Litt sollys på veggen skadar heller ikkje,
gor det har me ikkje sett for mykje til denne hausten.
og eg har sjølvsagt ei uglepute også.
..ein blogg om kvardagslivet, saker og ting eg lagar, og Frøken Fryd kafè & interiør..
* Søte og fine Rasmus*
Elles går livet sin vante gang,
...og i dag vart det ein heil bukett av kvite roser på spisebordet. Eg likar å ha friske blomar på bordet til helga, etter at eg har gjort reint. Det var belønning til meg sjølv i dag, for godt utført arbeid...hehe. *skryte skryte*
Rasmus pusen tek livet med ro, og favoritt plassen hans er oppå spisebordet.....umuliussen:o)
I ettermiddag tok eg meg ein gåtur for å finne litt grønt og nyper til å lage ein haustkrans av. Ein kan fortsatt finne litt fargerike blomar i vegkanten trass i all nedbøren me har hatt.
Blada har vakre fargar nå, men eg saknar litt av den intense raudfargen som dei avogtil får.
Nypene heng fortsatt med vassdråpe på seg, dei får ikkje tid til å tørke mellom regnskura.
Haustkransen vart til i kveld medan mannen såg på "Ladder 49" på tv. Eg sat på golvet og jobba, og gløtta litt på filmen innimellom.