fredag, desember 22, 2006

*Pittelitlajulafta*

Så er me komne til den pittelitla julafta, og Rasmus ligg å følger med på alt som skjer rundt han i huset.

Nå er det meste klart, det er berre igjen å pynta treet, og det gjere eg i mårå kveld før eg legge meg. Det er lika kjekt kvart år når eg finner fram pynten, det er nesten som å treffe gamle venner. Desse figurane er eg veldig glad i, knallsøte, synest eg:)


Kjøkkenet har fått litt julepynt det også.



Min kjære tar ein velfortent kvil etter å ha vaska badet og golva i heile huset. Du er flink:)


Her ligg nokre av pakkane å vente på å få komma under treet. Dei ligg der å fristar alle som går forbi. Eg har ikkje funnet nokon pakke som er til meg i den haugen, merkeleg..........




Eg har sydd ein del vesker den siste tida,og dette er dei siste eg har sydd. To av dei erbestilte, og ei skal ei som eg er tante til få i julegåve. Det er den øverst til venstre, og det er sønnen hennar som er på biletet. Håpar at den fell i smak.
Denne veska er det ei i Etne som skal ha, ho kjem å hentar den i mårå. Eg håpar at ho vert fornøgd.

I mårå kveld kjem Malin heim, og det vert kjekt. Ongane skal feire jul her hos oss, så det skal bli koseleg. Eg gler meg til pinnekjøtet,nam, nam:)

Ingen kommentarer: