onsdag, november 08, 2006

Onsdag,det er jo midt i veka det:)

Nå er eg på nett på hybelen og. Jippi. Eg har fått meg ein berbar pc som eg tok med meg hit, kan komme godt med det. Eg hadde litt problemer med å komme på nettet dei første dagane,men så fann me ut at det var feil kabel. Så då var det berre te å ta seg ein spasertur ned te by`n og få tak i ein kabel som passa,og gå heile vegen opp igjen. Gjere godt med ein trimtur iblant.
Utstillinga i helga gjekk fint,men det var ikkje det store salet for min te det del. Det har blitt nokre bestillingar på vesker, så litt er det jo.Utstillingen skal stå til søndag så det er nokre dagar igjen. Den 18 november skal eg vere med på julemessa i Vikebygd,så då er det greit at eg har litt igjen så slepp eg å jobbe så masse. Eg har ikkje fått lagt ut bileter fra utstillingen,men det kjem snart.
Her på skulen går det greit,me jobbar med leire, og skal lage objekter i dialog.Eg kan ta bileter av dei og, og legge dei ut så de kan sjå kva me tutle med. I tillegg har me stilleben teikning med kol,og her har me verdens raraste lærar. Ikkje godt å få eit fornuftig svar utav han, men eg har likavel sansen for han.
I mårå er det pedagogikk, og eg burde ha lest litt,men eg er ikkje så opplagde te det,merkeleg.....
Snakka med Malin og i dag, hmmm, her er det noko på gang, ja:)
Eg har tippa viking lotto og joker i dag, tenk om eg kunne vunne:):):)
Nå er det berre to dagar te eg skal heim, jabba dabba do:)

Ingen kommentarer: