmed. Malin for på jobb på Plasset og Bent skulle vere med på Haralseidvågen rundt, ikkje springe altså, men hjelpe til.
Marie sat ei stond på MSN, før ho gjekk opp på bygdahuset for å sjå ka som skjedde der.
Eg gjekk ut for å plokka stein, for me har tenkt å få plen i sommar. Så der sto eg med rompå i veret og plokka te fingrane va såre og ryggen verkte,men det blei knallbra:) ( Eg fekk litt hjelp av Bent på slutten) Me var så fornøyde at me kjørte te pizzabakaren og åt pizza,nam nam, den e kjempegoe:)
Resten av kvelden har eg berre lata meg, mens Bent og ein kompis e ute og fiske, håpe dei får aure, det hadde vore godt te middag i mårå.
I mårå ja, då ska eg og Bent på Vamp konsert på Byscenen,å eg glede meg. Dei e berre heilt fantastiske:) :)
Eg begynte på ei veske i går som eg syr i svart lin med detaljar i raudt og grønt. Det er favoritt hobbyen min å sy saker og ting + masse aent løye.

HURRA FOR:

-nesten ferdig plen
-pizzabakaren
-sy rommet mitt
-Olga Merethe og Krølle
-Malin
-Kenneth
-Marie
-me loves u Bent

onsdag, mai 24, 2006

I dag har eg altså fått meg blogg,eller me har...Malin var så snill å hjelpe mor si med dette. I dag fekk me vete at me kom opp i engelsk skriftleg,greit nok når alternativet var matte.Neste veke er det fullt kjør med eksamen kvar dag , unntatt tysdag. Men, vil ikkje tenke på det nå, for nå er det langhelg, og fri. Bent kom heim i ettermiddag fra Oslo,trøtt som fy, jobb kallar dei det, men eg vett nå ikkje eg....ja ja, kjekt å få han heim var det vertfall. Malin, gudlabadne, kom og heim i dag fra Stavanger. I går rydda eg på syrommet mitt,så nå er det mogeleg å komme seg inn der( flinke du Hilde). Kanskje eg skal sy litt snart, det er lenge sio sist. Nå er det stille i heimen,Marie gjekk ut,Malin leser i eit blad og Bent ser på tv.

Dagens gla for:

Langhelg
Malin kom heim
Ny hårsveis
Spaghetti te middag
Nesten sol i dag