onsdag, februar 28, 2007

Sjønnasen Rasmus er alltid førstemann te å ønskje meg velkommen him, og det gjorde han i dag tidleg og. Han kom tuslande, gjespa og strekte seg, og så strauk han seg rundt beina mine.

Dette er utsikten fra hybelvinduet mitt på Notodden. Masse snø akkurat nå.


På skulen jobbar me fram mot "Åpen dør" i veke 12, der klassane skal presentere det dei jobbar med. Temaet for "åpen dør" er ytring. Eg har valgt å ha "Kjærleik" som ytring. Eg skal då ytre meg i form av eit "forkle" som er på bileta, eg skal redesigne eit objekt, måle it bilete med tempera måling, IKT i form av plakat og Power point presentasjon av heile arbeidsprosessen.


Eg valde å lage "forkle" mitt som ein raud kjole, nesten ein brudekjole, fordi den symboliserer kjærleik for meg. Eg er ikkje heilt ferdig med han,men reknar med å bli det i løpet av helga.
Eit forkle er også eit symbol på kjærleik, for "veien til mannens hjerte går som kjent gjennom magen"



søndag, februar 25, 2007

Ferieslutt

Rasmus pusen har ei utruleg evne til å alltid legge seg oppå det eg held på med. Han er fødd nysgjerrig, og må alltid undersøke svært nøye det eg held på med. Her er det stoff som ligg på golvet når eg klippet ut to skjørt, Hmmm, godt å ligge på.
Og enda betre å bite i, tenkjer han nok.
Eg har vore litt spente på om eg kjeme meg over fjellet i natt, det har vore eit forferdeleg ruskever, men er visst betre no. Det er komt snø på nytt igjen, og det var sleipt på vegen.
Eg har pakka sakene mine, og prøver å tenkje på noko anna enn at eg skal reise. Det er lika trist kvar gong.
I kveld har eg og Bent skreve ned litt av det me kan ønskje oss til bryllupet. He he, det vert mykje rart, og kanskje ikkje heilt typiske bryllupsgåver.


onsdag, februar 21, 2007

Endeleg tilbake:)

Så var eg endeleg tilbake. Eg har hatt litt problemer med å komme meg inn på bloggen min etter at Google overtok,men så kom Malin heim og då ordna det seg,vettu.
I dag skal eg først i bursdag til svigerinna mi, og så skal eg i klubb,og det gler eg meg veldig til. Lenge siden sist nå.
I mårå er det prøving av kjole....
Om kvelden har eg avtale med ei venninne. Hmm. Litt travelt...
Ja ja,men kjekt er det.

mandag, februar 05, 2007

Blå....


Dagen i dag er litt blå.
Eg er tilbake på hybelen min på Notodden. Helga heime var heilt herleg,sjølv om det vart litt travlare enn me hadde tenkt. Det er koseleg med besøk av søskenbarna til Marie.
Avogtil så lurer eg på kva i all verden eg gjere her borte, når eg har alle dei eg er glad i på andre sia av fjellet.









Her er det fortsatt snø og kaldegrader,det er ganske flott, og står i sterk kontrast til alt regnet heime i Skjold.
I morgon skal me i praksis, og eg kan ikkje sei at eg gler meg. Det er ein ganske rar skule, både elevar og ikkje minst nokre av lærarane. Nei, eg skal ikkje klage, det blir nok kjekt. Det er vel kanskje ikkje rette dagen.









Fine fargar som får meg i godt humør. Eg lengtar mot våren,og alt som spirer og gror. I dag, på veg til skulen, såg eg to ekorn. Det eine sprang over vegen rett framfor meg. Søte dyr:)


I kveld startar "criminal minds" opp igjen. *glermegmasse*